Ordbank

  B7

Advent – kristen høgtid som markerer førebuingane til jul. Ordet tyder komme

Apartheid –  var eit system i Sør-Afrika fram til 1994 der ein skilde mellom menneske med ulik hudfarge.

Apostel – utsending og forkynnar og blir brukt om disiplane og Paulus

Asket – ein som har trekt seg attende frå det vanlege livet og lever enkelt

Astrolog –  bruker kart over korleis planetane stod i fødselsaugneblinken for å finne ut noko om ein person

Atterføding – at sjela blir fødd igjen i ein ny kropp

Avatar – innanfor hinduismen når ein gud som har stige ned til menneska i form av eit dyr eller eit menneske

Barneombodet – skal vere talsperson for barn og unge i Noreg. Barneombodet er tittelen til ein person, men det er også namnet på eit kontor der det arbeider om lag 20 personar

Bibel – er den heilage bopka i kristendommen. Bibelen er den boka i verda som er omsett til flest språk

Bifil – er tiltrekt av begge kjønn

Biologi – læra om livsprosessen i planter og dyr

Biskop – er den høgaste kyrkjelege stillinga i eit bispedømme

Bodhisattva – ein som har nådd oppvakning, og som vel å bli verande i verda og hjelpe alle andre til å nå oppvakning

Bot –  å gjere opp for seg når noko er gjort gale

Brennoffer – noko som blir brent til ære for gudar, ofte dyr

Demokrati – folkestyre. Fleirtalet av befolkninga har makt gjennom frie val. Kjem av dei greske orda «demos», som betyr folk, og «kratos», som betyr styre

Dialog – ein samtale mellom to partar der dei utvekslar synspunkt

Diaspora – landflyktigheit; når ei gruppe av eit trussamfunn bur i fleire land med ein annan religion. Ordet nyttest særleg om jødar som bur utanfor Israel

Disippel – lærling, elev eller tilhengjar

Erkjenning – å skaffe seg innsikt eller kunnskap

Etikk – læra om korleis vi bør leve, om kva som er rett og kva som er gale

Etikk – tankane eller teoriane om kva som er rett eller gale

Evangelia – forteljingane om Jesu liv, død og oppstode. Matteus, Markus, Lukas og Johannes er dei fire evangelia i Det nye testamentet

Fanatisme – er overtydinga om at det standpunktet ein sjølv har, er det einaste sanne

Faste – betyr at ein ikkje et i eit tidsrom, et lite eller å ikkje et kjøtt. Faste er vanleg i fleire religionar, men på forskjellige måtar. Det er vanleg at fastetida gir større plass for refleksjon og bøn

Filosofi – kjærleik til visdom

Fordom – vil seie å ha gjort seg opp ei meining på førehand utan å undersøkje kva som er rett

Formane – å oppfordre sterkt

Formålsparagraf er eit overordna mål for ei verksemd

Forråde – å svike

Fundamentalisme – ordet nyttast om bestemte retningar innanfor religionar. Dei som høyrer til ei slik retning, meiner at deira tru er den einaste rette for alle menneske. Dei heilage skriftene gir den bokstavlege sanninga

Fundamentalist er ein person som trur at dei heilage skriftene i religionen hans eller hennar må følgjast heilt bokstavleg på alle område i livet. Dette gjeld både for enkeltmenneske og for samfunnet. Ordet har eit negativt innhald fordi det ofte knyttast til personar eller grupper som er ekstreme, og som er viljuge til å bruke terror og vald for å nå måla sine.

Gen – arveanlegg

Gjetar – eller hyrding –  passar på sauer og finn godt beite til dei

Guru –  ein religiøs rettleiar

Heilag – noko guddommeleg, noko opphøgd og annleis

Helgen – er i kristen tradisjon ein heilag person. Ein heilag person har levd livet sitt slik at han eller ho er eit førebilete for andre

Heterofil – er tiltrekt av ein av motsett kjønn

Homofil – er tiltrekt av ein av same kjønn

Human – betyr menneskeleg eller menneskevennleg

Humanitært arbeid – er å hjelpe andre menneske som har det vanskeleg

Hypotese – ein teori eller ei førestilling om noko som må undersøkjas

Hyrding – eller gjetar  –  passar på sauer og finn godt beite til dei

Identitet – sjølvforståing, særpreg

Imam – ein person som leier fellesbønna i ei muslimsk forsamling. Det er vanleg at han har teologisk utdanning

Innvie – kan bety å gjere ein stad heilag

Kalligrafi – skrivekunst

Kantor – ein forsongar i den jødiske forsamlinga  som leier gudstenesta

Karismatisk –  ein person som er karismatisk, har nådegåver, personleg utstråling og leiareigenskapar. Ei nådegåve kan til dømes vere å tale i tunger

Kjønnsdelt arbeidsmarknad –  vil seie at det finst typiske kvinne- og mannsyrke

Konfirmasjon – av det latinske ordet confirmare som betyr både å stadfeste og å gjere sterk

Konservativ – å ta vare på og halde fast på det som er, i mosetnad til radikal

Konvensjon – ein avtale som ein må følgje

Konvertere – vil seie at eit menneske går over frå ein religion til ein annan religion

Kriste – kjem frå namnet Kristus og betyr ein som høyrer til kristendommen

Kulturarv – tradisjonar, tankar og levemåtar som gjennom lang tid har prega livet til menneske

Kyrkjelyd – dei som er til stades under ein gudsteneste, eller dei som høyrer til den lokale kyrkja

Legende – ei forteljing som inneheld noko faktastoff og noko fantasistoff

Lekfolk – vanlege medlemmer som ikkje er utdanna innanfor den religionen dei høyrer til. I buddhismen er det alle som ikkje er munkar eller nonner

Liberal –  tolerant eller utan fordommar. I religiøs samanhang tyder ordet liberal å ville tilpasse religionene til det moderne samfunnet

Likning – ei forteljing frå dagleglivet med ei djupare meining

Livssyn – ein heilskapleg måte å tenkje om livet og verkelegheita på

Martyr – ein person som døyr for noko han eller ho trur på

Meditasjon –  betyr stille ettertanke. Det er mange former for meditasjon

Messe – eller høgmesse er eit anna namn for gudsteneste

Messias – ein kongetittel, det betyr ein som er salva eller innsett til konge

Minoritet – betyr mindretal, til dømes ei folkegruppe som er i mindretal i eit område

Mirakel – ei overnaturleg hending, eit under

Moral – handlingane våre, det vi gjer i praksis

Mystikk –  noko åndeleg, overnaturleg eller uforklarleg

Nattverd – eit måltid om kvelden. Det er ei kristen, liturgisk handling med utgangspunkt i Jesu siste måltid med disiplane før han blei krossfesta

Nedstiging – når ein gud kjem ned på jorda i ein eller annan skapnad for å hjelpe menneska.  Ei slik nedstiging kallar hinduarfor avatar

Nisje – ei firkanta eller bogen fordjuping i ein vegg

Nåde – i religiøs samanheng tyder det godheit, mildskap og tilgiving

Nådegåve – er evner Gud gir menneska til bruk i kristenlivet, til dømes å tale i tunger

Ombod – kan vere tittelen til ein person, men det er også namnet på eit kontor der det arbeider fleire personar.

Omskjering – skjer i nokre religionar og kulturar: gutar får fjerna forhuda på kjønnsorganet. Omskjering av jenter vil seie at det blir skore bort delar av kjønnsorgana. Dette gjer svært vondt og fører ofte til problem seinare i samband med seksualitet og barnefødslar

Openberre å gjere kjent noko som har vore skjult, avdekke noko – ofte på ein overnaturleg måte

Opium – eit narkotisk stoff som kan verke sløvande

Oppvakning – seie at ein ser sanninga slik ho verkeleg er i alle ting, i verda og i universet. Ein er då fri for negative tankar og kjensler som for eksempel sinne, misunning og begjær og føler berre kjærleik og medkjensle for alt levande

Ordinert –  å bli ordinert innanfor buddhisme betyr at munkar og nonner gir dei lovnadene som er knytte til det å bli munk og nonne, og at dei blir godtekne av klosteret

Ornamentikk – ein bestemt type utsmykking, utsmykkingskunst

Ortodoks – rettruande. Her er det kjenneteikn på dei som lever meir tradisjonsbunde innanfor jødedommen

Overgangsrite – ei viktig hending i livet til eit menneske, som fødsel, ekteskap og død

Pakt – avtale eller overeinskomst

Paktkista – kista som inneheldt steintavlene der dei ti boda var skrivne opp

Pilegrimsmål – ein heilag stad som dei truande innanfor ein religion reiser til

Pinse betyr 50 og blir feira 50 dagar etter påske. Pinse er til minne om at Den heilage Ande kom til disiplane. Pinsa er også fødselsdagen til kyrkja

Preike – ein tale som ein religiøs leiar held

Prest – ein person med teologisk utdanning som er innvigd til å gjere teneste i for eksempel ein kyrkjelyd

Profet – ein person som kan gjere kjent ein bodskap frå Gud

Psykologi – læra om bevisstheitslivet hos mennesket

Puja – for hinduar «å gi ære til»  gjennom ofring. For buddhistar er det å resitere vers og tekstar for å minne seg sjølv om Buddhas lære

Påske – betyr å gå forbi. Det har bakgrunnen sin i forteljinga frå Det gamle testamentet der dødsengelen gjekk forbi huset til israelittane og drap alle førstefødde i Egypt før farao lét israelittane dra bort frå landet.

Rabbinar – ein person med teologisk utdanning og som er leiar i ei jødisk forsamling

Rasjonell – ein tenkjemåte som er bygd på fornuft. Irrasjonell er det motsette

Reformasjon – betyr endring, fornying eller omvelting gjennom reformar. Den kristne reformasjonen på 1500-talet skapte den protestantiske kyrkja

Renessansen – tidsperiode på 1350-talet i Europa da filosofien, kunsten og kulturen i antikken blei populær. Ordet renessanse betyr atterføding, det å bli fødd om att

Resitere – opplesing eller deklamasjon i bestemte rytmar og tonefall

Ritual – ei ordning eller eit bestemt program i ein seremoni

Rituelle reglar – reglar ein skal følgje når ein praktiserer ein religion

Seremoni er ei høgtidlig handling med eit bestemt innhald, eit ritual

Solidaritet betyr samhald og fellesskap

Stamfar – den første mannen i ei stor slekt

Stupa – ein bygning som inneheld oske etter Buddha. I Kina og Aust-Asia kallar dei desse bygningane for pagodar. Stupaene har ulik utforming frå land til land. Både stupaer/pagodar og tempel er heilage bygningar i buddhismen

Sure – eit kapittel i Koranen

Symbolsk – at eit ord eller eit tal kan bety noko meir enn seg sjølv, noko abstrakt

Synd – ei handling eller ein tanke som stris imot Guds vilje. Det at menneske kan synde, er det som skil dei frå Gud

Taliban – ei islamsk fundamentalistisk rørsle i Pakistan og Afghanistan. Taliban meiner mellom anna at kvinner ikkje skal gå på skule eller få utdanning, heller ikkje ha arbeid utanfor heimen. Kvinna skal vere underordna mannen og lyde han

Teologi – læra om Gud eller gudar

Toleranse – å tole eller akseptere meiningane, handlemåten og veremåten til andre. Forståing og tolsemd for meiningane og oppførselen til andre, også det vi er usamde i eller ikkje liker

Toraen – dei fem Mosebøkene i den jødiske bibelen. Dei blir rekna som dei heilagaste tekstane for jødane

Tradisjon – sed, skikk og sedvane; noko ein plar gjere

Under – ei postitiv, unaturleg hending, noko som ut frå menneskeleg tankegang ikkje kan skje

Ur – betyr noko som er svært gammalt, noko opphavleg

Vanhelge – å krenkje noko som er heilag

Vekking – når ein person har ei personleg oppleving av Gud. Det tenner eit engasjement som spreier seg blant folk

Vernehelgen – ein helgen som nokre trur vernar eit område, ein person eller ei folkegruppe

Yoga – øvingar som skal gje mennesket ro og konsentrasjon

Yogi –  ein som praktiserer yoga