Kristendommens historie

  KR.hist_2

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • fortelje om viktige hendingar i kristendommen si historie frå reformasjonen og fram til vår tid med hovudvekt på utviklinga i Noreg. Det kan vere reformasjonen, pietismen, opplysningstida, Hans Nielsen Hauge, religionsfridom og religiøst mangfald i landet

 

Kyrkjehistorie

 

Kristendommen kom til Noreg

Kristendommen er ein misjonerande religion. Dei første kristne fortalde om Jesu liv, død og oppstode til menneske i samtida si. Desse fortalde så dette vidare att. Evangeliet om Jesus Kristus spreidde seg rundt i verda som ringar i vatn. Til Noreg kom kristendommen i vikingtida, som tok til rundt år 800. I løpet av eit par hundre år hadde ei ny tru fått fotfeste i landet. På den tida og fram til 1500-talet var kyrkja i Noreg ein del av Den katolske kyrkja med paven i Roma som øvste leiar.

? Kva veit du om Den katolske kyrkja?

 

Veit du at mange kristne kyrkjer i Noreg blei bygde på gamle hov, stader der det tidlegare var blitt dyrka norrøne gudar. Privatpersonar eigde fleire av dei første kristne kyrkjene.

 

Reformasjonen

På 1500-talet skjedde det store endringar i Europa, både innanfor kyrkja og i samfunnslivet elles. Ein av dei som påverka kyrkja, var den tyske presten Martin Luther. Som ung hadde han ei religiøs uro og lurte på korleis det ville gå dersom han plutseleg skulle døy. Ein dag opplevde han eit kraftig torevêr. Han blei livredd og trudde det var Gud som straffa han. Derfor blei han munk, levde etter strenge reglar og bad mykje. Han strevde med korleis han skulle bli godteken av Gud.

Statue av Martin Luther. Statue av Martin Luther.

Ein dag Luther las i Bibelen, var det plutseleg noko som gjekk opp for han. Han las at Gud godtok menneska fordi dei trudde på Jesus Kristus. Ingen blei godteken av Gud ut frå det dei gjorde eller ikkje gjorde. Gud var ikkje ein streng dommar, men ein kjærleg far. Han godtok menneska og tilgav dei syndene deira, det gale dei hadde gjort. Guds tilgiving av synd kallar Bibelen nåde. Nåden er Guds gåve til menneska. Frelse er å bli godteken av Gud på grunn av trua på Jesus. Luther sat i eit tårnrom i klosteret da dette gjekk opp for han, derfor er dette kalla tårnopplevinga.

På den tida selde Den katolske kyrkja avlatsbrev. Når folk kjøpte slike brev, fekk dei tilgiving for det gale dei hadde gjort. Dette var særleg utbreidd i Tyskland, der Luther budde. Inntektene frå breva gjekk til å byggje den nye Peterskyrkja i Roma. Luther kritiserte dette kraftig. Han meinte at ingen kunne kjøpe seg fri frå synd. Guds nåde var gratis til dei som trudde på Jesus. Luther ville fornye kyrkja, men det blei eit brot mellom han og Den katolske kyrkja. Luthers arbeid førte til reformasjonen og til at det blei danna lutherske kyrkjer som kom til å spreie seg over heile verda.

 

Veit du at etter reformasjonen slutta Luther som munk og gifta seg med Katarina von Bora. Dei fekk seks barn.

Veit du at Luther blei bannlyst av Den katolske kyrkja, kasta ut av kyrkja og lyst fredlaus på grunn av kritikken av kyrkja.

Veit du at Luther blei kidnappa av venner og skjult i eit kloster der han omsette Bibelen til tysk. 

 

  Kr.hist_7

 

Reformasjonen i Noreg

Noreg var ein del av kongeriket Danmark-Noreg. I 1537 vedtok kongen i København at kyrkja skulle gå frå å vere romersk-katolsk til å følgje den lutherske læra. Den katolske kyrkja blei forboden, og det kom ei lov som nekta katolske prestar, munkar og nonner å komme inn i landet. Den lutherske forståinga av kristendommen var den einaste som var lovleg. Slik var det i over to hundre år, fram til 1845.

Overgangen frå ei katolsk til ei luthersk forståing av kristendommen førte til store endringar:

  • Dei katolske prestane måtte anten gå over til den lutherske læra eller slutte.
  • Ein luthersk prest kunne vere gift, det kunne ikkje ein katolsk prest.
  • Klostra med munkar og nonner forsvann.
  • Gudstenesta fekk ei anna form, og språket i gudstenesta blei norsk. Tidlegare hadde ho gått føre seg på latin.
  • Mange heilagdagar som var knytte til katolske helgenar, blei fjerna.
  • Statuar og helgenbilete frå den katolske tida blei fjerna frå kyrkjene, nokre blei øydelagde.
  • Det var ikkje lov å be til Maria og andre helgenar.

 

1600-talet

1600-talet blir kalla ortodoksien si tid eller rett lære-tid. Det var ei veldig streng tid da det berre var Bibelen som kunne fortelje kva som var rett – ikkje tradisjonen, fornufta eller kjenslene.

Prestane var opptekne av å utforme den lutherske læra slik at folk forstod henne og følgde henne. Dei som meinte noko anna enn det kyrkja meinte, kunne bli straffa. Dei blei kalla kjettarar. Mange menneske blei torturerte og avretta. Det var ikkje alltid kyrkjeleiarane som stod i spissen for slike prosesser, det kunne også vere dei statlege styresmaktene.

I 1660 blei det innført einevelde i Danmark-Noreg. Kongen fekk no all makt. Han var også den øvste leiaren for kyrkja. Kyrkjerett og alminneleg rett blei ofte blanda saman. Dei ti boda blei lesne opp i rettssalane, og prestar og biskopar kunne vere dommarar i retten. Det var strenge straffer for folk som hadde gjort noko gale.

På 1500- og 1600-talet blei mange kvinner og menn skulda for å vere hekser. Hekseforfølgingane blir ofte kalla eit svart kapittel i Europas historie. Skuldingane mot desse menneska gjekk ut på at dei dreiv med trolldom, som for eksempel å kaste forbanningar og sjukdom over folk og dyr. Dei blei kalla trollkvinner og trollmenn, og somme meinte dei samarbeidde med djevelen. Historikarane reknar med at rundt 100 000 personar blei skulda for trolldomssaker, og nesten halvparten av dei blei avretta. Straffa var ofte å bli brend på bålet på ein offentleg stad. I Noreg blei rundt 300 personar skulda for trolldom og brende på bålet. Over 80 prosent av desse var kvinner.

 

? Kvifor trur du det var flest kvinner som blei skulda for å vere hekser?

 

Veit du at på 1500- og 1600-talet gjekk alle til gudsteneste i kyrkja på søndagar. Presten heldt ofte lange taler. Nokre tilsette gjekk rundt med lange stokkar og vekte dei som sovna under preika.

 

Petter Dass

Det var ikkje berre mørk og alvorleg kristentru på 1600-talet. Det fanst òg kristne som levde ut ei frodig og glad tru. Ein av desse var den norske diktaren Petter Dass (1647-–1707). Far hans døydde da Petter var liten, og mora kunne ikkje forsørgje guten. Derfor voks han opp hos nokre slektningar. Petter Dass tok utdanning i København og blei prest på Alstahaug i Nordland. I studietida og i dei første arbeidsåra var det dårleg med pengar til både bøker og mat. Etter kvart blei han velståande. Han var allsidig, både prest, diktar, bonde, fiskar og handelsmann.

Petter Dass gløymde aldri korleis det var å ha det vanskeleg og vere fattig. Han brukte tid og pengar på å hjelpe andre. Da han døydde, var det stor sorg blant folk. I over hundre år hadde fiskebåtane eit svart tøystykke i seglet til minne om den populære presten. Med folkeleg språk og frodige skildringar sette han spor etter seg som diktar. Det mest kjente diktet hans er «Nordlands trompet». Dikta hans var fulle av varme og nestekjærleik. Han er òg kjend for å dikte salmar som gjorde kristendommen forståeleg for folk flest. Her er det første verset av ein kjend salme:

 

Herre Gud, ditt dyre namn og æra Kr.hist_11

over verdi høgt i akt skal vera,

og alle sjeler og alt som mæler,

dei lydt skal prisa Ditt namn og visa deg æra.

Norsk salmebok nr. 268

 

?  Kva meiner du dette verset handlar om?

 

Pietismen

Etter kvart reagerte folk på at det blei lagt så stor vekt på den rette læra. Somme meinte det førte til at det blei lite merksemd rundt det levande kristenlivet. «Kristendommen må komme frå hovudet og ned i hjartet og hendene», blei det sagt. På 1700-talet voks det fram ei rørsle som la vekt på ei levande, personleg tru. Denne retninga blei kalla pietismen.

Pietismen oppstod i Tyskland. Danmark-Noreg var eitt av dei landa der pietismen fekk stort gjennomslag. I Noreg har pietismen prega delar av kristenlivet heilt fram til vår tid. Den eineveldige kongen i København innførte lover og reformer som gjorde pietismen til den offentlege forståinga av kristendommen i landet. Alle måtte gå til kyrkja på søndagar. Dei som ikkje gjekk, kunne straffast med bøter og gapestokk. I 1741 blei det vedteke ei lov som gav prestane einerett til å forkynne. Husmøte med fleire enn dei som budde i huset, var berre tillate dersom presten var til stades eller hadde gitt løyve. Denne lova blei kalla konventikkelplakaten og varte i 101 år. Kr.hist_12

Pietismen prega forkynninga. Mange hadde husandakter i heimane. Bibellesing og bønn var sentralt. Dette fornya og utvikla den kristne fellesskapen og auka kunnskapen om den kristne trua. Kvinnene deltok meir aktivt i religiøs verksemd. Dei hadde eigne samlingar der dei las og snakka om bibeltekstar. Det blei lagt vekt på å ta den kristne trua på alvor. Mange praktiserte kristendommen sin med djupt alvor, hadde ein nøktern livsstil og var kritiske til sider ved kulturen. Dei meinte til dømes at teater, dans og kortspel var synd. Men det var lokale variantar av korleis kristendommen blei praktisert. Det viser at livsstilen like mykje var eit resultat av kulturen som av forkynninga til kyrkja.

På den tida var det mange i Noreg som drakk mykje alkohol. Det kunne føre til fattigdom, arbeidsløyse og vanskelege forhold for familien. For mange førte ei omvending til kristendommen til eit nytt og betre liv utan alkohol, festing og slåsting. Den kristne fellesskapen var ei stor støtte slik at livet fekk ei anna retning og ei ny og betre meining.

Pietistene la vekt på at alle kristne hadde ansvar for å drive misjon. Presten Tomas von Westen blei leiar for misjonen i Finnmark. Han brukte heile livet på denne verksemda og fekk tilnamnet «samanes apostel». Presten Hans Egede drog til Grønland og blei kalla «Grønlands apostel».

 

? Kvifor trur du gapestokken blei brukt som straffereiskap? Korleis kan menneske bli «uthengde» i vår tid?

 

Veit du at på søndagar samla folk seg på kyrkjebakken etter gudstenesta. Mange hadde med seg mat og slo seg til for å få ein prat med naboane. Her blei det forkynt nytt frå fjern og nær, gitt viktig informasjon og lyst til bryllup. Nokre gonger var det dans og leik, og mange fann ein kjærast i ein slik samanheng. Det kunne bli selt alkohol på kyrkjebakken, ikkje alle prestane tok eit oppgjer med det. Her kunne også dei som hadde gjort noko gale, bli straffa ved å bli sett fast med hender og hovud i gapestokken.

 

Konfirmasjon

Pietismen la vekt på at folk skulle ha kunnskap om den kristne trua. Det førte til at konfirmasjonen blei innført i landet i 1736. Lova kravde at alle skulle konfirmerast. Ein måtte ha stått til konfirmasjon for å få lov til å gifte seg, vere fadder for dåpsbarn, vitne i rettssaker og gjennomføre militærteneste. Kongen ønskte at opplæringa skulle bli så lik som mogleg for alle. Derfor blei hoffpresten Pontoppidan engasjert til å skrive ei lærebok for konfirmasjonsopplæringa. I 1737 kom boka Sannhet til Gudfryktighet. Denne inneheldt 759 spørsmål med svar. Mange svar måtte puggast utanåt. Dei flinkaste pugga svar som kunne vere opptil ei heil side lange. Boka blei brukt i skolen og til konfirmantundervisninga i over 150 år. Alle måtte stå til konfirmasjon fram til 1912.

 

Veit du at: Her er eit døme på spørsmål og svar frå Pontoppidan: «Trur du det er ein Gud?» «Ja, for verda kan umogleg ha gjort seg sjølv. Ho må vere skapt av ein som er eldre og høgare enn alt det skapte, eit evig vesen, som er Gud.»

 

Skole for alle Kr.hist_16

For å vere med i konfirmasjonsopplæringa måtte alle kunne lese. Derfor blei det i 1739 innført ei lov som sa at alle skulle få undervisning frå sjuårsalderen. Dette galdt både gutar og jenter. Tidlegare var det berre nokre få som hadde fått undervisning. Skolen skulle først og fremst gi kristendomsundervisning og leseopplæring. Det er pietismen som la grunnlaget for den skolen vi har i dag.

 

?  Kvifor er det viktig for eit folk og eit land at barna går på skole og får utdanning?

 

Opplysningstida

Kr.hist_17

Utover på 1700-talet blei det gjort mange store vitskapelege framsteg. Nye maskinar blei oppfunne, somme drog på oppdagingsreiser, og filosofane tenkte nytt. Det var stor tru på den menneskelege fornufta som grunnlag for kunnskap og lærdom. Fornufta blei ein slags dommar eller målestokk på alle område i livet, også når det galdt religionen.

Mange meinte at menneska måtte rive seg laus frå gamle autoritetar og kritiserte kyrkja for at ho dominerte for mykje i samfunnet og over menneska sine liv. Det rådde eit optimistisk syn på kva mennesket kunne gjera, og eit positivt syn på kulturlivet. Filosofane meinte at mennesket frå naturen si side var godt. Det nye menneskesynet førte blant anna til betringar i rettsvesenet som meir humane straffer og betre soningstilhøve i fengsla. Hekseprosessane og forfølginga av kjettarar slutta.

Mange prestar var prega av ideane i opplysningstida. Dei la vekt på at kristendommen skulle samsvara med fornuftig tenking. Forkynninga var meir prega av Guds kjærleik enn av kjensler, synd og oppfordring til personleg omvending. Mange prestar såg det som ei oppgåve å drive med folkeopplysning og heve kunnskapsnivået blant folk.

 

Kr.hist_18

 

I Noreg brukte òg nokre prestar preika i gudstenesta på søndagar til å snakke om jordbruk, fiske og hushald. Somme blei kalla potetprestar fordi dei arbeidde for at folk skulle begynne å dyrke den nye rotveksten, poteta. Den allmenne helsetilstanden blant folk var dårleg, og poteter var næringsrike og godt eigna til å vekse her i landet. Spesielt viktig blei dette når det var naud og krig. Under Napoleonskrigane rundt 1800 reknar ein med at mange nordmenn overlevde blant anna på grunn av poteta. Utan poteter ville mange ha døydd av svolt.

Denne tida er kalla opplysningstida. Tankane frå denne rørsla levde side om side med pietismen.

 

Hans Nielsen Hauge

Hans Nielsen Hauge blei fødd på garden Tune i Østfold i 1771. Som ung var han arbeidsam og oppteken av religiøse tankar. Ein gong han og faren skulle krysse ei elv for å hente høy, heldt han på å drukne. Den skremmande opplevinga førte til at han tenkte mykje på Gud og døden. Ein vårdag da Hauge var 25 år, gjekk han bak plogen og song. Plutseleg blei han liksom teken ut av kvardagen. Han følte han blei løfta opp til Gud og fylt av ei ubeskriveleg glede. Der og da opplevde han at han fekk ei oppgåve av Gud: Han skulle fortelje andre om den kristne trua.

Hauge begynte å fortelje om Gud til sine næraste. Han snakka eit språk alle forstod og meinte kristne skulle leve enkelt og vere arbeidsame. Iveren og engasjementet hans smitta, og fleire kom for å høyre på bondesonen. Etter kvart reiste han rundt som predikant og heldt møte heime hos folk.

Hauge var ikkje berre forkynnar. Han skreiv fleire bøker som han anten selde eller gav bort på reisene sine. Ofte strikka han mens han gjekk frå stad til stad. Luer, vottar og sokkar gav han bort til dei som trong det. Det var mange fattige i landet på den tida. Hauge hjelpte til med arbeidet der han kom, og var svært praktisk av seg. Etter kvart starta han sagbruk, møller, boktrykkeri, saltkokeri og papirfabrikkar. Ofte fekk han arbeidet godt i gang, gav bort verksemda til dyktige medarbeidarar og gjekk vidare. Hauge var oppteken av pietistiske tankar og var ein del av den pietistiske tradisjonen i landet.

? Kva trur du skal til for at rike folk gir bort heile eller delar av formuen sin til dei som er fattige?

  Kr.hist_20

 

Motstand

Hauge støtte på store problem. I 1741 var konventikkelplakaten blitt vedteken, og Hauge fekk ikkje lov til å halde møte. Somme oppfatta han som ein opprørar og så på handels- og næringsverksemda hans som eit trugsmål. Han blei derfor arrestert fleire gonger. Men straks han var ute av fengselet, heldt han fram verksemda si.

I 1804 blei Hauge arrestert på ny, og denne gongen tok det ni år å granske saka hans. Det var elendige forhold i fengselet. Hauge var vand til å vere i aktivitet, og åra i fengselet gjorde han sjuk. Ein gong slapp han ut av fengselet i ein liten periode fordi det var mangel på salt. Hauge fekk i oppdrag å byggje opp saltkokeri langs kysten. Men straks arbeidet var ferdig, blei han fengsla att. Etter sju år var han så sjuk at han heldt på å døy. Da blei han sett fri i påvente av ein dom. Dommen kom to år seinare. Han blei dømd til to års slavearbeid. Hauge anka, og dommen blei redusert til ei bot på 1000 riksdalar. Det var umogleg for han å betale dette, for styresmaktene hadde beslaglagt alle eigedommane hans. Men han fekk hjelp av vennene sine.

Dei siste åra budde han på ein gard i nærleiken av Oslo. Helsa var øydelagd, så han kunne ikkje reise meir. Men han heldt fram med å skrive bøker, og garden blei eit religiøst senter der folk kom på besøk. Det sterke engasjementet for den kristne trua var ei drivkraft for Hauge gjennom hele livet. Den siste helsinga hans da han døydde i 1824, var: «Følg Jesus.»

 

? Kva trur du eit fengselsopphald kan gjere med eit menneske?

 

Ei ny tid

På Hauges tid var kyrkja ein viktig samlingsstad i både by og bygd. Dei fleste gjekk til gudsteneste, og kunngjeringar om for eksempel skatt, vegarbeid og giftarmål blei lesne opp i kyrkja. Presten hadde stor autoritet, noko som gav han makt. Han leidde kyrkja sitt arbeid og var ofte ein leiar for lokalsamfunnet, for arbeidet med skole, og for arbeidet blant dei fattige.

Gjennom Hauges verksemd hadde mange lært å protestere mot styresmaktene, argumentere for standpunkta sine og ta ansvar for vala sine. Fleire huginarar var bevisste samfunnsborgarar som blei leiarar i lokalsamfunnet. I 1814 blei Noreg rive laus frå unionen med Danmark og kom i ein ny union med Sverige. Noreg fekk si eiga grunnlov, og mange haugianarar blei valde inn på Stortinget. Hauge meinte kvinnene kunne forkynne på lik linje med mennene, og nokre kvinner blei derfor leiarar. Men dette likestillingsarbeidet fekk etter kvart mindre å seie blant haugianarane.

Hauge meinte at prestane ikkje skulle ha einerett til å forkynne i kyrkja. Derfor blei verksemda hans kalla ei lekmannsrørsle. I 1842 blei konventikkelplakaten oppheva. Etter kvart blei mykje av arbeidet i kyrkja gjort av andre enn presten. Foreiningar og organisasjonar med ivrige lekfolk voks fram. Indremisjonen arbeidde for å spreie evangeliet i vårt eige land, og misjonsorganisasjonar sende misjonærar til andre land. Predikantar drog frå stad til stad og heldt kristne møte. Møta blei ofte haldne i private heimar. Etter kvart blei det bygd bedehus rundt i bygdene der folk samla seg til møte, misjonsfestar og basarar.

Lekfolk er folk utan teologisk utdanning. Ein predikant er ein som forkynner ein religiøs bodskap. Lekfolk er folk utan teologisk utdanning. Ein predikant er ein som forkynner ein religiøs bodskap.

  

Den norske kyrkja og kyrkjelege organisasjonar

Den norske kyrkja var den offisielle kyrkja i Noreg da Hauge levde. Hauge ville skape engasjement og fornying innanfor denne kyrkja. Arbeidet hans førte til at det blei danna nye organisasjonar og foreiningar.

Misjon skapte stort engasjement. Det Norske Misjonsselskap (NMS) blei starta i 1842 og var Noregs første misjonsorganisasjon. Misjonærar som blei sende ut til andre land, lærte seg det lokale språket, laga ordbøker og grammatikkar og samla eventyr og folkesongar der dei kom. Det hadde mykje å seie for sjølvstendet og identiteten  til lokalbefolkninga. I dag er NMS eit stort misjonsselskap med rundt 3000 foreiningar rundt i landet og 100 misjonærar på fire ulike kontinent.

Det var ofte kvinnene som dreiv misjonsarbeidet. Dei arrangerte ulike kvinneforeiningar, strikka, sydde og samla inn pengar. Prestekona Gustava Kielland starta den første kvinneforeininga i Lyngdal i 1840. På den tida dreiv kvinnene sjeldan eit organisert arbeid utan at mennene var med. Misjonsarbeidet stimulerte til sjølvstende, og kvinnene fekk erfaring med å drive ein organisasjon.

Indremisjonen var eit resultat av Hauge sitt arbeid. Organisasjonen var oppteken av både misjonsarbeid og sosiale behov i Noreg. Mange fattige fekk hjelp gjennom dette arbeidet, som det særleg var kvinnene som dreiv. Den moderne sjukepleia har røter i dette arbeidet, og fleire skolar som utdanna sjukepleiarar, blei starta. I 2000 gjekk Indremisjonen saman med Santalmisjonen og fekk namnet Normisjonen.

 

? Kvifor trur du at det å arbeide i organisasjonar skaper sjølvstendige kvinner?

?  Kva for aktivitetar driv kyrkjer i nærmiljøet ditt?

 

Veit du at Gustava Kielland er kalla kvinneforeiningas mor. Ho heitte eigentleg Susanne Sophie Gustava Blom og gifta seg med presten Gabriel Kielland i 1824. Ho var oppteken av den kristne misjonen og starta ei misjonsforeining for kvinner. Denne blei eit mønster for andre kvinneforeiningar, som det etter kvart blei mange av rundt i landet, særleg på bygdene. I desse foreiningane samla kvinner seg. Dei strikka og sydde, åt, prata og hygde seg. Foreiningane møttest til å begynne med på dagtid, og barna var med. Det kvinnene laga, blei lodda ut på ein stor misjonsfest for både kvinner og menn. Pengane som kom inn, blei sendt til misjonsarbeid i andre land.

 

Fleire kristne kyrkjer

Kr.hist_29

I 1845 vedtok Stortinget ei ny lov, kalla dissentarlova. Denne lova tillét andre trussamfunn enn Den norske kyrkja å organisere seg og halde offentlige møte. Dette førte til at fleire kristne kyrkjer etablerte seg i landet. Alt to år før lova kom, hadde Den katolske kyrkja fått løyve til å danne eigne kyrkjelydar.

 

Kvekarane var også etablerte i landet. Seinare kom:

1856: Metodistkyrkja

1860: Det Norske Baptistsamfunn

1877: Den Evangelisk-Lutherske Frikyrkja

1878: Adventistkyrkja

1884: Det Norske Misjonsforbund

1888: Frelsesarmeen

1906: Pinserørsla

 

Frå 1980-åra er det danna ulike karismatiske kyrkjer. Desse kyrkjene har ein sterk leiar, som ofte blir kalla pastor. Karismatisk kristendom legg vekt på at Gud gir Den heilage ande på ein slik måte at kristne tek i bruk nådegaver. Nådegåver kan vere å lækje, tale profetisk og å tale i tunger, det vil seie snakke eit personleg bønnespråk med Gud. Tilbeding, lovsong og bønn har stor plass i samlingane til kyrkjelydane. Vineyard-menigheitene er ein del av denne tradisjonen.

Nokre karismatiske menigheiter blir kalla trusmenigheiter, eksempel på slike er Oslo Kristne Senter og Levende Ord i Bergen.

 

Ei folkekyrkje og andre kyrkjer

Voksen kirke i Oslo. Voksen kirke i Oslo.

Den største kyrkja i Noreg er Den norske kyrkja. Rundt 80 prosent av alle som bur i Noreg høyrer til denne kyrkja. I 2012 vedtok Stortinget ei grunnlovsendring slik at Den norske kyrkja ikkje lenger er den offisielle kyrkja i landet. Men Grunnlova understrekar samtidig at Den norske kyrkja blir verande Noregs folkekyrkje. Kyrkja har ei særstilling i forhold til andre kyrkjer ved at stat og kommune betaler mange av dei utgiftene kyrkja har.

Andre trussamfunn får også støtte frå det offentlege til arbeidet sitt. Men desse kyrkjesamfunna må sjølve byggje kyrkjehusa sine og betale dei tilsette av pengar som blir samla inn blant medlemmene. I 1891 fekk forstandarar og pastorar i desse kyrkjene rett til å vie brudepar. I 1966 blei Frikyrkjerådet etablert. Rådet drøftar saker av felles interesse og representerer kyrkjer utanfor Den norske kyrkja overfor styresmaktene. Det har blant anna ført til at desse kyrkjene får økonomisk tilskot til drifta frå staten.

  

?  Kvifor trur du kyrkjer engasjerer seg i barne- og ungdomsarbeid?

 

RLE

I dag er det skolen si oppgåve å gi barn og unge kunnskap om forskjellige religionar og livssyn gjennom faget RLE. Faget inneheld også filosofi og etikk. RLE er eit fag som skal gi føresetnader for toleranse og aksept for ulikskap. Det kan gi oss eit grunnlag for å leve saman på ein god måte i eit livssynsope samfunn.

Fram til 1969 var kristendomsfaget i skolen ein del av Den norske kyrkja si opplæring i kristendom. I vår tid bidrar kyrkjene til kristendomsopplæring gjennom sitt eige barne- og ungdomsarbeid, slik dei fleste religiøse samfunn sørgjer for religionsopplæring.

 

? Kvifor trur du det er viktig å ha kunnskapar om ulike religionar og livssyn for å forstå det samfunnet vi lever i?

 

Ulike spenningar

Gjennom dei siste par hundre åra har det vore fleire store diskusjonar innanfor kyrkja. Mange oppdagarar og vitskapsmenn var kristne. Det har likevel vore usemje om korleis ein skulle stille seg til vitskapen. Forskinga innanfor naturvitskapen rokka ved gamle førestillingar. Historieforsking og bibelkritikk førte til at mange kristne opplevde ein spenning mellom den kristne trua og vitskapen. Det var spenningar mellom liberale og konservative kristne. Dei liberale var opne for ny vitskap og kunnskap, dei konservative haldt på gamle førestillingar og var skeptiske til nytenkinga.

Olav Øygard blei visla til biskop i Nord-Hålogaland av biskop Helga Byfuglien. Han blei biskop her blant anna på grunn av sin store kunnskap om det samiske miljøet og den samiske kulturen. Olav Øygard blei visla til biskop i Nord-Hålogaland av biskop Helga Byfuglien. Han blei biskop her blant anna på grunn av sin store kunnskap om det samiske miljøet og den samiske kulturen.

Spenningar mellom dei liberale og dei konservative har vist seg på forskjellige område. Eit av desse har vore spørsmålet om kvinner kan vere prestar. Kvinnene har alltid spelt ei stor rolle i kristent arbeid. Dei har organisert foreiningar, leidd møte og tala på møta. Men tidlegare kunne dei ikkje vere prestar. Metodistkyrkja har hatt kvinnelege prestar sidan 1932. Innanfor Frelsesarmeen er kvinner og menn likestilte. I 1961 blei den første kvinnelege presten innvigd til teneste i Den norske kyrkja. I 1993 fekk Den norske kyrkja sin første kvinnelege biskop. I dag kan kvinner vere prestar på lik linje med menn i mange kyrkjesamfunn.

I dag er det ei spenning mellom liberale og konservative i synet på homofili. Dei liberale meiner at homofile som lever i parforhold, kan ha ulike leiaroppgåver i kyrkja, også det å vere prest. Dei konservative meiner at homofile som lever i parforhold, ikkje kan ha slike tillitsverv, heller ikkje vere prestar. Begge gruppene grunngir synet sitt ut frå Bibelen.

 

 

Kr.hist_34

Mangfald

I Grunnlova av 1814 blei jødar nekta å komme inn i Noreg. Dette blei gjort om i 1851 slik at det var lov for jødar å busetje seg i landet. I 1964 vedtok Stortinget eit tillegg til ein paragraf i Grunnlova: «Alle innvaanere af Riget have fri religionsutøvelse.»

I 1969 kom ei lov som gav rett til å danne trussamfunn også for andre enn kristne og jødar. Lova gjorde at det blei full religionsfridom i landet. Lova gav også rett til økonomisk støtte frå staten med utgangspunkt i talet på medlemmer. I 1981 fekk også ikkje-religiøse livssynssamfunn rett til slike tilskot.

Frå 1970-åra har det vore stor innvandring til Noreg. Mange av innvandrarane tilhøyrer andre religionar. Dette har vore med på å setje preg på landet. I dag er alle verdsreligionane representerte i Noreg. Mange nye kristne kyrkjesamfunn er danna. Human-Etisk Forbund er den største livssynsorganisasjonen utanom Den norske kyrkja.

 

? Korleis trur du det ville ha vore dersom berre Den norske kyrkja hadde vore lovleg i Noreg?

? Kva for land kjenner du til der det berre er éin religion som er lovleg? Korleis trur du det er å leve i slike land?

 

Samandrag

  • I fleire hundre år etter at kristendommen kom til Noreg, var kyrkja underlagt Den katolske kyrkja.
  • Reformasjonen blei innført i Noreg i 1537 med utgangspunkt i Luther sine tankar. Da blei kyrkja i Noreg protestantisk eller luthersk.
  • 1600-talet er kalla ortodoksien si tid. Da var kristne opptekne av å utforme den lutherske læra slik at folk forstod henne og kunne leve etter henne.
  • Petter Dass er kjend for å forkynne ein frodig og glad kristendom.
  • Under pietismen blei det lagt vekt på personleg omvending, djupt alvor og ein nøktern livsstil.
  • Hans Nielsen Hauge er kjend som forkynnar. Han starta òg sagbruk, møller, boktrykkeri, saltkokeri og papirfabrikkar.
  • Engasjementet for misjonsarbeid oppstod etter Hans Nielsen Hauge.
  • Dissentarlova av 1845 tillét andre trussamfunn å organisere seg i Noreg.
  • Det har vore usemje innan dei ulike kyrkjene i spørsmål som gjeld vitskap, kvinnelege prestar og homofili.
  • I dag er mange religionar og livssyn representerte i Noreg.

 

Hugsar du?

  1. Skriv nokre punkt du meiner bør vere med i ei tidslinje der du skal fortelje om viktige hendingar i kristendommen si historie frå reformasjonen og fram til vår tid med hovudvekt på utviklinga i Noreg. Lag tidslinje, gjerne med illustrasjonar.

 

Til ettertanke

  1. Vel ein tidsperiode frå dette kapitlet. Kva kjenneteiknar denne perioden? Korleis trur du ditt eige liv ville vore om du levde i denne perioden?
  2. Skriv om fordelane ved å leve i eit fleirkulturelt og livssynsope samfunn.

 

Til vidare arbeid

  1. Lag ein teikneserie om livet til Hans Nielsen Hauge.
  2. Tenk deg at du møtte ein av personane som du har lese om i dette kapitlet. Lag eit intervju med denne personen.
  3. Lag ein kommentar til eit av bileta i dette kapitlet.
  4. Del klassa inn i grupper. Kvar gruppe får tildelt eit tema og lagar ein presentasjon av dette.















 

 

 

 

 

Omgrep

  • Avlatsbrev - Avlatsbrev er eit brev eller eit papir der det står at den som kjøper det, får tilgiving for syndene sine, det vil seie det gale han eller ho har gjort
  • Bibelkritikk - Bibelkritikk er forsking på tekstane i Bibelen slik at ein kan forstå desse ut frå den historiske samanhengen dei blei til i. Dette blir ofte kalla historisk-kritisk bibelforsking
  • Dissentere - Ordet dissens betyr å ha ei anna meining. Å dissentere betyr å gi uttrykk for ei avvikande oppfatting
  • Einevelde - Einevelde betyr at kongen har all makt i landet
  • Forstandar - Forstandar og pastor er andre ord for prest
  • Gapestokk - Ein gapestokk er ein gammalt straffereiskap der den som hadde gjort noko gale, blei bunden fast i hender og hovud på ein offentleg stad
  • Haugianarar - Haugianarar er tilhengjarar av det Hans Nielsen Hauge arbeidde for
  • Karismatisk - Karismatisk betyr nådegåve, utstråling, leiareigenskapar
  • Kjettar - Ein kjettar er ein som meinte noko anna enn det kyrkja meinte
  • Konfirmere - Ordet konfirmere betyr å stadfeste. Kristen konfirmasjon betyr å stadfeste den lovnaden som blei gitt i dåpen om å oppdra barnet i den kristne trua
  • Konservativ - Ein som er konservativ, er ein som vil ta vare på tradisjonar og som meiner at endringar må skje gradvis
  • Konventikkelplakaten - Konventikkelplakaten var ei lov som forbaud folk å halde møte utan at presten var til stades eller gav løyve
  • Liberal - Ein som er liberal, er ein som kjenner seg fri til å tenkje nytt
  • Misjon - Misjon er arbeid for å breie ut ein religion
  • Munk - Ein munk er ein mann som lever i kloster
  • Nådegåve - Ei nådegåve er noko Gud gir kristne til bruk i kristenlivet
  • Ortodoksi - Ortodoksi betyr rett lære
  • Pastor - Pastor er eit anna ord for prest
  • Pietisme - Pietismen var ei rørsle på 1700-talet som la vekt på ein personleg og from kristen livsstil
  • Reformasjon - Reformasjon betyr endring eller fornying