Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja

  FRI1

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • kjenneteikn ved Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Det kan være litt om kvifor ho blei til, om kyrkjebygg og om gudstenesta

 

Slik blei kyrkja til

Det har stadig vore diskusjonar her til lands om kva staten skal bestemme, og om kva kyrkja sjølv skal bestemme, i saker som gjeld kyrkja. Det var denne debatten som skapte Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja i 1887.

På 1800-talet var det fleire vekkingar i Noreg. Mange endra måten dei levde på som kristne. Engasjementet for den kristne trua auka. Det førte til at nokre såg kritisk på fleire av ordningane i kyrkja. På den tida var det slik at alle måtte gifte seg i kyrkja. Før dei gifte seg, måtte dei ta imot nattverd. Alle stod til konfirmasjon i kyrkja og måtte ta imot nattverd under konfirmasjonsgudstenesta. Dei måtte også love å leve som kristne. Staten hadde gitt lover om dette.

Enkelte prestar levde ikkje slik kyrkja lærte. Kyrkjelyden bestemte ikkje kven som skulle vere prestar, og det var ikkje mogleg å avsetje ein uskikka prest. Det var mange som såg med stor uro på at kyrkjelyden ikkje kunne bestemme sjølv i kyrkjelege spørsmål. Dette er bakgrunnen for at Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja, ofte kalla Frikyrkja, blei danna.

 

Kjenneteikn

Gutegruppa B-boys breakar under ei gudsteneste. Gutegruppa B-boys breakar under ei gudsteneste.

Det er tre viktige kjenneteikn ved Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Det er at ho er sjølvstendig frå staten, at ho er evangelisk, og at ho er luthersk.

At Frikyrkja er fri frå statleg styring, inneber at staten ikkje kan bestemme over det indre livet i kyrkja. Det er dei som høyrer til kyrkja, dei som er døypte og personlig engasjerte i den kristne trua, som skal styre henne. Medlemmene bestemmer det som har med kyrkja å gjere, som lovene for kyrkja, kven som skal vere pastor, kyrkjeleiarane, og alt som har med økonomi å gjere.

FRI6

Frikyrkja er evangelisk. Ho har som mål å forkynne evangeliet slik at så mange som mogleg får trua på Jesus Kristus. Kyrkja ser seg sjølv som ein del av den verdsomspennande kristne kyrkja som er forplikta på Guds ord slik det står i Bibelen.

Frikyrkja byggjer læra si på den lutherske forståinga av kristendommen. Dei lutherske vedkjenningsskriftene er grunnlaget for denne forståinga. Det er skriftlege oppsummeringar av den kristne trua som Martin Luther gjorde da han levde på 1500-talet.

 

Frikyrkja i Noreg

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja har rundt 20 000 medlemmer fordelt på 82 kyrkjelydar rundt om i landet. Det finst ikkje nokon andre kyrkjer i verda som er organisert på same måte som Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja, men kyrkja samarbeider med tilsvarande lutherske kyrkjer i Noreg og i andre land.

Det øvste organet i Frikyrkja er synodemøtet. Alle kyrkjelydane vel sine utsendingar til dette møtet. Utsendingane kan vere både menn og kvinner. Der vedtek ein lover, reglar, strategi og visjonar for kyrkjesamfunnet. Synodemøtet kjem saman kvart tredje år. I mellomtida blir kyrkja leidd av eit styre og ein synodeformann.

Det øvste organet for den enkelte kyrkjelyden er kyrkjelydsmøtet, der alle medlemmer har stemmerett. Kyrkjelydane blir leidde av eit eldsteråd og ein pastor. Eldsterådet består av menn og kvinner som er valde og sette inn til å ha leiaransvar.

 

Kyrkjebygg og gudsteneste

Kyrkjerommet i Frikyrkja er enkelt utstyrt. Det er ofte eit altarbord framme i kyrkja med ein bibel, blomar og lys på. Over altarbordet er det ei utsmykking, som eit måleri eller ein biletvev. Kyrkja inneheld som regel fleire rom til ulike aktivitetar gjennom veka. Ho ønskjer å vere ei alt-i-eitt-kyrkje med tilbod til ulike aldersgrupper. Det kan vere speidarverksemd, korverksemd, barneklubbar, ungdomsarbeid og eldretreff.

FRI3

Gudstenesta er det viktigaste møtet i kyrkjelyden. Ho har ingen fast liturgi, men følgjer ofte eit mønster med lokale variasjonar. Ho består av song, skriftlesing, tale og bønn. Rundt éin gong i månaden er det nattverd i gudstenesta. Det blir også ofte arrangert familiegudstenester.

 

? Kvifor trur du kyrkja har tilbod til ulike aldersgrupper?

 

Samandrag

  • Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja blei til i 1880-åra fordi medlemmene sjølv ville bestemme over kyrkja si. FRI4
  • Frikyrkja har Bibelen som grunnlag for tru, lære og liv.
  • Kyrkja byggjer på den lutherske forståinga av kristendommen.
  • Kyrkjelydsmøtet er det øvste organet i den enkelte kyrkjelyden.
  • Frikyrkja har som mål å ha tilbod til alle aldersgrupper.

 

Hugsar du?

  1. Kvifor blei Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja danna?
  2. Sett punktvis opp kjenneteikn ved Frikyrkja.
  3. Kva betyr det at Frikyrkja vil vere ei alt-i-eitt-kyrkje?

 

Til ettertanke

  1. I Frikyrkja kan både kvinner og menn være leiarar og pastorar. Korleis trur du det påverkar ei kyrkje at begge kjønn er med i leiinga?

 

Til vidare arbeid

  1. Finn meir stoff om Frikyrkja. De får hjelp til dette på heimesida deira, www.frikirken.no.
  2. Gå inn på heimesida til ei lokal frikyrkje i nærleiken av der du bur, og finn ut kva kyrkja arbeider med. Er det ingen frikyrkje i nærleiken, kan du for eksempel velje Kristiansand Frikyrkje.

 

 

 

 

 

 

Frikyrkja

I 2005 vedtok Frikyrkja at også kvinner kunne ha leiaransvar som det å vere eldste og pastor.

Omgrep

  • Ei vekking - Ei vekking begynner ofte med at eit menneske har ei personleg oppleving av å møte Gud. Det skapar eit engasjement som spreier seg
  • Liturgi - Liturgi er ordninga for gudstenesta
  • Pastor - Pastor er eit anna ord for prest
  • Synode - Synode betyr kyrkjemøte