Baptistkyrkja

 

B1  

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne nokon

  • kjenneteikn ved Baptistkyrkja. Det kan vere litt om kvifor kyrkja blei til, om kyrkjebygg og om gudstenesta.

 

Martin Luther King

Martin Luther King var baptistprest. Han var leiar for borgarrettsrørsla i USA, der han arbeidde for rettane til dei farga. I 1968 blei han skoten mens han leidde ein stor demonstrasjon.

Martin Luther King fekk Nobels fredspris i 1964. Han var baptist, og her talar han i Baptistkirken i Oslo. Martin Luther King fekk Nobels fredspris i 1964. Han var baptist, og her talar han i Baptistkirken i Oslo. NTB scanpix

Prinsippa om det enkelte mennesket sin fridom og verdi har ført til at baptistar har engasjert seg i samfunnslivet. Mange har gjort ein spesiell innsats for menneskerettane. Den mest kjende av desse er Martin Luther King.

 

Fridom og demokrati

Baptistkyrkja har alltid vore oppteken av fridom. Slagordet «ei fri kyrkje i ein fri stat» er eit gammalt baptistkrav. Kyrkja kjempar for at alle menneske skal ha fridom til å tenkje og tru det dei sjølv meiner er rett. Fridom betyr også at dei fritt skal kunne både seie og skrive det dei meiner.

Organisasjonen driv kyrkjelyds- og misjonsarbeid. Og baptistane legg stor vekt på demokrati i kyrkjelydane. Alle, uansett alder, kjønn og rase, har like store moglegheiter til å få eit verv i kyrkja. Eit eige kvinneforbund blei starta i 1916. Kvinnene i kyrkjelydane har fridom til å utføre dei oppgåvene dei ønskjer. Dei sit i kyrkjelydsrådet, er evangelistar og misjonærar. Kyrkjesamfunnet har også kvinnelege prestar.

B2

 

Kjenneteikn

Baptistane legg vekt på at Bibelen er den einaste heilt forpliktande autoriteten deira. Det betyr at Bibelen er viktigast og overordna i det religiøse livet deira. Baptistane har ingen skrifter ved sida av Bibelen, for dei meiner at dei risikerer å avgrense den kristne bodskapen dersom andre skrifter skal tolke det. Det personlege kristne standpunktet spring ut av den enkelte sitt møte med evangeliet slik det står fram i Bibelen. Det inneber ein stor personleg fridom og eit stort ansvar.

B3X

Baptistkyrkja er ei evangelisk kyrkje. Det vil seie at ho arbeider for at menneske skal tru på Gud og la seg døype til Kristus. Den som trur på Jesus Kristus og vil la seg døype, blir døypt ved å bli dukka heilt under vatn. Før dåpen må den som blir døypt, vite at han eller ho trur på den kristne bodskapen. Det er ingen fast regel for kor gammal ein person må vere for å bli døypt, men baptistane døyper ikkje små barn. Dei små blir tekne med til kyrkja og velsigna. Da ber pastoren og kyrkjelyden saman med foreldra for det nyfødde barnet.

Baptistkyrkjene i Europa er samanslutta i European Baptist Federation og på verdsbasis i Baptist World Alliance. Dei som starta den første baptistkyrkjelyden på 1600-talet, hadde bakgrunn i Church of England, den anglikanske kyrkja.

 

? Ein baptist som heitte Hubmaier, blei i 1528 brend offentleg på bålet i Wien. Det var straffa for å ha baptistiske synspunkt. Da han blei brend, sa han blant anna dette: «Sanninga er udødeleg!» Kva trur du han meinte med det? Korleis kan dette gjelde i dag?

 

Baptistkyrkja i Noreg Baptistkyrkja i Porsgrunn. Baptistkyrkja i Porsgrunn.

I Noreg er det om lag 10 000 personar som er knytte til Det Norske Baptistsamfunn, av dei er rundt 5000 døypte. Det er ca. 60 baptistkyrkjelydar her i landet.Kvar kyrkjelyd er ei sjølvstendig eining, men kyrkjelydane samarbeider gjennom Det Norske Baptistsamfunn.Ei baptistkyrkje er ofte enkelt utstyrt og har fleire rom for ulike aktivitetar gjennom veka, som søndagsskole, speidararbeid, studieverksemd, koraktivitetar og ulike samlingar for eldre. Ved gudstenesta har forkynninga av Guds ord og dessutan song og musikk ein sentral plass.

Baptistsamfunnet driv i dag Holtekilen Folkehøgskole i Bærum. Der er det også eit teologisk seminar som utdannar prestar. Baptistkyrkja er medlem av dei fleste felleskyrkjelege organisasjonane i Noreg. Det betyr at kyrkja samarbeider med andre kyrkjer i Noreg.

 

Samandrag

  • Baptistkyrkja er oppteken av at alle menneske har fridom til å tenkje, tru og uttrykkje det dei meiner er rett.
  • Bibelen er en einaste forpliktande rettesnora for kyrkja.
  • Baptistkyrkja arbeider for at menneske skal tru på Jesus Kristus og la seg døype.
  • Kyrkja praktiserer vaksendåp. Små barn blir velsigna.
  • Mange baptistar er engasjerte i samfunnslivet.
  • Kvar baptistkyrkjelyd i Noreg utgjer ei sjølvstendig eining, men kyrkjelydane samarbeider gjennom Det Norske Baptistsamfunn. Dei samarbeider med andre kyrkjesamfunn òg.

 

Hugsar du?

  1. Kva tenkjer baptistane om fridom?
  2. Kva betyr ordet baptist?
  3. Fortel om dåpen i ei baptistkyrkje.
  4. Kva er Martin Luther King kjend for?
  5. Finn likskapar og ulikskapar mellom Baptistkyrkja og andre kyrkjer.

 

Til ettertanke

  1. Baptistkyrkja er oppteken av at kvart enkelt menneske har fridom til å tenkje, tru, seie og skrive det dei meiner er rett. Samtidig understrekar dei at det følgjer eit stort ansvar med denne fridomen. Kva samanheng meiner du det er mellom fridom og ansvar?
  2. Fortel om noko du har fridom til. Fortel om kva ansvar det følgjer med denne fridomen. Fortel om noko du ønskjer å ha fridom til, og noko du ikkje ønskjer å ha fridom til. Fortel også om ansvaret som følgjer med dette.

 

Til vidare arbeid

  1. Lag ein presentasjon av Martin Luther Kings liv.
  2. Finn ut meir om Baptistkyrkja på kyrkja si eiga heimeside.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Baptistkyrkja

Det finst 100 millionar baptistar i verda. Det er 192 forskjellige baptistsamfunn i 140 land. Rundt to tredelar av den svarte befolkninga i USA er baptistar.

Prinsippa om enkeltmennesket sin fridom og verdi har ført til at baptistar har vore engasjert i samfunnslivet.
Mange har gjort ein spesiell innsats for menneskerettane. Den mest kjente av desse er Martin Luther King. Han var baptistprest og leiar for borgarrettsrørsla i USA, der han arbeidde for rettane til dei farga.
I 1968 blei han skoten medan han leidde ein stor demonstrasjon.

Dei første baptistane i Noreg mista arbeidet sitt og blei bøtelagde og fengsla fordi dei praktiserte trua si.

Bildesamling

Omgrep

  • Baptist - Ordet baptist kjem frå gresk og betyr å døype
  • Pastor - Pastor er eit anna ord for prest