Samisk tradisjon og kyrkjeliv

 

Sam7_samisk konfirmasjon

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • gi ein presentasjon av samisk kyrkjeliv

 

Samisk historie

Ingen veit sikkert kor lenge samane har levd i Noreg, eller kor langt sør i landet dei har budd. Så lenge det har vore skriftlege kjelder til norsk historie, har samane vore omtala som ein del av folkesetnaden. Dei levde som nomadar, flytte rundt med reinflokkane sine for å finne beite til dyra. Dei hadde sitt eige språk og sin eigen kultur. Samane levde på heile Nordkalotten. Framleis er det slik at samisk kultur eksisterer på tvers av grensene mellom Noreg, Sverige, Russland og Finland. S3

 

? Kva fordelar og kva ulemper trur du kan følgje med det å leve som nomade?

 

Samisk sjamanisme

Sjamanisme var ein del av den førkristne samiske kulturen. Innanfor sjamanismen er verda delt inn i tre. Det er ei oververd, ei midtverd og ei underverd. Det finst levande vesen i alle dei tre verdene. Menneska lever i midtverda, men mange opplever kontakt med dei som lever i dei to andre verdene. Ein sjaman er ein person som kan falle i transe
og oppsøkje dei andre verdene. Innanfor sjamanismen trur ein at
menneska har to eller fleire sjeler. Det har ei kroppssjel som er bunden
til kroppen, men det har også ei frisjel som kan løysast frå kroppen. Når sjamanen fall i transe, kunne han sende frisjela til dei andre verdene. Det gjorde han når han hadde behov for hjelp derfrå, for eksempel for å gjere sjuke menneske friske.

S4

I samisk kultur brukte sjamanen trommer for å komme i transe. I tillegg song eller joika han. På tromma var dei tre verdene teikna inn. Når sjamanen hadde vore i transe og var kommen tilbake, kunne han vise på tromma kvar han hadde vore. På mange av trommene var sola ein sentral figur. I tillegg var det figurar som viser heilage område i naturen, buplassar, heilage stader og gudar av forskjellige slag. Kvar husfar hadde ei tromme, ho kunne blant anna brukast til å spå om jaktlykke.

 

Kyrkja i Neiden

St.Georgs kapell i Neiden. St.Georgs kapell i Neiden.

På 1500-talet sende den russiske tsar Ivan den strenge misjonærar til
Aust-Finnmark. Misjonærane grunnla eit kloster i Petsjenga. Den gongen
var nordområdet utan faste nasjonale grenser, men i dag ligg Petsjenga
på russisk side av grensa. Det finst enno spor etter kontakten mellom
den russiske kyrkja og austsamane. I Neiden i Pasvikdalen ligg det eit ortodoks kapell. Nokre få samefamiliar høyrer enno til i denne kyrkja. Dei blir kalla skoltesamar. Dei ser på den ortodokse trua som ein viktig del av kulturen og identiteten sin. Kyrkja i Neiden er Noregs minste kyrkje.

 

Kyrkja sin misjon

På 1600- og 1700-talet arbeidde nokre kristne prestar, lærarar og misjonærar blant samane. Det vi veit om samisk førkristen religion og kultur, stammar for det meste frå desse. Dei tok avstand frå den samiske religionen og oppfatta sjamanen som om han stod i djevelen si teneste. Men samane sjølv hadde inga førestilling om nokon vond djevel.

Presten Thomas von Westen leidde misjonsarbeidet blant samane rundt år 1700. Han arbeidde for å stoppe verksemda til sjamanane og samla inn sametrommer og øydela dei. I staden skulle samane få eit personleg forhold til Gud og tru på han. Han sørgde for at misjonærane som arbeidde blant samane, lærte språket deira. Samisk fanst berre som eit munnleg språk på den tida, og misjonærane gjorde ein stor innsats for å gjere det til eit skriftspråk. Von Westen omsette kristne bøker til samisk. Han tok initiativ til å byggje kyrkjer, kapell og skolar.

 

Sametru og folketru

Kristne symbol blei tekne opp i den samiske kulturen ved sida av dei symbola som alt var der. Dei dekorerte sametrommene frå denne tida viser teikningar av Gud, Jesus, Den heilage anden og jomfru Maria ved sida av teikningane av samane sine eigne gudar.

S6

I 1736 kom ei lov som sa at alle i Noreg måtte konfirmere seg, dette galdt samane òg. Dermed måtte alle få opplæring i kristendommen før konfirmasjonen. På den måten styrkte kyrkja og staten kontrollen over måten folk tenkte og trudde på.

 

Misjon på 1800-talet

Lars Levi Læstadius levde på 1800-talet. Han var av samisk slekt og arbeidde som prest blant samane. På den tida var det dårleg med beite for reinen, og mange var fattige. Det var også mykje alkohol, tjuveri og slåsting blant folk. Med stor kraft og intensitet forkynte Læstadius den kristne bodskapen og oppfordra folk til å slutte å drikke og til heller å leve eit godt kristenliv. Han var ein dyktig talar med eit folkeleg språk. Han kjende godt til samiske forteljingar og brukte ord og uttrykk som samane kjende seg att i. Arbeidet hans fekk store følgjer. Mange slutta å drikke, begynte å tru på Gud og fekk eit betre liv. Læstadianismen blei den mest utbreidde forma for kristendom i dei nordlege områda.

 

Opprøret i Kautokeino

Folket i nord levde under svært fattige forhold. Noreg og Sverige la harde skattar på den samiske befolkninga. Den lovlege og ulovlege brennevinshandelen øydela økonomien og levevilkåra for samane. I 1851 oppstod det uro under ei gudsteneste i Skjervøy kyrkje. Ei gruppe samar laga bråk fordi dei meinte presten ikkje heldt seg til den rette læra. Styresmaktene såg på opprøret som ein trussel mot storsamfunnet og straffa folket. 22 samar som høyrde til blant læstadianarane blei tiltalte og fekk dommar på over to år. Dommane blei anka, men Høgsterett stadfeste dei.

Samane i Kautokeino opplevde denne straffa som svært urettferdig. I november i 1852 gjekk ei gruppe samar til angrep på styresmaktene. Ein handelsmann og ein lensmann blei drepne. Presten og familien hans blei piska. Men samane blei overmanna og arresterte, og fem av dei blei dømde til døden. To av dei fem blei avretta, mens tre blei benåda til livsvarig straff.

Læstadius og medarbeidarane hans var motstandarar av vald og maktbruk. Opprøret i Kautokeino var eit uttrykk for folk sin kamp mot urett og undertrykking.

 

? Kva tenkjer du om at fattige og undertrykte gjer opprør? Kvar i verda skjer det i dag?

 

Sametinget

Frå plenumsalen i Sametinget i Karasjok. Frå plenumsalen i Sametinget i Karasjok.

I 1989 blei Sametinget oppretta. Det er ei folkevald forsamling for samar i Noreg. Parlamentsbygget deira ligg i Karasjok. Sametinget er eit politisk organ som skal styrke den politiske stillinga til samane og bidra til ei rettferdig behandling av det samiske folket. Norske styresmakter har forplikta seg til å ta vare på og utvikle samisk språk, kultur og livsform.

 

Samisk kyrkjemøte

Samisk kyrkjemøte blei etablert av Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja i 1992. Målet er å fremje samisk kyrkjeliv på lokalt og nasjonalt plan. Rådet har 8 medlemmer og representerer dei tre samiske språkgruppene i Noreg. Sekretariatet ligg i Tromsø.

Rådet skal stimulere til at det samiske kyrkjelivet blir teke vare på som ein naturleg, nødvendig og likeverdig del av Den norske kyrkja. Omsetjing av heile og delar av Bibelen til samisk er eit satsingsområde. Rådet arbeider også med å tilpasse kyrkja sin liturgi til samisk musikk og språk.

Olav Øygard blei vigsla til biskop i Nord-Hålogaland bispedømme av biskop Helga Byfuglien. Han blei biskop her blant anna på grunn av sin store kunnskap om det samiske miljøet og den samiske kulturen. Olav Øygard blei vigsla til biskop i Nord-Hålogaland bispedømme av biskop Helga Byfuglien. Han blei biskop her blant anna på grunn av sin store kunnskap om det samiske miljøet og den samiske kulturen.

Innanfor Den norske kyrkja er det fleire tiltak overfor samane. Det er lagt til rette for språkopplæring i samisk for prestar og andre kyrkjelege tilsette. Det er oppretta stillingar som statleg tilsette kyrkjetolkar. Desse kan formidle den kyrkjelige bodskapen på samisk. Ein eigen prest i Nord-Hålogaland bispedømme har spesielt ansvar for dei av kyrkja sine folk som bur spreidd blant samane. I Nidaros bispedømme har ein prest eit spesielt ansvar for samane som bur i desse områda.

I ein strategiplan som blei vedteken av Kyrkjemøtet i 2011 blir det slege fast at Den norske kyrkja har eit spesielt ansvar for samisk kyrkjeliv. Dette skal utviklast i tråd med samisk sjølvforståing, samiske tradisjonar og lovverk.

 

Samandrag

  • Samane hadde budd lenge i Noreg før dei er omtala i nokre av dei historiske kjeldene.
  • Sjamanismen er ein del av den førkristne samiske religionen.
  • Ein sjaman er ein som kan falle i transe og oppsøkje ei anna verd. Frå eit samebryllaup i Karasjok. Frå eit samebryllaup i Karasjok.
  • I Neiden i Pasvikdalen ligg Noregs minste kyrkje.
  • Presten Thomas von Westen leidde misjonsarbeidet blant samane i begynninga av 1700-talet.
  • I 1736 blei konfirmasjonen innførd, og med den kom ei systematisk opplæring i den kristne trua.
  • Lars Levi Læstadius arbeidde for at folk skulle slutte å drikke, stele og lyge, men heller tru på Gud og leve eit godt kristenliv.
  • Opprøret i Kautokeino var eit opprør mot fattigdom og urett.
  • Sametinget er eit folkevalt organ for å fremje samisk språk, kultur og livsform.
  • Samisk kyrkjeråd skal arbeide for at det samiske kyrkjelivet blir teke vare på som ein naturleg, nødvendig og likeverdig del av Den norske kyrkja.

 

Hugsar du?

  1. Lag 5 spørsmål til denne teksten om samisk kyrkjeliv. Bytt spørsmål med ein medelev og svar på spørsmåla ho eller han har laga. Drøft svara og bli einige om kva som er rette svar.

 

Til ettertanke

  1. Kvifor trur du det er viktig for identiteten til eit folk å ha eit skriftspråk?

 

Til vidare arbeid

  1. Lag ei faktarute om samisk kyrkjeliv ut frå denne teksten og frå andre kjelder.

 

 

 

 

 

Samisk tradisjon og kyrkjeliv

Ein same er ein person som høyrer til eit folkeslag som i hovudsak bur i dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland og på Kolahalvøya.

Thomas von Westen levde frå 1682 til 1727. På den tida var Noreg i union med Danmark. Von Westen hadde bede kongen i København om å få drive misjon blant samane.

Omgrep

  • Liturgi - Liturgi betyr ordning for gudstenesta
  • Nomade - Nomade er ein person som lever av å arbeide med dyr, og som stadig er på vandring med buskapen til nye beitemarker
  • Transe - Transe er ein tilstand av ekstase, ein søvn- eller dvaleliknande tilstand. Omgrepet blir brukt om den søvnliknande tilstanden sjamanar set seg i for å oppnå kontakt med gudar eller ånder