Pinserørsla

  P2

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne fortelje om

  • •kjenneteikn ved pinserørsla. Det kan vere kyrkjebygget, gudstenesta, åndsdåp og tungetale

 

Kjenneteikn

Pinserørsla er namnet på ei gruppe sjølvstendige kyrkjelydar. Kvar kyrkjelyd utgjer ei eiga eining, og desse er knytte saman i både eit nasjonalt og eit internasjonalt nettverk. Pinserørsla starta i USA, men består i dag av rundt 600 millionar menneske over heile verda. Pinserørsla er den kristne kyrkja som veks raskast internasjonalt. Ni av dei ti største kyrkjelydane i verda høyrer til pinserørlsa. Den største av desse er i Seoul i Sør-Korea og har rundt 800 000 medlemmer.

Medlemskap i ein pinsekyrkjelyd byggjer på ei personleg tru og på dåp. Rørsla praktiserer vaksendåp. Den som ønskjer dåp, fortel først om kristentrua si. Åndsdåp og tungetale er kjenneteikn ved pinserørsla. Åndsdåp betyr at den som trur og er døypt, blir fylt av Den heilage ande på ein personleg måte. Tungetale er å snakke med Gud på eit spesielt språk. Det er eit bønnespråk som blir brukt i det personlege gudsforholdet, og blir òg kalla bønn med hjartet.

Ordet pinserørsle viser til forteljinga i Det nye testamentet om det som skjedde på den første pinsedagen i kyrkja si historie. Då sende Gud Den heilage ande og gav dei første kristne mot og kraft til å fortelje evangeliet om Jesus til andre. Pinserørsla er oppteken av pinsa sin bodskap om Den heilage ande. Denne bodskapen gir kristne ei spesiell kraft og utrusting.

 

I Bibelen er elden eit symbol for Den heilage ande. Kva kan logoane fortelje om pinserørsla?

 

Pinserørsla i Noreg

Pinserørsla kom til Noreg i 1906 og er i dag den tredje største kyrkja i landet med rundt 40 000 medlemmer. Den største kyrkja er Den norske kyrkja, den nest største er Den katolske kyrkja. Det er 280 pinsekyrkjelydar spreidde over heile landet. Den største av desse er Filadelfia i Oslo med om lag 1900 medlemmer. Kyrkjelydane har ofte namn frå Bibelen, som Filadelfia, Salem, Betel og Sion.

P3

Pinserørsla gir ut bladet Korsets seier. De norske pinsemenigheters ytremisjon (PYM) er rørsla sin organisasjon
for misjon. PYM har 140 misjonærar i 30 land, der dei blant anna driv skolar og forskjellig humanitært arbeid.

Evangeliesenteret er ei stifting innanfor pinserørsla som driv arbeid blant rusmisbrukarar. Det er 15 slike senter i Noreg.

I dei siste tiåra har det vore fleire splittingar innan pinserørsla. Ei av desse førte til opprettinga av Troens bevis med sentrum i Sarons dal i Kvinesdal. Ulike andre kyrkjelydar har også hatt utgangspunkt i pinserørsla.

 

Kyrkjebygget og gudstenesta

  P5

Kyrkjerommet i ein pinsekyrkjelyd er enkelt utstyrt. Utsmykkinga består ofte av eit kors, nokre planter og eit sitat frå Bibelen eller berre ordet Jesus. Framme i kyrkja sit kormedlemmer og musikarar. Det er ikkje noko alter i kyrkja, rørsla meiner det er betre å ha levende menneske som altertavler. Preikestolen står midt framme i kyrkja. Det er for å understreke at forkynninga av Guds ord står sentralt når medlemmene samlar seg til gudstenester og møte.

Gudstenesta følgjer eit innarbeidd mønster. Song, tale og bønn er viktig. Dei fleste kyrkjelydane har eigne songkor. Dei personlege erfaringane er sentrale, og spontane innslag skjer ofte. Det kan vere tilrop som halleluja og amen. Somme løfter armane opp når dei syng, somme talar i tunger, og andre tyder tungetale.

 

Samandrag

  • Pinserørsla er ei verdsomspennande rørsle.
  • Kvar pinsekyrkjelyd utgjer ei sjølvstendig eining. P6
  • Pinserørsla er det tredje største kyrkjesamfunnet i Noreg.
  • Åndsdåp og tungetale er sentrale kjenneteikn.
  • Kyrkjerommet er enkelt utstyrt.
  • Song, tale og bønn er viktige innslag i gudstenesta.

 

Hugsar du?

  1. Lag ei faktarute om pinserørsla.
  2. Forklar kva åndsdåp og tungetale er.

 

Til ettertanke

  1. Mange pinsevenner gir ein tidel av inntekta si til kyrkjelyden. Kvifor trur du dei gjer det? Kva trur du pengane blir brukte til?

 

Til vidare arbeid

  1. Skriv nokre stikkord du kan bruke til eit foredrag om pinserørsla. Hent også
    stoff frå heimesida deira på www.pinsebevegelsen.no.
  2. Finn ut kva for tilbod pinserørsla har til barn og unge. Sjå heimesida deira på www.pinsebevgelsen.no.
  3. Finn likskapar og ulikskapar mellom pinserørsla og eit anna kyrkjesamfunn.

 

 

 

 

 

 

Bildesamling

Omgrep

  • Pinse - Pinse er den kristne høgtida då Den heilage ande blei gitt til kyrkja
  • Tungetale - Tungetale er eit personleg bønnespråk
  • Åndsdåp - Åndsdåp er å ha ei personleg oppleving av å bli fylt av Den heilage anden