Metodistkyrkja

 

M1  

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • kjenneteikn ved Metodistkyrkja og litt om korleis kyrkja blei til

  M2

Det starta med to brør

Metodistkyrkja har sitt utgangspunkt i den anglikanske kyrkja i England på 1700-talet.
Det starta med to brør som heitte John og Charles Wesley. Dei begynte å
studere teologi og skulle bli prestar som far sin. Da opplevde dei at
mange av medstudentane ikkje tok den kristne trua alvorleg. Dette
opprørte dei, dei ville bruke livet til meir enn diskusjonar og festing.
Dei starta ei bibelgruppe der dei studerte Bibelen nøye, og prøvde å
leve etter det dei lærte. Medstudentane gjorde narr av dei og kalla dei
metodistar fordi dei ville innrette livet etter det dei meinte var
Bibelens metode.

Etter studiane drog brørne til Amerika, der dei var prestar. 24. mai 1738 skjedde det noko som gjorde
denne datoen til ein merkedag for metodistane. John Wesley var ute og
gjekk i ei bakgate. Da høyrde han song frå eit møtelokale. Han gjekk
motvillig inn og sette seg ned. Mens predikanten tala, blei han med eitt
riven ut av det mørket han var inne i. Han fortel at hjertet blei
forunderleg varmt. Han fikk ei sterk personleg oppleving av Guds nærvær.
Dette blei eit vendepunkt i livet hans. Det blei også eit startpunkt
for ei verdsomspennande kyrkje. John Wesley blir rekna som
grunnleggjaren av metodismen. Han starta òg sosialt arbeid blant fattige
og er kjend som salmediktar. 

 

? John Wesley kalla religionen sin for hjertereligionen. «Han har meir med
erfaringa og hjertet å gjere enn med teorien og hovudet», sa han. Kva
trur du han meinte med det?

  M4

Kjenneteikn

Metodistkyrkja reknar Bibelen som norm for tru, lære og liv. Det viktigaste omgrepet for metodistane er nåde. Gud tilbyr nåde gratis til menneska. Nåden er eit tilbod om total tilgiving for alt som skil Gud frå menneske. Guds nåde møter menneska gjennom det Wesley kalla nådemiddel. Desse nådemidla er kyrkja, Guds ord, bønna, dåpen og nattverden.

M5

Det er over 70 millionar metodistar i verda fordelt på ca. 100 land. I dag veks kyrkja mest i Asia og Afrika. Kyrkjene i dei ulike landa samarbeider gjennom organisasjonen World Methodist Council. Metodistkyrkja er delt i tre regionar i Europa, og Metodistkyrkja i Noreg høyrer til den nordeuropeiske regionen.

 

Metodistkyrkja i Noreg

Metodistkyrkja kom til Noreg rundt 1850. I dag har ho rundt 11 000 medlemmer fordelt
på 50 kyrkjelydar. Årskonferansen er det øvste organet i kyrkja. Denne
blir samla kvart år, alle kyrkjelydane er representerte, og han blir
leidd av biskopen i Metodistkyrkja i Noreg. Kyrkja er engasjert i
sosialt arbeid og driv sjukehus, barnehagar og aldersheimar. Ho driv eit
omfattande arbeid blant barn og unge med blant anna speidarverksemd. Ho
er også aktiv innan misjons- og bistandsarbeid.

M9

Metodistkyrkja har eit ope forhold til andre kyrkjesamfunn og ser på seg sjølv som ei brubyggjarkyrkje. Eit eksempel på det er den samarbeidsavtalen Metodistkyrkja i Noreg gjorde med Den norske kyrkja i 1997. Avtalen blir kalla «Nådens fellesskap». I denne avtalen anerkjenner dei kyrkjene, dåpen og nattverdspraksisen til kvarandre. Samtidig peikar dei på at dei er to kyrkjer med ulike tradisjonar og ordningar. Avtalen inneber at kyrkjene feirar gudsteneste saman, og at prestane kan gjere teneste i kyrkjene til kvarandre.

 

Samandrag

  • Metodistkyrkja starta med brørne John og Charles Wesley. John Wesley blir rekna som grunnleggjaren.
  • Metodistkyrkja reknar Bibelen som norm for tru, lære og liv.
  • Det viktigaste omgrepet for metodistane er nåde.
  • Metodistkyrkja kom til Noreg rundt 1850.
  • Kyrkja ser på seg sjølv som ei brubyggjarkyrkje.

 

Hugsar du?

  1. Lag 5 spørsmål til kapitlet om Metodistkyrkja. La ein medelev finne svara.

 

Til ettertanke

  1. Kvifor trur du kyrkjer driv med sosialt arbeid, som for eksempel å hjelpe fattige?
  2. Kvifor trur du Metodistkyrkja meiner det er viktig å samarbeide med andre kyrkjer?
  3. Kva betyr det at Metodistkyrkja kallar seg ei brubyggjarkyrkje?

 

Til vidare arbeid

  1. Finn meir stoff om Metodistkyrkja på deira eiga heimeside.

 

 

 

 

 

Metodistkyrkja

I Metodistkyrkja kan kvinner og menn vere leiarar på lik linje. Verdas første kvinnelege biskop blei innvigd i USA i 1980. Ho var metodistprest.

Bildesamling

Omgrep

  • Teologi - Teologi er læra om Gud