Mali - kristendommens stilling i eit land utanfor Europa

 

M2  

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • utforske stillinga og særpreget til kristendommen i Mali

 

Fakta om republikken Mali M1

  • Mali har rundt 16 millionar innbyggjarar.
  • Mali er eit av dei fattigaste landa i Afrika. Halvparten av folket lever
    under den internasjonale fattigdomsgrensa på 1,25 dollar for dagen.
  • Forventa levealder for folk i Mali er 51 år for menn og 53 år for kvinner.
  • Folk lever av jordbruk og fiske, men landet har òg naturressursar som gull, uran og salt.
  • I 2012 var det militærkupp i Mali, og opprørssoldatar tok over makta.
  • Det offisielle språket i Mali er fransk, men det finst fleire lokale språk.

Det er ofte tørke i Mali. Då blir det dårlege avlingar, og mange folk svelt. For å sleppe unna tørke og svolt er det mange som legg ut på vandring og prøver å busetje seg i andre delar av sitt eige land, mens nokre dreg til andre land.

M6

Det har ofte vært mykje uro og bruk av vald i Mali. Leveforholda for folk flest blir enda vanskelegare når
grupper av soldatar herjar, plyndrar og valdtek kvinnene. I urolege
periodar stengjer skulane, og barn blir rekrutterte til å bli soldatar.

 

? Finn nokre viktige forskjellar mellom det å leve i Mali og det å leve i Noreg. Korleis kan du verdsetje dei goda du har?

 

Religionar i Mali

  • Rundt 90 prosent av innbyggjarane i Mali er muslimer.
  • Mange stader er islam blanda opp med lokale tradisjonar og religionar.
  • 9 prosent av innbyggjarane er animistar, dvs. at dei tilhøyrer ein naturreligion der tilhengjarane trur at alt i Ung jente ber i ei katolsk kyrkje i Mali. Ung jente ber i ei katolsk kyrkje i Mali. naturen har sjel.
  • Rundt 1 prosent av innbyggjarane er kristne.

 

Misjonsarbeid i Mali

Det er fleire organisasjonar som driv misjon i Mali, blant andre Det Norske Misjonsselskap, Misjonssambandet, Normisjon og Frikyrkja. Fleire
kyrkjesamfunn samarbeider om prosjekt i landet. Misjonærane samarbeider òg med dei lokale kyrkjene og arbeider for at desse skal utvikle eit sjølvstendig arbeid. Nokre misjonærar omset Det nye testamentet til lokale språk. Ei av dei store satsingane er radioarbeid. Misjonærar lagar kristne program og ulike innslag om helse og betre levekår på folk sine lokale språk. Det er språk dei elles ikkje får høyre på radio.

Misjonærane arbeider for å betre levekåra for folk i Mali, blant anna ved å gi dei ulike helsetilbod og drive skolar slik at barn kan få utdanning. Arbeid blant kvinner er eit prioritert område. Kvinnene er nøkkelpersonar for å betre helseforholda i eit land. Dei får tilbod om opplæring så dei kan lære seg å lese og skrive. Dei får også hjelp til å danne små sparegrupper, slik at dei kan tene litt pengar ved å selje varer dei lagar.

M10

Misjonen arbeider også for å endre haldninga til omskjering av jenter. Det har gitt gode resultat. I nokre område er det nærast blitt slutt på denne skikken. Noko av arbeidet går ut på å byggje aktivitetssenter i landsbyane. Hit kan kvinnene komme for å drive ulike handverksaktivitetar. Samtidig får dei informasjon om helse og skadane omskjering på jenter fører til.

 

? Kvifor trur du det er viktig å drive opplæring for kvinner for å betre levekåra i eit land?

 

Samandrag

  • Mali ligg i Vest-Afrika.
  • Hovudstaden heiter Bamako.
  • Landet har rundt 16 millionar innbyggjarar og er eit av dei fattigaste i Afrika.
  • Det er ofte tørke og uro i landet.
  • Rundt 1 prosent av innbyggjarane er kristne.
  • Fleire misjonsorganisasjonar samarbeider om ulike prosjekt i Mali.
  • Arbeid blant kvinner er prioritert.
  • Misjonen driv arbeid for å betre levekåra for innbyggjarane i landet.
  • Prosjekt for å få slutt på omskjering av jenter har hatt gode resultat.

 

Hugsar du?

  1. Lag ei faktarute om Mali.

 

 

Mali - kristendommens stilling i eit land utanfor Europa

I urolege periodar har misjonsorganisasjonar teke ut alle misjonærane dei hadde i Mali. Det var for utrygt å arbeide der.

Bildesamling

Omgrep

  • Omskjering - Omskjering av jenter går ut på å skjere bort delar av kjønnsorgana til jentene