Læstadianismen

  

L 1  

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • gi ein presentasjon av læstadianismen

 

Lars Levi Læstadius og samejenta

L 2

Lars Levi Læstadius er opphavsmannen til læstadianismen. Han blei fødd nord i Sverige i 1800. Familien dreiv gard, og heimplassen hans låg 6 mil frå næraste nabo. Faren drakk mykje alkohol og kunne vere valdeleg. Lars Levi utdanna seg til prest og arbeidde blant samane.

På begynnelsen av 1800-tallet var det nedgangstider i reindrifta, og folk var fattige. Mange hadde eit stort forbruk av alkohol. Det førte til tjuveri, overfall og slåsskampar. Læstadius såg lite ekte kristentru blant samane og begynte å tvile på om han gjorde arbeidet sitt som prest godt nok. Da fekk han ein dag besøk av ei fattig samejente. Ho heitte Milla Clementsdotter, men han kalla henne Maria. Ho hadde strevd med kristentrua si, men fått hjelp. Etter gudstenesta nyttårsdagen i 1844 fortalde Maria Læstadius om problema sine, og om korleis ho sjølv hadde blitt sikker i kristentrua si.

Møtet med Maria blei en ny start for Læstadius. Forkynninga hans blei tydeleg og intens. Han sa sjølv at preikene fekk ein annan farge, og han tok eit kraftig oppgjer med misbruk av alkohol, kriminalitet og vald. Læstadius tala og skreiv både svensk, finsk og samisk. Han var dessutan flink til å tale og brukte eit frodig språk som folk forstod. Han oppfordra folk til å vakne opp frå sløvheit og umoral, og engasjementet hans smitta. Det førte til ei vekking som spreidde seg frå bygd til bygd. Alkoholforbruket gjekk drastisk ned, fleire gjekk i kyrkja, og folk fekk eit betre liv. Frå ei bygd blir det fortalt at lensmannen nærast blei arbeidsledig.

 

? Læstadius arbeidde heile livet for å kjempe mot alkoholmisbruk og for å gi fattige menneske sjølvrespekt og verdigheit. Korleis trur du fattigdom, sjølvrespekt og verdigheit kan hengje saman?

 

Kjenneteikn

L 3

Læstadianismen er ei rørsle innanfor Den norske kyrkja. Ho starta blant samane i Lappland i Sverige. Mange samar flytte rundt med reinen, og slik spreidde rørsla seg også til Noreg og Finland. Læstadianismen blir rekna som ei religiøs vekkingsrørsle, men også som ei sosial protestrørsle. Rørsla fekk fotfeste hos fleire enn samane.

Læstadianismen er luthersk, det vil seie at han legg stor vekt på Martin Luthers forståing av kristendommen og på Luthers skrifter. Han ser på seg sjølv som ein vaktar av den ekte lutherske læra og ønskjer å verne om denne.

Læstadianismen legg stor vekt på den enkelte sine erfaringar med den kristentrua. Ei levande tru kjem gjennom forkynninga, derfor bør alle komme til møtene eller forsamlingane for å høre Guds ord bli forkynt. Læstadianarane har ein enkel livsstil. Dei avstår frå alkohol, kortspel, kino, teater, dans, popmusikk og uteliv. Kvinner har langt hår og går helst i skjørt. Heim og forsamlingslokale er enkelt innreidde.

 

? Tradisjonane er viktige for læstadianarane. Dei er med på å skape identitet, tryggleik og samhald. Kvifor trur du det eit slik?

 

Gudstenester eller forsamlingar

Det er rundt 50 000 læstadianarar i Noreg. Læstadianarane er medlemmer av Den norske kyrkja. Dei deltek på gudstenester i denne kyrkja, døyper barna sine der og tek imot nattverd. Men i tillegg til dette har dei sine eigne samlingar heime, på bedehus og i kapell. Desse møta blir kalla forsamlingar. Her bruker dei ei eldre utgåve av Bibelen, salmeboka og av liturgien i Den norske kyrkja.

Dei læstadianske forsamlingane blir leidde av menn som blir valde ut frå personlege eigenskapar, leiarevner og korleis dei lever. Kvinnene kan komme med eit vitnesbyrd under samlingane, men dei kan ikkje leie møte eller halde preike.

Læstadianarane har eit nært fellesskap. Dei meiner at det er viktig at alle får høyre den same forkynninga, derfor er barn og unge med på samlingane. Møta kan vare i fleire timar. Preika er viktig. Det blir lagt vekt på personlege erfaringar, oppfordring til omvending og å leve eit rett kristenliv. Oppgjer med synd er ein føresetnad for frelse. Berre ein som sjølv er med i den læstadianske rørsla, kan gi syndsforlating på vegner av Gud.

 

? Salmesong er ein del av samlingane til læstadianarane. Salmane har ofte mange vers. Tempoet og rytmen kan vere ganske langsam. Kvifor trur du salmar og songar er viktige i mange kyrkjer?

 

Samandrag

  • Lars Levi Læstadius er opphavsmannen til læstadianismen.
  • Læstadianismen er ei retning innan Den norske kyrkja.
  • Etter møtet med Maria tala Læstadius tydeleg og intenst til folk om at dei måtte slutte å drikke, stele og slåst.
  • Læstadius oppfordra folk til tru på Gud og leve eit engasjert kristenliv.
  • Læstadianismen legg stor vekt på den enkelte si personlege erfaring i kristentrua.
  • Læstadianarane har ein enkel livsstil og avstår frå alkohol, uteliv, kino, tater og dans.

 

Hugsar du?

  1. Skriv nokre nøkkelord om Lars Levi Læstadius. Samanlikn nøkkelorda dine med nøkkelorda til ein medelev. Lag ei samling med nøkkelord som de er einige om.
  2. Kvifor blir læstadianismen kalla ei religiøs vekkingsrørsle og ei sosial protestrørsle?
  3. Fortel om samlingane til læstadianarane.

 

Til ettertanke

  1. Kvifor trur du det er slik at mange fattige menneske strevar med å bevare sjølvrespekten sin?
  2. Kva meiner du skal til for at menneske skal ha ein sunn respekt for seg sjølv? Skriv ned nokre punkt som du meiner er viktige for ein sunn sjølvrespekt. Gå saman i grupper og drøft punkta til kvarandre. Bli einige om gruppa sine punkt for ein sunn sjølvrespekt.

 

Til vidare arbeid

  1. Lag ein presentasjon av Lars Levi Læstadius.
  2. Undersøk læstadianismen i Noreg i dag.

  

Læstadius

Læstadius studerte også botanikk, og han var ein av dei fremste kjennarane av fjellfloraen i Norden. Ein liten gul fjellvalmue har fått namn etter han og heiter læstadiusvalmuen. Interessa for botanikk følgde han heile livet, noko han også blei internasjonalt anerkjent for.

Lars Levi Læstadius gifte seg med Brita Katarina, også kalla Kajsa. Saman fekk dei 15 barn, og 12 av dei voks opp.

Det er tre retningar blant læstadianarane. Desse blir kalla Dei førstefødde, Dei småførstefødde og Lyngen-retninga.

Bildesamling

Omgrep

  • Ei vekking - Ei vekking begynner ofte med at eit menneske har ei personleg oppleving av å møte Gud. Det skapar eit engasjement som spreier seg
  • Liturgi - Liturgi betyr ordning for gudstenesta