Jesus i musikken

 

Mus_1X

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • forklare korleis kristen tradisjon har inspirert musikk 

 

Eg ser

Eg ser at du er trøtt,

men eg kan ikkje gå

alle skritta for deg.

Du må gå de sjøl.

Men eg ve gå de med deg.

Eg ve gå de med deg.

 

Eg ser du har det vondt,

men eg kan ikkje grina alle

tårene for deg.

Du må grina de sjøl,

men eg ve grina med deg.

Eg ve grina med deg

 

Eg ser du vil gi opp,

men eg kan ikkje leva

livet for deg.

Du må leva det sjøl.

Men eg ve leva med deg.

Eg ve leva med deg.

 

Eg ser at du er redd,

men eg kan ikkje gå i døden for deg.

Du må smaka han sjøl,

men eg gjør død til liv for deg,

eg gjør død til liv for deg.

Eg har gjort død til liv for deg.

Eg har gjort død til liv for deg.

 

Bjørn Eidsvåg

 

? Kva meiner du denne songen handlar om? Kven kan «Eg» i siste verset vise til?

 

Bjørn Eidsvåg

Songen «Eg ser» er skriven av Bjørn Eidsvåg. Han blir brukt av svært mange menneske i forskjellige situasjonar, særlig i situasjonar der nokon har det vanskeleg. «Eg» i songen kan tolkast som eit medmenneske, men det siste verset opnar for at «eg» også kan vere Gud.

Mus_1

Bjørn Eidsvåg er kjend som ein norsk rockepoet og har reist på kryss og tvers i landet og halde konsertar. Han er utdanna som prest og arbeidde ein periode i psykiatrien. Han har skrive tekstar og melodiar til ei rekkje songar som har vore bestseljarar i Noreg, og har òg skrive salmar som blir brukte i kyrkjene.

 

Veit du at Bjørn Eidsvåg har gitt ut 24 album som til saman har selt ein og ein halv million eksemplar.

 

?  «Det meste vi menneske balar med under sola, handlar om vårt ønske om å bli sett», har Bjørn Eidsvåg sagt. Kva trur du han meiner med det? Kva meiner du om det?

 

Kjelder

Religionane har inspirert til utvikling av mange forskjellige musikkuttrykk. Kristendommen har vore ei kjelde for utviklinga av musikken i den vestlege verda. Mange komponistar og musikarar har late seg inspirere til ulike uttrykk innanfor klassisk musikk og i populærmusikken.

 

Veit du at i Den ortodokse kyrkja blir det ikkje brukt instrument i dag, og songen er ofte fleirstemt.

 

Musikk i Det gamle testamentet

I Det gamle testamentet i Bibelen kan vi lese om at det var musikk, song og dans ved gudstenesta i tempelet i Jerusalem. Det blei brukt instrument som harpe, sitar, fløyte, trompet, trommer og cymbalar. Det var både solosong og korsong òg. Nokre av tekstane som blei sunge, kan vi finne i Salmane i Bibelen. Der står lovsongar, klagesongar og songar israelittane brukte mens dei var på reise til høgtidsfeiring i tempelet i Jerusalem.

 

? Kvifor trur du musikk, song og dans er viktig for menneske i alle kulturar?

  Kong David. Kong David.

Den gregorianske tradisjonen

Dei første kristne song salmar og lovsongar når dei kom saman til gudsteneste. Det var ofte ein enkel og stillferdig song utan musikk til. Songen skulle bidra til å ære Gud og styrkje trua deira. Slik blei den gregorianske songen etter kvart til. Denne songen har fått namn etter pave Gregor den store. Han tok initiativ til å samle songar til bruk i gudstenesta. Gregor starta òg den første musikkskolen for kyrkjemusikarar og prestar. Den katolske kyrkjesongen er kalla opp etter han og blir kalla gregoriansk song. Til å begynne med var denne songen einstemmig, etter kvart kom fleire stemmer til. Denne korsongen blir framleis brukt under gudstenesta.

 

Kyrkja var motoren

Gregoriansk song blir rekna som sjølve urforma som all anna musikk har utvikla seg frå i den vestlege musikktradisjonen. Denne tradisjonen la også grunnlaget for notesystemet vårt. Gradvis blei den einstemmige gregorianske songen til song med fleire stemmer og med ulike instrument. Det var lenge kyrkja som var motoren eller pådrivaren i denne utviklinga. Til å begynne med song ein på latin, som var språket messa eller gudstenesta gjekk føre seg på. Etter kvart song ein på morsmålet med tekstar og melodiar for folk flest.

 

Johann Sebastian Bach Mus_4

Johann Sebastian Bach var ei tid organist i Thomaskyrkja i Leipzig. Elevane hans song ved kvar gudsteneste, og Bach skreiv all musikken sjølv. I fleire år laga han ein ny kantate til kvar søndag, og denne blei framført av kor og musikarar. Bach har skrive over 200 kantater. Til gudstenester i påska skreiv han pasjonar. Matteuspasjonen og Johannespasjonen er to kjende verk av Bach. Han blir rekna som ein av dei største formidlarane av evangeliet om Jesus Kristus i musikkverda. Bach har òg hatt mykje å seie for musikkteori og harmonilære.

Bach skreiv alltid «S.D.G.» under komposisjonane sine når dei var ferdige. Forkortinga står for «Soli Deo Gloria», som betyr «Gud aleine skal ha æra». Trua på Jesus var drivkrafta for Bach. I Det nye testamentet fortel dei fire evangelia om Jesu liv, død og oppstode. Bach hadde ein spesiell evne til å skrive musikk til den bodskapen evangelia fortel om, det gjer at han blir kalla den femte evangelisten.

 

Veit du at Bach levde i Tyskland på 1700-talet.

 

Händels «Messias»

Georg Friedrich Händel blir rekna som Englands nasjonalkomponist. Det mest kjende verket hans er «Messias». «I did think I did see all heaven before me, and the great God himself!», sa Händel da han var ferdig med verket. Da var han bleik, tårene rann, og han hadde ein spesiell glød i kinna, fortel tenaren som gav han mat. Han hadde arbeidd med verket i 24 dagar, og han hadde ete og sove lite. «Messias» blei eit meisterverk på 260 sider med notar, og det tek nærare tre timar å framføre heile verket. Det handlar om Jesus Frelsaren som skal komme, Jesu lidingshistorie, Kristus som stod opp att, og det evige livet. «Messias» er eit av dei mest framførte verka i musikkhistoria og inneheld blant anna det kjente «Hallelujakoret».

 

Veit du at Händel levde i England på 1700-talet.

 

Tre geni

Joseph Haydn, Wolfgang Amadeus Mozart og Ludwig van Beethoven komponerte musikk av ulike sjangrar, men også kjend kyrkjemusikk. Haydn opplevde suksess mens han levde. Kjende verk er «Skapinga» og «Die Sieben Worte», som byggjer på Jesu sju ord på krossen. I periodar begynte han dagen med å be før han sette seg til klaveret for å finne musikalske motiv og uttrykksformer.

Mozart blei rekna som eit vedunderbarn og heldt konsertar frå han var ni år. Da han var 12 år, hadde han komponert det første verket sitt. Sidan komponerte han fleire kjende musikkverk, «Rekviem» er blant dei mest kjende. Beethoven var kjend for å vere svært dyktig til å improvisere ved flygelet. Han hadde eit veldig temperament.

 

Veit du at Haydn, Mozart og Beethoven levde på 1700- og 1800-talet. Ein del av arbeidet deira er knytt til Wien, derfor går dei under nemninga wienerklassikarane i musikkhistoria. 

Mus_10  

Negro spirituals

? Kva veit du om afrikanske slavar som blei førte til Amerika på 1800-talet?

Slavane som kom til Amerika på 1800-talet, skapte ein songtradisjon som blei kalla negro spirituals. Songane har røter både i afrikanske stammekulturar med trommer og rytme og i europeisk kultur. Ut frå negro spirituals utvikla det seg etter kvart ulike musikk-sjangrar, som blues, jazz, gospel, rock 'n' roll, soul og pop. Negro spirituals fortel om dei vanskelege forholda til slavane med håp om eit betre liv etter døden. Nokre av desse songane blir sungne både i og utanfor kyrkjer over heile verda.

 

Veit du at nokre kjende negro spirituals er: «Nobody knows the trouble I’ve seen», «Go down, Moses», «Kumbayah, my Lord» og «Oh Freedom»

 

The King

?  Kva veit du om Elvis og rock 'n' roll-musikk?

Elvis Aaron Presley voks opp som einebarn. Han blei oppdaga som songar da han gjorde eit privat plateopptak som han skulle overraske mor si med. Sidan song han ulike sjangrar. Han begynte som countrysongar og blei etter kvart den fremste frontfiguren innan rock 'n' roll, som var ein ny musikkstil den gongen. Elvis voks opp i ein kristen familie i sørstatane, og han gjekk i kyrkja kvar søndag. Den gospelmusikken han møtte der, var heile tida ein del av Elvis’ musikalske liv. Han song songar som «Take my hand, Precious Lord», «Amazing Grace» og «I Believe».

 

Rock og gospel

I 1969 arrangerte Edwin Hawkins spiritualen «Oh happy day» på ein ny måte. Denne blei ein stor hit. I Noreg er songen også kjend gjennom tolkinga til Oslo Gospel Choir. Andraé Crouch frå Los Angeles har sunge songar som viser påverknad frå både Beatles og negro spirituals. Han har hatt mykje å seie for utviklinga av gospelstilen i Noreg. Crouch er kalla «The king of Gospel Music».

 

Faktarute: Nokre artistar og grupper som formidla ein kristen bodskap gjennom rocken i 1970-åra

Larry Norman, blir rekna som kristenrockens far

Barry McGuire, kristen popmusikar

2nd Chapter of Acts, pionerar innan kristen pop og rock

DC Talk, bestseljar i fleire år med albumet «Jesus Freak»

Mary Mary, eit syskenpar som slo gjennom med «Shackles»

 

? Kva for andre gospel- og rockesongarar kjenner du?

 

Bob Dylan

Bob Dylan heiter eigentleg Robert Allen Zimmermann. Han kjem frå USA. Dylan er kjend som songar, musikar, komponist og tekstforfattar. Utgangspunktet hans har ofte vore bibelske tekstar og bilete. Mange av songane hans er samla i ei Dylan-messe som er bygd opp som ei gudsteneste. «Knockin’ on Heaven’s door» blei skriven til ein film der ein soldat ligg på slagmarka og skal døy.

 

Veit du at Bob Dylan blei fødd i Minnesota i 1941. Han har vore artist i over 50 år. Viktige album inspirert av kristendommen er «Slow Train Coming», «Saved» og «Shot Of Love».

 

U2

Gruppa U2 starta som eit samarbeid mellom fire irske skolekameratar i Dublin i 1976. Frontfiguren og vokalisten i gruppa er Bono. Han skriv også mange av låtane deira. Gruppa har eit stort samfunnsengasjement og mange referansar til kristen tru i tekstane sine.

Mus_12

Sommaren 2005 heldt U2 ein konsert på Valle Hovin i Oslo. 40 000 publikummarar var til stades. Kritikarane beskreiv konserten som ein magisk augneblink og eit gigantisk show. Bodskapen var fridom, forsoning og fred mellom menneske og religionar. Vi er skapte til sameksistens med Gud og menneske, meiner Bono. På storskjermen og på Bonos panneband stod det «Coexist», som betyr «Lev saman». C-en var laga som ein muslimsk halvmåne, X-en som ei Davidsstjerne og T-en som ein kross.

 

Veit du at Bono meiner vi er sette på jorda for å bere kvarandre, for å elske vår neste og vår fiende. Kva meiner du om utsegna hans?

 

Song og musikk i norske kyrkjer

Kristendommen har stått sterkt i Noreg i over 1000 år. Det har ført til ein rik kristen song- og musikktradisjon. I 1889 kom den første salmeboka som blei brukt under gudstenestene. Det var presten Landstad som hadde samla salmar. Landstad hadde også samla og gitt ut Norske folkeviser i 1853. Denne og salmeboka blir rekna som dei viktigaste norske bokutgivingane på 1800-talet. Landstads salmebok blei omarbeidd i 1923. Nynorsk salmebok kom for første gong i 1925.

I 1985 kom ei ny salmebok som blei kalla Norsk Salmebok. Salmer 1997 er eit tillegg til denne med fleire nye salmar. I 2013 blei Norsk salmebok og Salmer 1997, erstatta av ei ny salmebok. Nokre gamle salmar er tekne ut, og nokre nye er lagde til. I tillegg er det lagt ein del salmar i ein database til bruk i kyrkjene.

Organistane i kyrkjene er nøkkelpersonar når det gjeld kyrkjemusikk. Egil Hovland er Noregs mest framførte komponist og ein kjend kyrkjemusikar.

Ten sing-rørsla har hatt mykje å seie for ungdomsarbeidet i mange norske kyrkjelydar. Denne song- og musikkstilen kom frå USA i 1960-åra, og songgrupper av unge menneske blei danna over hele landet. Dei siste åra har Soul Children-rørsla ført til at det er blitt danna mange barne- og ungdomskor.

 

Faktarute: Kjende norske salmediktarar frå nyare tid: Olav Hillestad, Svein Ellingsen, Trygve Bjerkrheim, Liv Nordhaug, Eivind Skeie og Vidar Kristensen.

Kjende norske salmekomponistar og organistar frå nyare tid: Egil Hovland, Knut Nystedt, Trond Kverno, Iver Kleive, Per Tveit og Sigvald Tveit.

 

Songarar med kristent repertoar

Mange artistar i Noreg har kristne songar som ein del av repertoaret sitt. Sissel Kyrkjebø er kanskje den mest kjende, ved sida av svenske Carola Häggkvist.

Sigvart Dagsland er ein annan kjend artist som har gitt ut cd-ar med kristne songar. Oslo Gospel Choir under leiing av Tore W. Aas og ungdomskoret Reflex leidd av Martin Alfsen har vore blant dei mest aktive innan gospelmusikk i Noreg dei siste tiåra. Ole Børud er ein norsk artist fødd i 1976. Han har gitt ut to album med kristne tekstar: «Shakin’ the ground» i 2008 og «Keep movin» i 2011.

 

Samandrag

  • Bjørn Eidsvåg er ein kristen songartist som har vore populær i fleire tiår.
  • Ved tempelet i Jerusalem var det song, musikk og dans.
  • Gregoriansk song er einstemmig korsong som har namn etter pave Gregor den store.
  • Bach og Händel levde på 1700-talet. Dei fikk mykje å seie for musikkutviklinga.
  • Negro spirituals la grunnlaget for ulike musikksjangrar, som blues, jazz, gospel, rock 'n' roll, soul og pop.
  • Nokre av songane til Elvis, Bob Dylan og U2 er inspirerte av kristendommen.
  • Sissel Kyrkjebø, Sigvart Dagsland og Ole Børud er norske artistar som også syng kristne songar.

 

Hugsar du?

  1. Fortel med dine eigne ord kva songen «Eg ser» handlar om.
  2. Kva er gregoriansk song?
  3. Kva står «S.D.G.» for?
  4. Fortel om Händels «Messias».
  5. Les avsnittet om Elvis høgt for ein medelev. Skriv nøkkelord.
  6. Kva er Bono kjend for? Teikn Bonos panneband og forklar kva teksten på det betyr.
  7. Kva er presten Landstad kjend for?
  8. Kva er Ten sing-rørsla?

 

Til ettertanke

  1. Kva trur du negro spirituals kunne bety for slavar som var henta frå Afrika, skilde frå familien og som måtte arbeide for ein streng plantasjeeigar?

 

Til vidare arbeid

  1. Vel ein artist eller ei musikkgruppe som er inspirert av kristne tankar. Lag ein presentasjon med tekst, bilete og lyd.

 

Bildesamling

Omgrep

  • Improvisere - Improvisere betyr å spele ut frå fantasien utan fast planlegging
  • Kantate - Ein kantate er eit stort verk som er skrive for kor og orkester
  • Pasjon - Ein pasjon er eit musikkverk som fortel Jesu lidingshistorie