Frelsesarmeen

 

F_Frelsesarmeen, logo  

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne fortelje om

•  kjenneteikn ved Frelsesarmeen. Det kan vere litt om korleis Frelsesarmeen starta, organiseringa og arbeidet blant menneske som har det vanskeleg

  F1x

Slik begynte det

Ein midtsommarkveld i 1865 blei Frelsesarmeen stifta, fortel grunnleggjaren William Booth. Han var prest i Metodistkyrkja og hadde akkurat begynt på ein serie møte han skulle halde i eit av slumstrøka i London. Han heldt vekkingsmøte på ein nedlagd kyrkjegard. Telta der dei heldt møta, var så dårlege at dei bles ned, men Booth heldt fram i friluft. Frelsesarmeen begynte bokstaveleg tala på bar bakke. Booth fortel frå denne kvelden: «Eg kjende meg dregen til desse menneska som syntest utan Gud og utan håp i verda. Her er plassen din, kviskra stadig ei stemme i øyret mitt. Eg gjekk attende til vestkant-heimen min og sa til kona mi: Kate, eg har funne livsoppgåva mi.»

Menneska Booth møtte i Aust-London, var fattige. Dei hadde lite mat, budde dårleg og mange drakk mykje alkohol. Det fanst ikkje noko hjelpeapparat som kunne ta vare på desse menneska. Ekteparet Cathrine og William Booth bestemte seg for «å føre krig» mot desse forholda. «Army without guns» er rørsla kalla.

 

Kjenneteikn

Arbeidet ekteparet Booth dreiv, blei bygd opp etter militært mønster, og det blei kalla «The Salvation Army». Verdsorganisasjonen er delt inn i territorium, territoria i avdelingar og avdelingane i divisjonar. Lokallaga blir kalla korps og medlemmene soldatar. Cathrine og William Booth var eldsjeler og dyktige til å byggje opp organisasjonen. William Booth blei den første leiaren og blei kalla general.

F3

Cathrine Booth spelte ei stor rolle i dette arbeidet. Med sitt engasjement blei ho eit førebilete. Ho blei kalla pionérmora og armémora. Ofte var mannen heime hos barna mens ho var ute og tala. Ekteparet la vekt på gjensidigheit i forholdet og diskuterte praktiske og teologiske spørsmål.

Frelsesarmeen tilbyr omsorg for heile mennesket. Slagordet deira er «suppe, såpe og frelse». Mottoet er at det ikkje nyttar å snakke om Gud til folk med tomme magar og kalde føter. Derfor arbeider dei for å gi svoltne mat og fattige reine klede og for å breie ut kristendommen. Frelsesarmeen driv skoleverksemd og sjukehus og arbeider mot rusmiddel. Han eig og driv institusjonar for foreldrelause barn, aleinemødrer, eldre, alkoholikarar og heimlause. Dei går på besøk til folk i fengsel og deler ut mat og klede til fattige.

F5

Organisasjonen arbeider også med å finne sakna personar. Dei har eit nettverk verda over og er kjende for å vere dyktige. Dei har høg oppklaringsprosent; mange gonger løyser dei saker andre organisasjonar har gitt opp. Finansieringa av heile verksemda skjer gjennom frivillige gåver.

På verdsbasis har Frelsesarmeen over ein million medlemmer i 124 land.

 

Frelsesarmeen i Noreg

F8_Fretex

Frelsesarmeen kom til Noreg i 1888. I 2005 blei organisasjonen offentleg godkjend som eige trussamfunn. Frelsesarmeen har rundt 8000 medlemmer og over 100 korps i Noreg. Det blei tidleg opna slumstasjonar i fleire byar. Der kunne folk få mat, klede og hjelp på andre måtar. I dag driv organisasjonen over 100 institusjonar eller arbeidssenter her. Det er for eksempel barneheim, ungdomsheim, mødreheim, eldreheim, barnehagar, fleirkulturelt arbeid, slumstasjonar og arbeid blant rusmisbrukarar. Armeen driv òg arbeid blant blinde og døve.

 

Kyrkjebygget og gudstenesta

Lokalet til Frelsesarmeen blir kalla tempel. Det er enkelt utstyrt utan altertavle og kyrkjeorgel. Menneska skal vere levande altertavler, og horn- og strengemusikk erstattar orgelet. Det står ein botsbenk framme ved talarstolen i tempelet. Det er ein enkel benk der folk kan knele ned. han blir brukt når nokon vil be for andre, vedkjenne syndene sine eller be om kraft og nåde til å leve eit heilagt kristenliv.

Gudstenesta har få ritual. Møta er ikkje bundne av faste opplegg. Tale, vitnesbyrd, song og musikk har stor plass. Eit vitnesbyrd er når nokon fortel om gleder og sorger i kristenlivet sitt.

 

Samandrag

F7

  • Ekteparet Booth grunnla Frelsesarmeen blant fattige i London.
  • Frelsesarmeen er organisert som ein hær med ein general som leiar.
  • Trussamfunnet arbeider med heile mennesket ut frå slagordet «suppe, såpe og frelse».
  • Frelsesarmeen driv eit stort sosialt arbeid for menneske i vanskelege situasjonar.
  • Kyrkjebygget blir kalla tempel og er enkelt utstyrt.

 

Hugsar du?

  1. Kvifor er Frelsesarmeen kalla «army without guns»?
  2. Skriv nokre nøkkelord om ekteparet Booth.
  3. Korleis lever Frelsesarmeen opp til slagordet sitt: «Soup, soap and salvation»?
  4. Lag ein to-kolonne om namn og omgrep knytte til Frelsesarmeen.

 

Til ettertanke

  1. Kva for utfordringar trur du Cathrine Booth møtte i arbeidet sitt? F9_Frelsesarmeen, innsamling
  2. Kvifor trur du mange legg pengar i julegrytene til Frelsesarmeen?
  3. Tenk deg at du vil starte eit arbeid blant menneske som har det vanskeleg på heimstaden din. Korleis ville du arbeidd?

 

Til vidare arbeid

  1. I Noreg er det ofte ein konsert før jul der inntektene går til Frelsesarmeen. Artistane stiller opp gratis. Tenk deg at du skal planleggje og gjennomføre ein slik konsert. Korleis ville du arbeidd?
  2. Finn meir stoff om det arbeidet Frelsesarmeen driv blant menneske som har det vanskeleg.

Frelsesarmeen

Frelsesarmeen er den nest største formidlaren av sosial hjelp i verda. Den største er FN.

Vanlege medlemmer i Frelsesarmeen blir kalla soldatar. Dei har på seg uniform når dei er i teneste.

Kvinnene har heilt frå begynnelsen av vore likestilt med mennene.

Før jul samlar Frelsesarmeen inn pengar for å hjelpe menneske som ikkje har pengar til juleinnkjøp.
Frelsesarmésoldatar og andre tilsette i Frelsesarmeen står ute i uniformane sine med ei julegryte til å samle pengar i. Mange menneske støttar dette arbeidet ved å leggje pengar i gryta.

Medlemmene i Frelsesarmeen røykjer ikkje og drikk heller ikkje alkohol.

Ei av døtrene i familien Booth heitte Evangeline. Ho var general i armeen i fem år frå 1934.

Bildesamling

Omgrep

  • Ei vekking - Ei vekking begynner ofte med at eit menneske har ei personleg oppleving av å møte Gud. Det skapar eit engasjement som spreier seg