Den ortodokse kyrkja

  Det mest vanlege motivet på ikon er Jesus Kristus allherskaren, han som herskar
over himmel og jord. Eit slikt ikon finst i alle ortodokse kyrkjer. Det står
alltid godt synleg i kyrkja fordi Jesus står i sentrum av ortodoks kristentru.
Jesus er måla på gullbakgrunn med glorie rundt hovudet, slik det blir gjort med
heilage personar. Kvifor trur du glorien har form som ein kross? I glorien står
tre bokstavar på gresk. Dei betyr «han som er». Kvifor trur du det er måla inn
her? Forbokstavane i det greske namnet for Kristus er måla på sidene i biletet.
Kvifor trur du dei er skrivne på gresk? Høgre hand er heva til velsigning over
dei som ser på. Kvifor trur du Jesus har ein bokrull eller ein bibel i venstre
hand? Kva kan fargane på ikonet symbolisere? Les om fargesymbolikk på side 126 i RLE-boka. Sjå eit tilsvarande ikon på side 154 i RLE-boka.
Det mest vanlege motivet på ikon er Jesus Kristus allherskaren, han som herskar over himmel og jord. Eit slikt ikon finst i alle ortodokse kyrkjer. Det står alltid godt synleg i kyrkja fordi Jesus står i sentrum av ortodoks kristentru. Jesus er måla på gullbakgrunn med glorie rundt hovudet, slik det blir gjort med heilage personar. Kvifor trur du glorien har form som ein kross? I glorien står tre bokstavar på gresk. Dei betyr «han som er». Kvifor trur du det er måla inn her? Forbokstavane i det greske namnet for Kristus er måla på sidene i biletet. Kvifor trur du dei er skrivne på gresk? Høgre hand er heva til velsigning over dei som ser på. Kvifor trur du Jesus har ein bokrull eller ein bibel i venstre hand? Kva kan fargane på ikonet symbolisere? Les om fargesymbolikk på side 126 i RLE-boka. Sjå eit tilsvarande ikon på side 154 i RLE-boka.

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • fortelje om kjenneteikn ved Den ortodokse kyrkja
  • fortelje om Den ortodokse kyrkja i Noreg
  • forklare kva som kjenneteiknar ikon
  • fortelje om ortodokse kyrkjebygg, gudstenesta og sakramenta

 

Ikon

Ikona er eit kjenneteikn ved Den ortodokse kyrkja. Ordet ikon betyr bilete, men ikon er meir enn det. Kyrkja lærer at ikonet er fylt med guddommeleg energi, ei heilag forkynning i venleik, form og farge. Motiva er heilage personar og helgenar. Bileta skal ikkje bare gjengi personane, men vise noko av det guddommelege og heilage ved dei. Menneska på ikona er førebilete som skal minne dei kristne om å gjere gode gjerningar. Ikona er som regel måla på gullfarga bakgrunn. Gull er Guds farge, symbol på det guddommelege, herlegdom, makt og ære.

Maria vegvisaren er det mest vanlege ikonet av Maria, Guds mor. Hovudet til Maria er vendt mot Jesus og høgre hand peiker mot han. Dei greske bokstavane ved sida av glorien rundt Maria betyr Guds mor. Maria blir alltid framstilt saman med Jesus, aldri aleine. Jesus er framstilt som eit lite barn, men med eit vakse ansikt. Det er for å understreke den guddommelege visdommen han hadde som barn. Maria vegvisaren er det mest vanlege ikonet av Maria, Guds mor. Hovudet til Maria er vendt mot Jesus og høgre hand peiker mot han. Dei greske bokstavane ved sida av glorien rundt Maria betyr Guds mor. Maria blir alltid framstilt saman med Jesus, aldri aleine. Jesus er framstilt som eit lite barn, men med eit vakse ansikt. Det er for å understreke den guddommelege visdommen han hadde som barn.

Ikonmåling er ein spesiell kunst. Ikona er måla på treplater med utvalde fargar og symbol i spesielle system. Dei er todimensjonale og formidlar noko evig og tidlaust. Dei har ingen lyskjelder eller skuggar. Det er fordi det guddommelege lyset gjennomstrålar bileta. Menneska på bileta er framoverbøygde for å understreke at dei er audmjuke overfor Gud. Auga deira er måla slik at dei ser på dei som er i rommet, uansett kvar i rommet dei er. Ikona er kalla bønn fordi dei skal vere til hjelp for ettertanke og meditasjon. Folk ber ved ikona, ærar dei, tenner lys og kysser dei. Ikona heng i kyrkjer, i forsamlingshus, i heimane og i bilar.

 

? Kvifor trur du ikon er kalla eit vindauge mot det heilage?

 

Den ortodokse kyrkja

Ordet ortodoks betyr rett tilbeding og lovprising eller det å halde seg til den rette læra. Den ortodokse kyrkja meiner at ho har teke vare på både gudstenesteformene og læra frå dei første kristne. Ho meiner å ha bevart den opphavlege kristendommen. Den ortodokse kyrkja kan betre omtalast som dei ortodokse kyrkjene, for ho består av ei rekkje sjølvstendige ortodokse kyrkjer.

Den ortodokse kyrkja er den tredje største greina av kristendommen. Kyrkja er ofte kalla Austkyrkja. Ho står sterkt i land som Hellas, Russland og andre austeuropeiske land. I dag finst kyrkja i store delar av verda, også i Noreg.

 

  Ikonostasen i kapellet i Neiden i Finnmark. Ikonostasen i kapellet i Neiden i Finnmark.

Den ortodokse kyrkja i Noreg

Nordmenn fekk kontakt med Den ortodokse kyrkja gjennom vikingferdene austover. Frå 1500-tallet har det vore ei ortodoks kyrkje i Neiden i Finnmark. Det skuldast den nære kontakten med Russland. Kyrkja i Neiden er den eldste bygningen i Finnmark og er ein del av Heilage Nikolai ortodokse kyrkjelyd, som har sentrum i Oslo og avdelingar rundt om i landet. Den ortodokse kyrkja er ei av dei kyrkjene i Noreg som veks mest. Det er fordi mange innvandrarar er ortodokse.

 

Kyrkjebygget

Ved inngangen i ei ortodoks kyrkje står døypefonten. Han er plassert der for å symbolisere at dåpen er inngangen til kyrkjelyden. Dei som er til stades, står under gudstenesta. Ho kan vare ganske lenge, og folk kjem og går. Kyrkjelyden syng utan instrument.

Ikonostasen i Den Hellige Nikolai Ortodokse kirke i Oslo. Ikonostasen i Den Hellige Nikolai Ortodokse kirke i Oslo.

Kyrkjene er utsmykka med fleire ikon. Dei heng på den øvste delen av veggene inne i kyrkjene. Den nedste delen er plassen til menneska, dei levende ikona. Bileta er synlege teikn på at Jesus, Maria, helgenane og englane er usynleg til stades. Dei som kjem inn i kyrkja, bøyer seg for ikona, krossar seg og kysser eit ikonbilete. Mange tenner lys og set det i ein samlestake, krossar seg og ber ei stille bønn.

 

 

O8

 

 

Gudstenesta

Kyrkja meiner at gudstenesta skal spegle den himmelske røyndommen. Ho går føre seg etter det som blir kalla den guddommelege liturgien. Den djupaste meininga med liturgien er å bli eitt med Gud, å bli guddommeleggjort. Gudstenesta inneheld bønner, skriftlesing og prosesjonar. Det er alltid nattverd i gudstenesta. Brød og vin blir bore i prosesjon gjennom kyrkjerommet inn til altarrommet bak ikonostasen. Der skjer underet at brød og vin blir til Jesu lekam og blod. Det er høgdepunktet i messa. Gjennom å ta imot Jesu lekam og blod blir nattverdsgjesten eitt med Kristus.

Gudstenesta inneheld mykje song, mest korsong og vekselsong. Songane er bønner til Gud. Under gudstenesta spreier presten røykjelse rundt i rommet som eit fysisk uttrykk for Guds velsigning. Gudstenesta appellerer til alle sansane: Det er mange ikon å sjå i kyrkjerommet, ein kan høyre song, lukte røykjelse og smake på brød og vin.

 

Organisering

Den ortodokse kyrkja reknar seg som verdas eldste. Heile kyrkjeorganisasjonen er delt inn i område som er kalla patriarkat. Dei er sjølvstendige kyrkjer med eigne kulturelle tradisjonar. Områda står under leiing av patriarkar. Det eldste av dei ortodokse patriarkata er i Jerusalem. Det russiske patriarkatet er det største, men det er patriarken i Konstantinopel som er overhovud for Den ortodokse kyrkja. Konstantinopel er den byen vi kallar Istanbul, og han ligg i Tyrkia.

Fader Klement til høgre er kyrkjelydsprest i Den russisk ortodokse kyrkja i Oslo. Her er han saman med Olav Fykse Tveit som blei generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd i 2010. Rådet er ein organisasjon for kyrkjer i heile verda med ein medlemsmasse på rundt ein halv milliard menneske. Fader Klement til høgre er kyrkjelydsprest i Den russisk ortodokse kyrkja i Oslo. Her er han saman med Olav Fykse Tveit som blei generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd i 2010. Rådet er ein organisasjon for kyrkjer i heile verda med ein medlemsmasse på rundt ein halv milliard menneske.

Det er berre menn som kan vere prestar og biskopar. Prestane kan vere gifte, men dei kan ikkje gifte seg etter at dei er vigde til prest. Biskopane blir valde blant dei prestane som ikkje er gifte.

 

Fleire kjenneteikn

O9

Den ortodokse kyrkja står på fleire måtar nær Den katolske kyrkja. Ho byggjer læra si på Bibelen og tradisjonen slik Den katolske kyrkja gjer. Medlemmene ærar helgenar, ser på dei som førebilete og ber dei om forbønn hos Gud.

Kyrkja har dei same sju sakramenta som Den katolske kyrkja har. Les om desse på side 204 i RLE-boka. Dåpen og nattverd blir rekna som dei to viktigaste sakramenta. Dåpen skjer ved at kroppen til barnet blir seinka heilt under vatn tre gonger. Barnet blir født på nytt som Guds barn og medlem av kyrkja. Etter dåpen blir barnet salva med ei heilag salve, myronsalva. Nattverd blir forstått som ei offerhandling der Jesus gir dei som trur på han, del i livet sitt. Brød og vin blir delt ut til alle som tek del i nattverden, også barn.

I ortodokse heimar er det ofte ein vegg som blir kalla det vakre hjørnet. Der er det ulike ikon som familien tenner lys og ber framfor. Ikona er blant anna av Jesus, Maria og den helgenen familiemedlemmene er kalla opp etter. Dei bruker også ein rosenkrans eller ei bønnereim når dei ber.

 

Veit du at: Mange ortodokse kristne ber Jesusbønna fleire gonger dagleg. Bønna stammar frå dei første kristne og blir beden i ein spesiell rytme som ein meditasjon. Ho er slik: «Herre Jesus Kristus, Guds son, forbarm deg over meg.»

 

Samandrag

  • Ikon er heilage bilete med religiøst motiv måla etter fastlagt mønster.
  • Den ortodokse kyrkja er den tredje største greina av kristendommen.
  • Den ortodokse kyrkja er ei av dei kyrkjene i Norgeg som veks mest.
  • Det er viktig å halde seg til rett lære og rett tilbeding.
  • Gudstenesta inneheld bønner, skriftlesing og prosesjonar.
  • Den ortodokse kyrkja blir leidd av patriarkar og er inndelt i patriarkat.
  • Dåp og nattverd er dei viktigaste sakramenta.

 

Hugsar du?

  1. Forklar kva eit ikon er. Bruk gjerne tankekart.
  2. Skriv nokre kjenneteikn ved Den ortodokse kyrkja.
  3. Korleis blir Den ortodokse kyrkja leidd?
  4. Teikn ei ortodoks kyrkje med gullkuplar, forklar litt om korleis kyrkja er inni og om kva som skjer i henne.
  5. Fortel om korleis ortodokse kristne praktiserer religionen sin heime.
  6. Skriv ein kommentar til eit av bileta i kapitlet. Bruk det du har lært om fargesymbolikk på side 126 i RLE-boka.

 

Til ettertanke

  1. Den ortodokse kyrkja er oppteken av at alle sansane, som syn, høyrsel, lukt og smak blir tekne i bruk under gudstenesta. Korleis gjer dei det? Kvifor trur du dei er opptekne av det?

 

Til vidare arbeid

  1. Fortel om ikonostasen i ei ortodoks kyrkje.
  2. Prosjekt i samarbeid med faget kunst og handverk: Bruk først tid på å studere kva eit ikon er, og kva for motiv som blir måla på ikon. Les om fargesymbolikk på side 126 i RLE- boka. Mål ikon på treplater.
  3. Finn likskapar og ulikskapar mellom Den ortodokse kyrkja og Den katolske kyrkja.

 

Den ortodokse kyrkja

Ein ortodoks kristen har ofte to namn, eitt frå ein helgen og eitt fritt valt. Dei har eit ikon heime av den helgenen dei er kalla opp etter. Denne helgenen passar spesielt godt på dei.

225 millionar menneske høyrer til Den ortodokse kyrkja.

Den ortodokse kyrkja i Noreg har nærare 10 000 medlemmer.

Nokre gonger blir det hengt små metallgjenstandar på ikona. Desse har folk hengt der som takk for at dei heilage personane har hjelpt sjuke menneske å bli friske.

Mange ortodokse kristne ber Jesusbønna fleire gonger dagleg. Bønna stammar frå dei første kristne og blir bedt i ei spesiell rytme som ein meditasjon. Ho er slik: «Herre Jesus Kristus, Guds son, forbarm deg over meg.»

Omgrep

  • Liturgi - Liturgi betyr ordning for gudstenesta
  • Ortodoks - Ortodoks betyr rett lære, ei lære som er i samsvar med det opphavlege
  • Patriark - Patriark betyr overhovud, leiar, far eller stamfar