Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage - mormonkyrkja

 

  Rel_12

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne fortelje om

  • nokre kjenneteikn ved Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage, også kalla mormonkyrkja

 

Korleis begynte det? Rel_9

Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage begynte med Joseph Smith, som levde på 1800-talet i New York i USA. I 1823 fortalde Smith at han hadde fått eit syn eller ei openberring frå Gud, I synet kom engelen Moroni til Smith og fortalde at det låg ei bok nedgraven på ei høgd like bak den garden Smith budde på. Boka var eigentleg nokre gullplater som var oppbevarte i ei steinkiste. Saman med platene låg det han trong for å forstå kva som stod på platene og omsetje dette til engelsk. Da Smith var ferdig med omsetjingsarbeidet, kom engelen og henta platene og tok vare på dei. Elleve menn har skriftleg stadfest at dei har sett gullplatene, at dei var gamle, og at det Smith fortalde var sant. Boka blei utgitt og kalla Mormons bok. Seinare fekk Smith fleire openberringar.

Smith var overbevist om at Gud hadde valt han til å gjenopprette eller
gjeninnføre Kristi sanne kyrkje. Den opphavlege kristendommen slik Jesus lærte disiplane sine, hadde gått tapt gjennom hundreåra etter at Jesus døydde. Smith hadde fått kjennskap til den sanne kristendommen, slik han eigentleg skulle vere, gjennom openberringane og det som stod i Mormons bok.

 

Engelen Moroni og gullplatene

Rel_8

Joseph Smith var berre 14 år da han fekk den første openberringa si. Engelen Moroni var eit himmelsk sendebod som kom til Smith og fortalde om kva kristendommen eigentleg var. Engelen fortalde at det som stod på gullplatene, var skrive av eit folk som hadde levd i Amerika i gammal tid. Dei var etterkommarar av nokre som hadde utvandra frå Israel. Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, hadde han besøkt desse menneska.Éin av dei siste leiarane deira heitte Mormon. Det var han som hadde skrive teksten på gullplatene og grave dei ned. Gud ville at det som stod på gullplatene, skulle bli kjend fordi det var sanninga om korleis kristendommen eigentleg skulle vere. Smith var mannen som skulle føre dette vidare.

 

Kjenneteikn

Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage blei etablert i New York i 1830 med seks medlemmer. I dag er det eit verdsomspennande kyrkjesamfunn med rundt 15 millionar medlemmer spreidd over 160 land. Det er den fjerde største kyrkja i USA, halvparten av innbyggjarane i staten Utah er mormonar.

Mormonane byggjer læra si på Bibelen og andre skrifter. Mormons bok er kalla eit anna testamente om Jesus Kristus. Ved sida av skriftlege kjelder kan kyrkja sine leiarar til kvar tid få openberringar frå Gud. Desse openberringane kan bli grunnlag for kyrkja si lære. Mormonkyrkja blir leia av ein profet og tolv apostlar med førebilete i Jesus og dei tolv disiplane hans.

Rel_13

Mormonane lærer at mennesket blir frelst av Guds nåde. Men trua må følgjast av gode gjerningar. Dåp er ein føresetnad for å komme til himmelen. Barn blir døypte rundt åtteårsalderen. Mormonane praktiserer dåp på vegner av andre. Det kan for eksempel ver at ein døyper seg i namnet til slektningar som er døde.Dei døde vil da sjølve kunne velje om dei vil godta dåpen eller ikkje.

Ektepar kan viast slik at dei kan vere saman i dette livet og i æva etter
døden. Menneske som er i familie med kvarandre, kan bekrefte familieforholdet slik at dei kan ha eit nært forhold etter døden. Derfor er mange mormonar engasjerte i slektsforsking og familiehistorie. Dei er også opptekne av å lære andre om trua si og sender derfor ut misjonærar. Misjonen består blant anna i at to unge menn går saman for å fortelje andre om det dei trur på.

Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage har røter i kristendommen. Men ho blir ikkje rekna med blant dei kristne kyrkjene fordi ho har ei anna lære.

 

? Mormonane er opptekne av å ha eit godt forhold mellom medlemmene i ein familie. Derfor har mange ein fast kveld i veka der berre familien er
samla for å ha bibelundervisning, prate og ha det hyggjeleg saman.
Korleis trur du det påverkar ein familie? Korleis trur du det hadde vore
å ha ein fast dag i veka der familien er samla for å ha det hyggjeleg
saman?

 

I Noreg

I 1851 blei den første mormonen døypt i Noreg, og etter kvart kom fleire til. Til å
begynne med blei dei forfølgde, og mange utvandra derfor til Amerika. På
begynninga av 1900-talet var det mormon-forsamlingar i mange av dei
store byane. Det ca. 4000 mormonar i Noreg.

 

Samandrag

  • Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage blei etablert i New York i 1830.
  • Grunnleggjaren heiter Joseph Smith.
  • Hovudkvarteret ligg i Salt Lake City i staten Utah i USA.
  • Mormonane byggjer læra si på Bibelen og på andre skrifter, som Mormons bok.
  • Dei er opptekne av å ha eit godt forhold i familien.
  • Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage har røter i kristendommen, men
    blir ikkje rekna som ei kristen kyrkje fordi ho har ei anna lære.

 

Hugsar du?

  1. Skriv nokre nøkkelord om grunnleggjaren Joseph Smith.
  2. Kva er Mormons bok?
  3. Kvifor ligg hovudkvarteret i Salt Lake City?
  4. Kva tenkjer mormonane om dåp?
  5. Kvifor er familien viktig for mormonane?
  6. Kvifor blir ikkje denne kyrkja rekna som ei kristen kyrkje?

 

Til ettertanke

  1. Mormonane legg vekt på å leve sunt og halde seg vekk frå alkohol, tobakk, kaffi, te og andre skadelege stoff. Korleis trur du det påverkar kvardagslivet deira?
  2. Korleis måtte du innrette deg dersom du skulle leve sunt?

 

Til vidare arbeid

  1. Lag ein presentasjon av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage – mormonkyrkja.

 

 

Mormonkyrkja

Tilhengjarane av kyrkja blei forfølgde i begynnelsen. I 1844 ville Smith stille som presidentkandidat for å få retta merksemda til styresmaktene mot forfølginga av kyrkja. Men han blei drepen same år, 39 år gammal. For å sleppe unna forfølginga blei medlemmene tvinga til å reise vestover. Dei slo seg ned i Utah, der dei i dag har hovudkvarteret sitt i Salt Lake City.

Medlemmene av mormonkyrkja legg vekt på å leve sunt. Dei held seg vekke frå alkohol, tobakk, kaffi, te og andre skadelege stoff. Seksualiteten skal berre levast ut innanfor ekteskapet. Kyrkja blir finansiert ved at medlemmene betaler tiende. Det vil seie at 10 prosent av det dei tener, frivillig blir gitt til kyrkja.

Bildesamling

Omgrep

  • Å openberre - Å openberre er å gjere kjend noko som har vore skjult. Ei openberring er eit syn eller ein visjon der noko blir kjend som tidlegare har vore skjult