Jehovas vitne

 

Jehovas vitner_rikets sal

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne fortelje om

  • •nokre kjenneteikn ved Jehovas vitne

 

Guds namn

Jehovas vitne bruker namnet Jehova på Gud. På hebraisk blei Guds namn skrive med konsonantane JHWH. Hebraisk er grunnspråket i Det gamle testamentet. Den vanlege omsetjinga av dette namnet er Jahve, men vitna bruker forma Jehova. Dei meiner det er viktig å kjenne Gud ved hans rette namn.

 

Korleis begynte det?

I 1884 stifta forretningsmannen Charles T. Russell frå Pennsylvania i USA Vakttårnets Bibel- og Traktatselskap. Da hadde bladet Vakttårnet alt komme ut i fleire år. Russell og medarbeidarane hans var kjende som bibelstudentar og gav òg ut bokserien «Studium i Skrifta». Dei prøvde å finne fram til den rette kristne læra ved å studere Bibelen grundig. Dei var særlig opptekne av verdas ende, at Jesus skulle komme tilbake til jorda, og av dommedag.

I 1931 tok bibelstudentane namnet «Jehovas vitne», og eit nytt trussamfunn var stifta. Jehovas vitne har
sterke røter i kristendommen. Dei reknar seg sjølve som dei einaste sanne kristne, men blir ikkje rekna med blant dei kristne kyrkjene fordi dei har ei anna lære.

 

Kjenneteikn

Jehovas vitne blir leidd av eit styrande råd som held til i Brooklyn i New
York. Kvar forsamling blir styrt av eit eldsteråd som består av ei
gruppe erfarne kristne menn. For å trykkje og gi ut biblar og bibelsk
litteratur har Jehovas vitne oppretta Vakttårnets Bibel- og
Traktatselskap. Dei gir ut si eiga bibelomsetjing. Denne skil seg noko
ut frå den kristne Bibelen. I bladet Vakttårnet og i andre skrifter blir ulike bibeltekstar drøfta og tolka.

Forsamlingshuset heiter Rikets sal. Det er enkelt innreidd utan utsmykking. Der er det møte to–tre gonger i veka med hovudvekt på bibelundervisning ut frå trussamfunnet si eiga bibelutgåve. I tillegg driv medlemmene bibelstudium heime. Dei fleste medlemmene er forkynnarar som er med på å breie ut læra til Jehovas vitne. Dei går frå hus til hus og på gater for å spreie deira bibel og litteratur.

Vitna meiner at Jehova er namnet på Gud. Jesus, Guds son, er Guds første skapning og menneska sin frelsar. Jesus stod ikkje opp frå døden med kroppen, men blei reist opp frå døden som ein åndsskapning. Jesus blei sett inn som konge i Guds rike i 1914. Gud er ikkje treeinig, slik kristne lærer. Jehovas vitne reknar ikkje Jesus som sann Gud.

Dåpen blir sett på som eit symbol på at den døypte har vigd livet sitt til
Gud for å gjere hans vilje. Den som blir døypt, må først ha studert
Bibelen grundig. Vitna feirar éi høgtid, det er høgtida til minne om
Jesu død. Denne blir kalla minnehøgtida. Tidspunktet for feiringa blir
rekna ut etter jødisk kalender. Alle forsamlingar over heile verda
samlar seg i møtelokala sine på årsdagen for Jesu død. Da blir det sendt rundt brød og vin som symboliserer Jesu lekam og blod. Berre nokre utvalde, kan ete og drikke dette. Dei andre ser på med respekt.

Det er dei som trur på Gud og Jesus Kristus og som gjer Guds vilje, som kan bli frelste. 144 000 av desse skal veljast ut til å vere med i ei himmelsk regjering som skal styre verda saman med Jesus Kristus. Resten skal leve evig på jorda, som Jehova skal gjere om til eit paradis. Dei som ikkje trur på Gud og Jesus og som ikkje handlar etter Guds vilje, vil bli utsletta. Jehovas vitne trur at dette vil skje i nær framtid.

 

Jehovas vitne feirar ikkje jul, 17. mai eller fødselsdagar. Kva for utfordringar trur du det gir familiar som tilhøyrer Jehovas vitne i Noreg?

 

Jehovas vitne i Noreg

Den første forsamlinga i Noreg blei grunnlagd i Skien på starten av 1900-talet. Rørsla har no ca. 15 000 medlemmer i 170 forsamlingar over heile landet. 10 000 av medlemmene blir rekna som forkynnarar og går frå hus til hus for å overtale folk til å bli Jehovas vitne. Verksemda i Noreg blir leidd frå Ytre Enebakk i Akershus. Ei norsk omsetjing av
Jehovas vitne sin bibel kom ut i 1996. 

 

Samandrag

  • Grunnleggjarane av Jehovas vitne studerte Bibelen for å finne det dei meinte var den rette kristne læra.
  • Jehovas vitne har over seks millionar medlemmer spreidde i dei fleste landa i verda.
  • Jehovas vitne ser på seg sjølve som dei einaste sanne kristne, men blir ikkje rekna med blant kristne kyrkjer fordi dei har ei anna lære.
  • Forsamlingssalen heiter Rikets sal og er enkelt utstyrt.
  • Vitna feirar éi høgtid, minnehøgtida om Jesu død.

 

Hugsar du?

  1. Kva heiter forsamlingshuset til Jehovas vitne?
  2. Kvifor blir dei fleste medlemmene av Jehovas vitne rekna som forkynnarar?
  3. Fortel om nokre kjenneteikn ved Jehovas vitne.
  4. Kvifor blir ikkje Jehovas vitne rekna som eit kristent kyrkjesamfunn?

 

Til ettertanke

  1. Jehovas vitne meiner at Jehova skapte verda for millionar eller milliardar av år sidan. Men livet på jorda blei skapt på dei seks skapingsdagane som det står om i 1. Mosebok. Kvar dag i skapingsforteljinga varte i fleire
    tusen år. Ifølgje Bibelens tidsrekning blei mennesket skapt i år 4026 f.Kr. Kva tenkjer du om dette?

 

Til vidare arbeid

  1. Finn meir stoff om Jehovas vitne på heimesida deira.

 

 

 

 

 

Jehovas vitne

Jehovas vitne tek ikkje imot blodoverføringar, men dei søkjer legehjelp ved sjukdom. Dei nektar å utføre militærteneste og deltek ikkje i det politiske livet. Til å begynne med blei Jehovas vitne forfølgde i USA, men fleire avgjerder i amerikansk høgsterett har forsvart retten deira til å forkynne.

Fleire gonger har Jehovas vitne peikt på eit bestemt tidspunkt då jorda skulle gå under, Jesus komme tilbake og det skulle vere dommedag. Nokre av desse årstala har vore 1914, 1925 og 1975. I dag meiner Jehovas vitne at endetida er her. Ho begynte i 1914 ved at Jesus Kristus det året blei sett inn som konge på jorda.

Bildesamling

Omgrep

  • Treeinig - Kristne meiner at Gud er treeinig, det vil seie at Gud er både éin og tre, altså Fader, Son og Den heilage ande