Bahai

  Rel_1

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne fortelje om

  • •nokre kjenneteikn ved bahai-trua

 

Korleis begynte det?

Bahai er i dag ein verdsreligion, den yngste av dei. Han blei grunnlagd av
Hussein Ali, som levde i Persia på 1800-talet. Hussein kom frå ein rik
adelsfamilie og fekk privatundervisning hjemme. Han var ein ivrig muslim
da han var ung. Da Hussein var midt i 30-åra, fekk han openberringar
frå Gud. Etter kvart kalla han seg profet og tok namnet Bahaullah, som
betyr Guds herlegdom eller glans. Han var kjend for å vere gåvmild og
vennleg.

Persia var eit muslimsk land. Innan muslimsk tru finst
det ingen profet etter Muhammed. Når Bahaullah kalla seg profet, kom han
i konflikt med religionen i landet og med styresmaktene der. Det førte
til at han blei fengsla. Men sjølv om han var i fengsel, fekk han
spreidd bodskapen sin ved å sende brev. Da blei Bahaullah utvist frå
landet. Han busette seg i Palestina. Der budde han i 40 år til han
døydde i 1892.

Da Bahaullah var død, blei bodskapen hans tolka og
ført vidare av sonen og sonesonen hans. Etter dette har leiinga av
bahaireligionen bestått av eit råd på ni personar som er valde for fem
år av gongen. Desse held til i byen Haifa i Israel, der hovudsetet for
bahaireligionen ligg. Rundt seks millionar menneske i 200 land høyrer
til denne religionen i dag.

 

? Mange trusretningar har vakse etter at viktige leiarar har blitt forfølgde og fengsla. Kvifor trur du det er slik?

 

Kjenneteikn

Bahaiane trur at Bahaullah innleidde ei ny tid som menneske til alle tider har
lengta etter. Det er ei tid som vil sikre fred og rettferd for alle i
heile verda. Målet er å få eitt land i verda med éi felles regjering,
eitt felles språk og éin religion.

Rel_2

Det fremste kjenneteiknet ved denne nye tida er einskap. Bahaiane trur at menneska sin einskap,
nasjonane sin einskap og religionane sin einskap skal bli verkeleg.
Desse visjonane og tankane har stor kraft fordi dei er gitte av Gud, som
også er éin. Dette vil påverke alt liv slik at det vil bli sant. Den
sentrale bodskapen er at menneska er éin rase, og at tida er inne til at
alle blir sameinte i eitt verdssamfunn. Gud har frigjort krefter som
bryt ned barrierar mellom folk. Slike barrierar er rasar, klasser,
trusoppfattingar og nasjonar. Utfordringa er å godta at alle er éi
eining, og å støtte dei prosessane som skaper sameining.

Bahai-trua er ein optimistisk religion som trur det er mogleg å føre menneska fram
til åndeleg og moralsk modning. Det er nokre prinsipp som er nødvendige
for at dette skal skje. Nokre av desse er at

  • vi gir opp alle former for fordommar
  • kvinner blir sikra dei same rettane som menn
  • vi gjer slutt på ytterlegheitene i rikdom og fattigdom
  • vi gjennomfører skolegang for alle
  • alle får høve til å finne sanninga sjølv, uavhengig av andre
  • det blir oppretta eit verdsomspennande forbund der alle sjølvstendige statar går saman under éi felles regjering
  • familien er viktig, han er grunnlaget for det menneskelege samfunnet
  • ein rår frå skilsmisse av omsyn til barna
  • seksuelt samliv høyrer til i ekteskapet

 

? Kva tenkjer du om desse prinsippa? Kva for nokre av desse prinsippa trur du dei ulike verdsreligionane kan vere einige i?

 

Tru og handling

Bahaiane sitt gudshus blir kalla tempel. I dag er det sju slike tempel rundt om i verda. Alle har ni sider som symboliserer mangfaldet i menneskeslekta. Tempelet har ein kuppel som symboliserer bahaiane sine tankar om einskap. Bahai-trua har ingen prestar og ingen faste ritual. Ho har ei stor samling av heilage skrifter.

Rel_4

Guds eigenskapar som kjærleik og kunnskap er lagde ned i menneska. Målet med livet er å leve ut desse eigenskapane i teneste for andre. Det skjer ved ei frivillig og medvite vald tru på Gud og bodberarane hans, profetane.

Kvart enkelt medlem er i stand til å ta stilling til spørsmåla i livet gjennom bønn og ettertanke og ved å søkje råd hos andre. Trua skal vise seg i handling, meiner bahaiane. Derfor er dei samfunnsengasjerte og opptekne av sosial og økonomisk utvikling. Dei engasjerer seg blant anna sterkt i ulike kvinneprosjekt verda over. Dei støttar FNs arbeid fordi
organisasjonen har eit stort arbeid som sameiner menneske og nasjonar.

 

? Bahaiane avstår frå å bruke alkohol og narkotika fordi desse stoffa
sløvar sinnet. Det gjer også baktaling, for ho svekkjer tilliten mellom
menneska, meiner dei. Kva tenkjer du om det?

 

Veit du at bahaiane har vore forfølgde gjennom historia. I dag er det mange tilhengjarar av bahai-trua i Iran. I muslimske land blir bahaiar ofte forfølgde. Dei blir blant anna nekta rett til utdanning og jobb.

 

Bahai i Noreg Menneske frå dei fleste trus- og livssynssamfunn i Noreg møtest til livssynsdialog. Her er det frå eit møte med representantar frå Den norske kyrkja, Buddhistforbundet, Norges Frikirkeråd, Human-Etisk Forbund, Kristensamfunnet, Islamsk Råd, Det Mosaiske Trossamfund, Alternativt Nettverk, Verdikommisjonen, sikhar, bahaiar og hinduar. Menneske frå dei fleste trus- og livssynssamfunn i Noreg møtest til livssynsdialog. Her er det frå eit møte med representantar frå Den norske kyrkja, Buddhistforbundet, Norges Frikirkeråd, Human-Etisk Forbund, Kristensamfunnet, Islamsk Råd, Det Mosaiske Trossamfund, Alternativt Nettverk, Verdikommisjonen, sikhar, bahaiar og hinduar.

I Noreg er det litt over 1000 tilhengjarar av bahai-trua. Det er ei samansett gruppe med menneske frå over 40 land. Bahai er ein religion i
vekst her i landet. Medlemmene bruker vanlege møtelokale eller private
heimar til samlingane sine. Dei har ikkje noko eige tempel, men eig ei tomt der dei tenkjer å byggje eit bahaitempel. Denne tomta ligg i nærleiken av Oslo. I Oslo har dei sitt eige gravfelt. Det nasjonale
senteret til Bahai-samfunnet i Noreg ligg i Holmenkollvegen i Oslo.

 

Samandrag

  • Bahai er den yngste verdsreligionen og har rundt seks millionar tilhengarar.
  • Bahaiane trur at Bahaullah var den siste i rekkja av Guds bodberarar.
  • Hovudsetet ligg i byen Haifa i Israel.
  • Bahaireligionen sitt mål er å få eitt land i verda med éi felles regjering, eitt felles språk og éin religion.
  • Bahaiane trur at menneska sin einskap, nasjonane sin einskap og religionane sin einskal skal bli verkeleg.
  • Gud har frigjort krefter som bryt ned barrierar mellom folk, som rasar, klasser, trusoppfattingar og nasjonar.
  • Gudshuset blir kalla tempel. Det har ni sider og ein stor kuppel på toppen.
  • Bahaiane har ingen prestar eller ritual, men ei stor samling heilage skrifter.
  • Trua skal vise seg gjennom handling, derfor er bahaiane samfunnsengasjerte.

 

Hugsar du?

  1. Skriv nokre nøkkelord om Bahaullah.
  2. Kva tenkjer bahaireligionen om einskap?
  3. Kvifor støttar bahaiane ulike kvinneprosjekt verda over?
  4. Fortel om nokre kjenneteikn ved bahaireligionen.

 

Til ettertanke

  1. Bahaiane meiner at dersom ikkje menneska strever så mykje med å bli rike, blir dei rike inni seg. Kva tenkjer du om det?
  2. Kva trur du skal til for å skape ei rettferdig verd der ingen er spesielt rike eller spesielt fattige?
  3. Kva
    tenkjer du om at alle land i verda skal vere eitt land med éi felles
    regjering, eitt felles språk, éin felles religion og éin felles domstol?

 

Til vidare arbeid

  1. Finn nokre likskapar og ulikskapar mellom bahai og andre verdsreligionar.

 

 

Bahai

Persia heiter no Iran.

Bahaiane trur at Bahaullah er den siste i rekkja av Guds bodbringarar eller profetar. Før han hadde profetane blant andre vore Moses, Buddha, Zarathustra, Jesus og Muhammed. Bahaiene meiner at Bahaullah fornya Guds pakt med menneska, og at han er Guds profet i vår tid. Bahaullah oppfyller alle profetiar i verdsreligionane.

Bahaiane har vore forfølgde gjennom historia. I dag er det mange tilhengjarar av bahai-trua i Iran. I muslimske land blir bahaiar ofte forfølgt. Dei blir blant anna nekta rett til utdanning og jobb.

Bildesamling

Omgrep

  • Profet - Profet betyr bodberar, ein som forkynner ein bodskap frå Gud
  • Profeti - Ein profeti er bodskapen til ein profet, altså ein bodskap frå Gud
  • Å openberre - Å openberre er å gjere kjend noko som har vore skjult. Ei openberring er eit syn eller ein visjon der noko blir kjend som tidlegare har vore skjult