Ungdomskultur og venleiksideal

Foto U 1  

«Det er utsjånaden som fangar merksemda, men det er personlegdomen som bind henne.»  Ukjend

 

? Kva tenkjer du om dette sitatet?

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

•      reflektere over etiske spørsmål knytte til ungdomskultur og kroppskultur

 

Kva er ungdomskultur?

Med ungdomskultur tenkjer vi på ein kultur skapt av og for unge menneske. Omgrepet ungdomskultur oppstod i 1950-åra da rock blei ei populær musikkform. Rocken var noko foreldregenerasjonen hadde lita forståing for den gongen, og mange tok avstand frå han. Men mange ungdommar likte rockemusikken med dei heftige, harde rytmane. Også ein ny klesmote med olabukser og skinnjakker gjorde at mange unge skilde seg ut frå foreldregenerasjonen.

Foto U 3

Ei anna viktig årsak til at vi kan snakke om ungdomskultur, var den økonomiske framgangen i den vestlege verda etter den andre verdskrigen. Dei fleste familiar fekk betre økonomi, og også ungdom fekk etter kvart god økonomi. Dei blei ei eiga forbrukargruppe som klesindustrien blei interessert i. Slik var grunnlaget lagt for at ungdom kunne utvikle sin eigen kultur og bli ei mottakargruppe for motar, musikk og film retta direkte mot dei.

I dag tenkjer vi også på ungdomskultur som noko som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Barn er ofte meir knytte til aktivitetar saman med foreldra eller som foreldra er med på å bestemme at dei skal delta i. Ungdom riv seg meir laus frå foreldra. Unge menneske vil bestemme sjølv kva for klede dei skal gå med, kva type musikk dei skal høyre på, og kva dei skal gjere i fritida saman med venner. Motsetnader mellom generasjonar har det alltid vore, men det er først i dei siste 60 åra det har utvikla seg ein eigen ungdomskultur.

 

? Kor viktig meiner du det er å gjere noe som skil deg ut frå foreldra dine?

 

Ungdom og språk

Ungdom har alltid markert seg i forhold til vaksne gjennom språket. Dei har utvikla sine eigne slangord som dei vaksne i utgangspunktet ikkje har forstått. I dag er denne tendensen enda tydelegare. Nokre ord er henta frå engelsk, som for eksempel rule, som betyr å vere best, beherske scenen eller dominere, eller disse, som er å snakke stygt til eller om nokon, og som kjem av det engelske ordet disrespect. Mange lånord frå andre språk går under nemninga kebabnorsk. Eksempel her er ordet , som kjem frå arabisk og kurdisk og betyr nei, ikkje, dårleg eller stygg, eller kæbe, som kjem frå arabisk og berbisk og betyr jente. Dette er ord foreldregenerasjonen vanlegvis ikkje kjenner.

Foto U 2

 

? Kva for slanguttrykk bruker du som foreldra dine ikkje bruker?

 

I dag utviklar ungdom også eit eige språk gjennom bruk av sosiale medium. Mange loggar seg på når dei kjem heim for å følgje med på kva vennene gjer, fortelje om kva ein sjølv gjer, og for å vere tilgjengeleg viss noko skjer. Mange bruker forkortingar når dei skriv. Grupper av ungdom lagar sine eigne forkortingar som andre ungdommar ikkje forstår. Slik er skriftspråket, og ikkje berre talespråket, i ferd med å endre seg.

 

Mange forskjellige ungdomskulturar

Foto U 4

Det er ikkje berre éin ungdomskultur, akkurat som det ikkje finst berre éin vaksenkultur. Ungdomsgrupper skil seg frå kvarandre blant anna gjennom klesstil, frisyrar, musikksmak og fritidsinteresser.

 

? Kva for ulike ungdomskulturar eller ungdomsgrupper kjenner du til? Kva kjenneteiknar ungdom som høyrer til desse kulturane?

 

I dag blir ungdomskultur teken på alvor. I mange kommunar blir det lagt til rette for at ungdom som er interessert i musikk, skal få stader der dei kan øve. Idrettslaget etablerer nye aktivitetar for ungdom, og det blir drive ungdomsklubbar og liknande der ungdom sjølve er med og bestemmer. Samtidig er ungdom ei utsett gruppe, så når kommunen må spare pengar, er ofte ungdomstilboda i faresona.

 

Ungdom og mote

Foto U 6

Mange unge er opptekne av den klesmoten venner bruker. Dei ønskjer ikkje å skilje seg ut, men vil vere ein naturleg del av ungdomsmiljøet dei vankar i. Nye trendar dukkar stadig opp. Ein periode skulle jentene gå med navlen bar, uansett temperatur, og gutar skulle ha på seg lue eller caps innandørs. Men er det ungdommen sjølv som bestemmer moten, eller blir dei påverka av reklame og førebilete innanfor for eksempel musikk og film?

Eit anna eksempel er mobiltelefonen. For nokre år sidan kunne ingen tenkje seg at ungdom ville bruke masse pengar på å kunne sende tekstmeldingar. Men mobiltelefonen har endra måten vi relaterer oss til kvarandre på. Vi sender ei tekstmelding og spør kvar vennene våre er, og kva som skjer. Og i dag er Instagram og andre sosiale medierom lag like vanleg.

 

? Kva tenkjer du om at mange byter mobiltelefon minst ein gong i året?

 

I dag er ungdom ei kjøpesterk gruppe, og mykje reklame er retta mot dei. Reklamen er også ofte retta mot bestemte ungdomskulturar. Men lèt ungdom seg påverke av reklame? Og kven i ungdomsgruppa bestemmer kva som er kult?

Ei utfordring når det gjeld trendar og motar, er at ein i nokre tilfelle må ha det siste nye for å vere fullt godteken av dei andre i gruppa. Dette kan gjelde spelmaskinar, mobiltelefonar eller klede. Det er ikkje dei nære vennene som ikkje godtek deg, men andre i ungdomsgruppa di som kan ymte frampå om at du ikkje er heilt «med». Men er det viktig å bli godteken av andre på grunn av ytre ting?

 

? Kor annleis meiner du ein kan vere før ein ikkje blir godteken av dei ein er saman med?

 

Ungdom og kropp

U 8

Ungdomsblad, vekeblad og andre magasin har annonsar for ei rekkje forskjellige produkt med unge, slanke, vellykka menneske. Biletet vi får av den perfekte unge kvinna, er at ho er tynn, har vakre, jamne, kvite tenner, ein pen, rett nase, skinnande auge, osv. Guten har blant anna ein kraftig kropp, skarpe ansiktstrekk og flotte tenner. Viss vi ser oss om blant dei vi kjenner, er det svært få som ser ut som dei i annonsane. Men blir vi påverka og ønskjer at vi skal likne litt meir på dei i blada, eller bryr vi oss ikkje om det?

 

Veit du at bileta i annonsane er retusjerte. Det vil seie at dei er manipulerte for at ungdommane skal sjå ut som ideala.

 

? Kva tenkjer du om venleiksidealet for gutar og jenter som blir presentert i annonsar?

 

Somme menneske er så misfornøgde med korleis dei ser ut at dei bruker det meste av tida si og energien sin på anten å slanke seg kraftig eller å byggje opp store musklar.

U 10

Det vi kallar nervøse eteforstyrringar som anoreksi og bulimi, er mest vanleg blant jenter, men det er mange gutar òg som lir av eteforstyrringar. Vi reknar med at ca. 100 000 personar er ramma av denne sjukdommen i Noreg.

 

? Kva kan du gjere viss du får mistanke om at ein venn eller ei venninne er i ferd med å utvikle eteforstyrringar?

 

U 11 Ein del gutar ønskjer å få litt større musklar og begynner å pumpe jern på treningsstudio. Normal trening er sunt, men tanken på å få større musklar kan ta overhand og bli det viktigaste i kvardagen. Denne sjukdommen blir kalla megareksi. Mens anorektikaren aldri kan bli slank nok, kan megarektikaren ikkje få store nok musklar. Eit alvorleg problem knytt til megareksi er også bruk av dopingmiddel som anabole steroid.

 

? Kva vil du gjere viss du får mistanke om at ein venn er i ferd med å utvikle megareksi?

 

I dag er legevitskapen komme langt når det gjeld kosmetiske operasjonar. For menneske som har fått øydelagt utsjånaden på grunn av sjukdom eller ulykker, er dette ei god utvikling. Men kva skjer når alminnelege menneske begynner å bruke pengar på å få større bryst, rette på nasen eller sprøyte inn botox eller restylane for å få større lepper? På tv går det seriar som viser korleis menneske kan endre utsjånaden og bli lykkelege berre dei får retta på ulike kroppsdelar.

 

? Kva meiner du om innsprøytingar eller operasjonar som skal rette opp utsjånaden til menneske som ser heilt alminneleg ut?

 

Samandrag U 12

  • Med ungdomskultur tenkjer vi på ein kultur skapt av og for unge menneske.
  • Eigne ord og uttrykk har alltid vore viktige i ungdomskulturen.
  • Grupper av ungdom lagar sine eigne kulturuttrykk.
  • Klesmote kjenneteiknar ulike ungdomsgrupper.
  • For sterk merksemd på kropp kan føre til eteforstyrringar.
  • Det er viktig å ha ein sunn kropp.
  • Gjennom kosmetiske operasjonar ønskjer somme å endre utsjånaden.

 

Hugsar du?

  1. Kva kjenneteiknar din eigen ungdomskultur?
  2. Kvifor trur du det er viktig for ungdom å utvikle ord og uttrykk foreldregenerasjonen ikkje kjenner?
  3. Kvifor trur du mange reklamebilete av ungdom er retusjerte?
  4. Kva er anoreksi?

 

Til ettertanke

  1. Korleis passar du på at kroppen din er sunn?
  2. Kva for tankar gjer du deg om kvifor mange unge lir av anoreksi og megareksi?
  3. Kva for tilbod finst det for ungdom på heimstaden ditt?

 

Til vidare arbeid

  1. Undersøk kvar anorektikarar og megarektikarar kan få hjelp.
  2. Finn forskjellige annonsar der ungdom reklamerer for klede. Korleis blir ungdommane framstilte? Kva for ideal gjeld for ulike ungdomsgrupper?

 

Omgrep

  • Kultur - Kultur er det som er typisk for eit land, eit samfunn eller ei gruppe. Det kan vere det menneske tenkjer, trur eller gjer som eit uttrykk for haldningar og verdiar.