Verda og Noreg: Økologi og natur

Filosofi og etikk_utsikt, himmel, msk

«Optimistar skaper håp. Vi treng menneske som håper. Optimistar skaper tru. Vi treng folk som trur at det går. Optimistar skaper rørsle mot det positive og det umoglege. Da kjem vi lenger enn vi trudde da vi begynte.»

Dagrun Eriksen

 

? Kva tenkjer du om Dagrunn Eriksens tankar om optimistar?

 

Kva skal du lære? Filosofi og etikk_forsøplet strand

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

• drøfte verdival og aktuelle tema, som sosialt og økologisk ansvar i samfunnet

• drøfte teknologiske utfordringar som dette fører med seg

• tenkje over og samtale om spørsmål om natur og kultur

 

Berekraftig utvikling

Filosofi og etikk_grønt symbol, miljø

Dei siste tretti åra har FN arbeidd for å finne løysingar på dei store miljø- og fattigdomsproblema verda står overfor. I 1983 blei omgrepet berekraftig utvikling innført.

Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydeleggje vilkåra for framtidige generasjonar til å dekkje sine. Med andre ord må vi bruke ressursane våre fornuftig. Men ei berekraftig utvikling inneber ikkje berre ei utvikling som tek omsyn til kommande generasjonar. Ho vil òg krevje ei jamnare fordeling av ressursane i verda mellom menneske og mellom land.

 

Fattig og rik

Å minske og helst bli kvitt fattigdommen i verda er ei av dei største utfordringane vi står overfor i dag. Sommaren 2013 var det over 7 milliardar menneske i verda. 20 prosent bur i dei rike, industrialiserte landa, men står for heile 80 prosent av forbruket.

Fattigdom varierer frå land til land, og i ein større målestokk kan det vere vanskeleg å seie kven som er fattig. For eksempel kan fattige i ein av storbyane i India tenkje at ein som blir sett på som fattig i Noreg, eigentleg er rik. Ca. 14,5 prosent av alle menneska i verda lever under det Verdsbanken har definert som fattigdomsgrensa, det vil seie at dei har mindre enn 1,25 amerikansk dollar å leve på per dag. Det svarer til ca. 7,50 norske kroner. Da snakkar vi om absolutt fattigdom.

Absolutt fattigdom vil seie at eit menneske ikkje får dekt grunnleggjande behov som mat, klede, hus, tilgang på grunnskole og viktige helsetenester. Dette er menneske som lever eit liv i naud og utryggleik, utan særlege vilkår for å endre liva sine.

Filosofi og etikk_ill.foto jente

? Kva tenkjer du om at 20 prosent av befolkninga i verda står for 80 prosent av forbruket?

 

Kva er årsakene til fattigdom?

Den viktigaste årsaka til fattigdommen i u-landa er dei alvorlege gjeldskrisene landa kom i i 1980-åra. U-landa var i stor grad produsentar av råvarer som kaffi, bomull, metall og gummi. Råvareprisane gjekk ned, og landa kjøpte for meir enn dei selde. Mykje av gjelda skuldast òg at tidlegare diktatorar i ein del u-land hadde fått store lån som dei meir eller mindre brukte på seg sjølve. Dei meir demokratiske styra som etter kvart har komme i staden for mange av diktatorane, slit enno med gjelda. Dette har ført til at landa må betene gjeld i staden for å styrkje helsevesenet og utdanninga i landet. På den måten er dei i ein vond sirkel. Betre utdanning og helse er ein føresetnad for økonomisk framgang. Når dei i staden må betale gjeld, blir dei berre fattigare.

Desse landa er dårlegare rusta til å gjere noko når naturkatastrofar som tørke og flaum rammar landet, når hiv-aids spreier seg i befolkninga, eller når mange barn døyr av smittsame sjukdommar som for eksempel meslingar. Mange av landa slit enno med korrupsjon.

Filosofi og etikk_ill.foto slumområde

Sommaren 2005 blei det arrangert Live8-konsertar i ti store byar verda over. Kravet var at G8-landa som skulle ha møte veka etter, skulle slette gjelda til dei fattige landa. G8-landa er dei åtte rikaste landa i verda. Resultatet frå møtet var at dei 18 fattigaste landa fikk sletta gjelda si, men det står framleis mykje att.

 

 

FNs tusenårsmål

Filosofi og etikk_FN-flagg

I samband med tusenårsskiftet formulerte FN åtte mål for å kjempe mot fattigdom. Desse måla skulle ein nå før 2015.

 

1. Utrydde fattigdom og svolt

– Halvere talet på dei som lever på mindre enn 1,25 dollar per dag innan 2015 samanlikna med 1990.

Målet om å halvere talet blei nådd i 2010, men det er store skilnader i verda. I 2015 reknar ein med at det framleis vil vere ein milliard menneske som lever i ekstrem fattigdom. Hovudårsaka til at målet blei nådd, var utviklinga i Kina og India.

– Halvere talet på dei som lir av hungersnaud innan 2015.

Dette målet ser det ikkje ut til at ein når. Framleis lir 850 millionar menneske av underernæring. Det er ein nedgang på berre 4,5 prosent.

 

2. Utdanning for alle

– Sikre at alle barn, både jenter og gutar, avsluttar ei grunnskoleutdanning innan år 2015.

Mellom 1999 og 2010 steig talet på barn som gjekk på skole frå 82 prosent til 90 prosent, men etter 2010 har utviklinga stoppa noko opp.

 

3. Oppnå likestilling

– Like mange jenter som gutar i barneskolen innan år 2005, og på alle utdanningsnivå innan 2015.

Det ser ut som om ein kan nå dette målet på lågaste nivå. I 2010 var det 97 jenter per 100 gutar i grunnskolen. Når det gjeld utdanning ut over grunnskolen, er det framleis store skilnader ulike stader i verda.

 

4. Minske barnedødelegheita

– Minske dødelegheita for barn under fem år med to tredelar innan 2015.

Barnedødelegheita på verdsbasis har gått ned med ein tredel, men det er store skilnader. Landa i Nord-Afrika har nådd måla, mens landa i Aust-Asia er nær ved å nå dei.

 

5. Minske mødredødelegheita

– Minske dødelegheita blant fødande og gravide med tre firedelar innan 2015.

I 2010 var dødelegheita blant fødande og gravide halvert, men det er enno langt att før målet er nådd.

 

6. Hindre spreiing av hiv-aids, malaria og andre store sjukdommar

– Hindre spreiing av hiv-aids, malaria og andre store sjukdommar, og dermed snu den negative trenden av talet på nye tilfelle.

Færre menneske blir i dag smitta av hiv-viruset, og færre døyr av aids. På midten av 2000-talet døydde 2,2 millionar menneske av aids årleg, mens talet var redusert til 1,8 millionar i 2010.

 

7. Sikre miljøvennleg og berekraftig utvikling Filosofi og etikk_symbol resirkulering, jordklode, msk

– Halvere talet på dei som er utan tilgang til reint drikkevatn innan 2015.

Målet om å halvere talet som ikkje har tilgang til reint drikkevatn, ser ut til å bli nådd. Også her står Kina og India for den største framgangen.

– Vesentleg betring i levekår for minst 100 millionar menneske som bur i slumområde innan 2020.

Dette målet er alt nådd, men samtidig har talet på menneske som lever i slumområde auka, så problemet er framleis stort.

 

8. Bygge eit globalt partnarskap for utvikling

– Blant anna gjennom auka bistand, rettferdige handelsreglar og sletting av gjeld for utviklingslanda.

Bistanden frå dei rike landa har gått ned dei siste åra. Dette skuldast truleg finanskrisa som begynte i 2008. Den delen av statsbudsjettet som utviklingsland bruker til å betale gjeld, har gått kraftig ned.

Kjelde: fn.no/Tema/FNs-tusenaarsmaal

 

? Kva meiner du om tusenårsmåla til FN?

 

Kva gjer Noreg?

Filosofi og etikk_barn, elever

Noreg går inn for å slette gjelda til dei fattigaste landa. Noreg har også som mål å gi éin prosent av bruttonasjonalprodukt i bistand til utviklingsland. Kva bistanden blir brukt til:

• 15 prosent av bistanden går til å styrkje utdanninga for barn i bistandslanda.

• Støtte til å styrkje det grunnleggjande helsevesenet, i tillegg til vaksinasjonsprogram og liknande.

• Kampen mot hiv-aids.

• Støtte til tiltak som gir betre forvaltning av ressursar som jord og vatn, som reduserer luft- og vassforureining, eller som bidrar til å ta vare på biologisk mangfald.

 

Etisk handel

Filosofi og etikk_ill.foto ungdom, unge voksne, klær, forbruk

Dei siste tiåra har mange store selskap flytt produksjonen av varer til land i Asia, for eksempel Kina og India. I mange av desse fabrikkane er det avslørt nesten umenneskelege arbeidsforhold. I dei seinare åra har det blitt stadig større merksemd rundt arbeidsforholda i fabrikkane i desse landa.

I Noreg har ein del arbeidsgivarar og fagforeiningar oppretta «Initiativ for Etisk Handel». Her kan norske bedrifter melde seg inn. Dei forpliktar seg til å arbeide for forbod mot tvangsarbeid, barnearbeid og diskriminering. Arbeidarane skal også ha ei lønn det går an å leve av, rimeleg arbeidstid og arbeidsplassen skal ikkje vere farleg.

 

Veit du at store produsentar av sportsutstyr, som Nike og Puma, har forplikta seg til berre å bruke produsentar som følgjer bestemte etiske retningslinjer. Det betyr ikkje at det ikkje er kritikkverdige forhold ved desse fabrikkane, men at forholda lèt seg kontrollere.

 

? Kva betyr det for deg om det du kjøper er produsert av barn eller er laga i fabrikkar der arbeidarane har lang arbeidsdag og elendig arbeidsmiljø?

 

Mange andre tiltak

I Noreg er det mange hjelpeorganisasjonar og andre som arbeider for å hjelpe dei fattige i verda. Når det skjer naturkatastrofar, blir det sett i gang innsamlingsaksjonar for å gi rask hjelp. Andre kampanjar er meir langsiktige, for eksempel fadderordningar som frivillige organisasjonar driv. Mange menneske støttar frivillig opp om arbeidet til hjelpeorganisasjonane.

 

Fattigdom i Noreg

Filosofi og etikk_ill.foto familie

Noreg har mange gonger blitt kåra til det beste landet i verda å bu i av FN. Likevel har ikkje alle det like bra. Tek vi utgangspunkt i definisjonen av fattigdom som Den europeiske unionen bruker, levde i 2013 9,5 prosent av barn og unge under 17 år i familiar som var fattige. I EU blir ein person rekna som fattig viss han eller ho har råd til berre halvparten av gjennomsnittlege forbruket til befolkninga.

Med omsyn til fattigdom i Noreg er det vanleg å snakke om relativ fattigdom. Relativ fattigdom blir definert i forhold til ei gitt gruppe. I Noreg er det resten av befolkninga. Noreg har eit velferdssystem som skal sikre dei aller fleste heilt grunnleggjande behov som mat, bustad, helsehjelp og utdanning. Den relative fattigdommen seier noko om at fattigdom ikkje berre er snakk om overleving og å få dekt grunnleggjande behov, men at levestandarden blir målt i forhold til det samfunnet ein lever i. Relativ fattigdom kan for eksempel gi seg utslag i at ein ikkje kan vere med på vanlege aktivitetar som idrett, klasseturar og fødselsdagsselskap.

Dei siste regjeringane har sett kampen mot fattigdom i Noreg på dagsordenen, men talet på fattige har likevel auka.

 

? Kva meiner du ein kan gjere for at talet på fattige skal bli mindre i Noreg?

 

Store klimaendringar

Filosofi og etikk_ill.foto tørke, tørt landskap Dei siste åra har klimaet i verda endra seg, og mange land blir ramma av fleire og kraftigare naturkatastrofar enn tidlegare. Det viktigaste teiknet på klimaendring er at middeltemperaturen stig over hele kloden, men det finst område der temperaturen stig meir enn andre stader. Slike stader er Arktis og nordområda. Dette fører blant anna til at isen i Arktis smeltar, og han smeltar raskare enn det ein trudde tidligare. I Noreg har temperaturauken dei siste åra lege over den gjennomsnittlege temperaturauken i verda.

 

Følgjer av klimaendringane

Filosofi og etikk_isbjørn

Klimaendringa kan få store følgjer. Flom, orkanar og kraftig nedbør ser ut til å auke i delar av verda, mens tørkeperiodar kan bli lengre. Issmeltinga i Arktis fører til at havet vil stige. Dyr som isbjørn, sel og kvalross kan forsvinne, og varmeeffekten av Golfstrømmen kan bli redusert på grunn av alt ferskvatnet frå isen.

Mange av dei mest mangfaldige og produktive økosystema i verda ligg nær kysten. I dei fleste landa er det òg ved kysten vi finn dei største konsentrasjonane av menneske – ca. halvparten av menneska i verda bur i kystsonene, og mykje av den økonomiske aktiviteten er konsentrert her. Viss havnivået stig med éin meter, vil så mykje som 80 prosent av Marshalløyane og 17,5 prosent av Bangladesh forsvinne under vatn.

Temperaturauken ser også ut til å forandre tundraen i Sibir. Her er det permafrost. Permafrost betyr at det er tele i jorda året rundt. Når permafrosten forsvinn, vil store mengder metan bli frigjort. Metan er ein drivhusgass som er verre enn CO2. Dette vil føre til ein kraftig auke av drivhuseffekten.

 

Menneskeskapte endringar

Filosofi og etikk_ill.foto piper, forurensing, fabrikk, utslipp

Det har i mange år gått føre seg ein diskusjon blant forskarar om den globale temperaturauken som skjer i dag, skuldast aktiviteten til menneska, eller om han skuldast naturlege endringar. Klimaet på jorda har endra seg fleire gonger. Det store fleirtalet forskarar er einige om at utsleppet av karbondioksid, CO2, som er skapt av menneske, bidrar til å auke drivhuseffekten. Drivhuseffekten betyr at noko varmestråling slepp ut i atmosfæren, og dermed blir klimaet varmare. CO2 er ein gass som finst i naturen og blir kalla for ein drivhusgass. Den viktigaste årsaka til utslepp av CO2 er forbrenning av kol, olje og gass. Når utsleppa frå blant anna bilar og industri aukar, så aukar òg utsleppa av denne gassen.

Den nest største årsaka til utslepp av drivhusgassen er behandlinga av regnskogane i verda. Når regnskogane blir brende eller skogar blir hogde og rusk og rask rotnar, blir det frigjort CO2 til atmosfæren.

 

FNs klimakonferanse

FNs klimapanel består av forskarar frå heile verda. Desse legg jamleg fram forskingsresultata sine, og det store fleirtalet er einige om at dei klimaendringane vi har sett dei siste 50 åra, i hovudsak er menneskeskapte.

I februar 2005 tok den såkalla Kyoto-protokollen til å gjelde. Kyoto-protokollen er ei avtale mellom 150 land om korleis dei skal redusere utsleppet av drivhusgassar. Mange såg denne avtalen som eit første steg på vegen for å redusere dei menneskeskapte utsleppa, men det har skjedd lite etter 2005.

Filosofi og etikk_vindmølle

Har mennesket eit ansvar for naturen?

Mennesket er ein del av naturen og kan ikkje leve utan han. Dei fleste religionar lærer at det er ein gud som har skapt naturen og menneska, og at menneska er sett til å forvalte dette skaparverket. Også humanistar ser på naturen som ein verdi vi må forvalte best mogleg. Likevel blir store delar av naturen øydelagt, blant anna gjennom nedhogging av regnskog, store og giftige miljøutslipp gjennom industrien, særleg i utviklingslanda, og gjennom store utslepp av klimagassar. Bruk av bil og fly er viktige kjelder til utslepp av klimagassen CO2. Bakgrunnen for denne utviklinga er blant anna ønsket om eit betre og meir behageleg liv. Men dersom denne utviklinga fører til store miljøøydeleggingar, har mennesket eit ansvar for å stanse utviklinga?

 

? Kva meiner du kvar enkelt av oss kan gjere for å unngå miljøøydeleggingar?

 

Teknologiske utfordringar

Filosofi og etikk_ill.foto anlegg

Klimaendringane stiller store krav til ny teknologi. I minst tretti år til vil olje og gass vere dei viktigaste energikjeldene i verda. Gjennom Kyoto-protokollen har mange land blitt einige om å redusere utsleppa av CO2. Ein kan i hovudsak redusere utsleppa på to måtar: Eit land, for eksempel Noreg, kan sleppe ut like mykje som i dag, men kjøpe kvotar frå andre land som ikkje slepp ut så mykje. På den måten kan ein halde dei samla utsleppa på dagens nivå. Eller Noreg kan ta i bruk ny teknologi for å handtere klimagassane og sjølv redusere eigne utslipp.

Ved å fange CO2 frå det som blir kalla fossile brensel, som kol, olje og gass, og lagre det i bakken eller i havet, kan ein unngå at utsleppa går direkte opp i atmosfæren. På denne måten kan ein halde fram med å utnytte kol, olje og gass, utan å bidra til den globale oppvarminga.

 

Ny teknologi

Filosofi og etikk_solcellepanel

Forskings- og utviklingsarbeid kan bidra til ny teknologi som reduserer utsleppa av klimagassar. Samtidig kan verkemiddel som miljøavgifter og kvotesystem gjere det meir lønnsamt å investere i teknologiutvikling. Nokre eksempel på ny teknologi med lågare utslepp:

•        Fornybar energi som vindkraft, solenergi og kraftverk driven av tidevatn eller bølgjer gjer det mogleg å produsere meir elektrisitet utan utslepp av klimagassar. I dag kostar det meir å produsere slik kraft enn å produsere kol-, olje- og gasskraft. Men forsking kan bidra til å redusere kostnadene, og betre metodar for å skaffe fornybar energi kan også bli dyrare med vanleg kraftproduksjon.

•      Norske styresmakter satsar sterkt på forsking omkring utskiljing og lagring av CO2 frå gasskraftverk. Håpet er at gassen frå Nordsjøen kan gi elektrisk kraft utan utslepp av klimagassar til atmosfæren.

•      Det lèt seg ikkje gjere i praksis å samle opp utsleppa frå bilar. Men forsking kan bidra til motorar som bruker bensinen meir effektivt, eller til å utvikle betre elektriske bilar. Det same gjeld bilar som går på biobrensel eller hydrogen.

 

Samandrag

•      FN arbeider for ei berekraftig utvikling.

•      20 prosent av menneska i verda bur i dei rike, industrialiserte landa og står for heile 80 prosent av forbruket.

•      FN har laga åtte tusenårsmål for å kjempe mot fattigdommen i verda.

•      I dei seinare åra er det lagt vekt på etisk handel.

•      Norske regjeringar har dei siste åra hatt som mål å avskaffe fattigdommen i Noreg.

•      Middeltemperaturen på jorda aukar, særleg på den nordlege halvkula.

•      Dei store klimaendringane er delvis menneskeskapte.

•      Forsking og ny teknologi kan redusere klimautsleppa.

 

Hugsar du?

  1. Kva betyr berekraftig utvikling?
  2. Kva er årsakene til fattigdommen i verda?
  3. Kva meiner vi med etisk handel?
  4. Kva for følgjer kan endringane i klimaet få?
  5. Korleis kan ny teknologi hindre klimaendringane?

 

Til ettertanke

  1.  På kva måte kan vi seie at mennesket delvis har skuld i klimaendringane?
  2. Kva kan kvar enkelt gjere for å minske utsleppet av klimagassar?

 

Til vidare arbeid

  1. Undersøk kor langt FN har kome i å nå tusenårsmåla, og legg resultata fram for klassa.
  2. Undersøk kva som blir gjort for å redusere fattigdommen i Noreg, og skriv eit lesarbrev der du får fram kva du meiner om dette.

Omgrep

  • Bistand - Bistand er naudhjelp ved humanitære kriser som svoltkatastrofar eller naturkatastrofar, eller pengestøtte for å skape langsiktig økonomisk og sosial utvikling i fattige land.
  • Ein optimist - Ein optimist er ein som tenkjer positivt om dei moglegheitene som finst i livet
  • Korrupsjon - Korrupsjon er å ta imot stikkpengar for å gjere noko
  • Tundra - Tundra er flate myr- og grusstrekningar der telen aldri går ut. Tele er frost i jorda.
  • Økologisk - Omgrepet "økologisk" kan ofte bli brukt om eit produkt eller ei handling som har liten økologisk påverknad på naturen.
  • Økosystem - Eit økosystem er ei vitskapleg beskriving av korleis plantar og dyr innanfor eit geografisk område er avhengige av kvarandre for å overleve.