Viktige historiske hendingar i Human-Etisk Forbund

 

Hum_11

 

Humanisme

Ordet humanisme betyr menneskevennleg. Humanismen er eit livssyn som legg
vekt på mennesket sin eigenverdi og på verdiar som fridom, rettferd og
sanning. Humanistar har stor tru på den ukrenkjelege verdien til
mennesket og på moglegheitene til å ta gode, ansvarlege val for seg
sjølv, for andre og for den verda vi bur i. Mennesket sitt beste er eit
mål, og mennesket sin fridom, fornuft, moglegheiter og rettar er
sentrale verdiar i humanistisk tankegang.

Hum_1

Humanisme er ei tankeretning med djupe røter i historia. Han strekkjer seg frå antikken for over 2500 år sidan og fram til i dag. Mange menneske innanfor forskjellige religionar og livssyn kallar seg humanistar. På 1800- og 1900-tallet voks det fram ein humanistisk tankeretning som var lausriven frå religionen. Human-Etisk Forbund blei stifta i 1956 og er ein organisasjon som byggjer på eit humanistisk verdigrunnlag.

Noreg byggjer på kristne og humanistiske verdiar i lovene sine. Viktige humanistiske verdiar er menneskeverd, likeverd, demokrati, fridom, solidaritet og kritisk tenking.

 

Humanismens røter

Det er særleg tre periodar i historia som peikar seg ut for utviklinga av humanistisk tankegang i Vesten. Det er antikken, renessansen og opplysningstida. Det står om desse periodane frå side 98 i RLE-boka. Nokre viktige periodar og årstal i utviklinga av humanismen følgjer nedanfor.

 

Humanisme i vesten – nokre viktige historiske hendingar

 

700–-400 f.Kr.: Antikke greske tenkjarar

Antikken er også kalla oldtida. Tenkjarar som Sokrates, Platon og Aristoteles
utfordra menneske til å bruke fornufta og tenkje kritisk for å løyse
problem. Aristoteles var oppteken av å finne kunnskap ut frå erfaring og
logisk tenking.

 

300 f. Kr.‒200 e.Kr.: Stoiske filosofar

Ordet stoisk betyr søylehall og viser til at filosofane oppheldt seg i rom
med store søyler. Filosofien er kjenneteikna av at tilhengjarane meinte
fornuft, likevekt og det å vere upåverkeleg var føresetnader for å vere
lykkeleg. Dei stoiske filosofane la vekt på naturretten, at alle
menneske hadde same verdi i kraft av det å vere menneske. Tenkinga deira
blei ført vidare av filosofar i Romarriket. Dei hadde ein
jødisk-kristen tradisjon, og la vekt på menneskeverdet fordi mennesket
var skapt i Guds bilete. Den romerske keisar Marcus Aurelius var ein
stoisk filosof.

 

1200-talet: Thomas Aquinas Hum_5

Thomas Aquinas var ein kristen filosof som la vekt på naturretten, det vil
seie at mennesket har ein ukrenkjeleg verdi i kraft av at det er eit
menneske.

 

14-1500-talet: Renessansen

Ordet renessanse betyr gjenføding, det å bli født om att. Det var tankane frå
antikken som i denne perioden blei levande att. Tenkjarane i
renessansen hadde stor tru på menneske si fornuft og moglegheitene deira
til å tenkje, vurdere og gjere gode val. Renessansen begynte i Italia
med blant andre Leonardo da Vinci som frontfigur.

 

1500-talet: Reformasjonen

Ordet reformere betyr fornying eller omvelting. Ein viktig pådrivar av
endringa eller fornyinga var Martin Luther i Tyskland. Han protesterte
mot ordningar i Den katolske kyrkja. Det førte etter kvart til at det
blei danna lutherske kyrkjer. Trua til det enkelte mennesket blei
viktig, og den religiøse makta til prestane blei mindre.

 

1600-talet: Tankar om folkerett

På denne tida var makta i dei fleste land i hendene på eineveldige kongar
eller herskarar. Nokre få rike hadde mange privilegium. Da voks det fram
tankar om folkerett, det vil seie at verdien til alle menneske skulle
sikrast, uavhengig av rikdom eller makt.

 

1700-talet: Opplysningstida

Tankar frå antikken og renessansen blei på ny sentrale. «Tilbake til naturen»
var slagordet. Tanken var at naturen er god, fornufta er gitt av
naturen, og mennesket er av natur godt. Viktige ord i denne tida var
fridom, rettar og ytringsfridom.

Mange tenkjarar meinte at både fornufta og dei religiøse behova hos mennesket utgjorde eigenarten til
mennesket. Etter kvart dukka det òg opp tenkjarar som danna sin filosofi
utan tilknyting til nokon religion. Blant tenkjarane i opplysningstida
finn vi Voltaire i Frankrike, Hume i Skottland og Kant i Tyskland.

 

17‒1800-talet: Meir demokrati Hum_7

Den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og den franske erklæringa om
rettane til mennesket og borgarane i 1789 slo fast at menneske hadde
sjølvstendige rettar som staten skulle respektere. Moderne
statsforfatningar sikra mennesket sin fridom. Demokrati blei etter kvart
meir vanleg som styreform.

 

1700-talet: Kvinnene sine rettar

I 1791 skreiv Olympe dei Gouges om kvinnene sine rettar. Det blei
opptakta til kampen for at kvinner skulle få same rettar som menn.

 

1859: Om opphavet til artane

Den britiske naturforskaren Charles Darwin gav i 1859 ut boka Om opphavet til artane. Denne boka la grunnlaget for eit nytt syn på mennesket.

 

1800‒1900-talet: Humanisme og religion og livssyn

Humanistiske tankar blir viktige. Nokre tenkjarar tok avstand frå kristendommen. I
Noreg galdt dette for eksempel Bjørnstjerne Bjørnson og Fridtjof Nansen.

 

1913: Kvinner får stemmerett i Noreg

 

I Noreg får kvinner stemmerett på like linje med menn.

 

1948: Menneskerettserklæringa Hum_10

FN-erklæringa om menneskerettar blei vedteken. Ho har til saman 30 punkt som understrekar den ukrenkjelege verdien til enkeltmennesket. Denne erklæringa dannar ei humanistisk plattform på tvers av religionar og livssyn.

 

1952: Det humanistiske verdsforbundet

International Humanist and Ethical Union blir skipa i Amsterdam. Det er ein organisasjon for alle livsynshumanistar.

 

1956: HEF

Human-Etisk Forbund blir etablert i Noreg. Kristian Horn er den første leiaren for forbundet.

 

1961: Amnesty International

I 1961 blei Amnesty International skipa i London. Organisasjonen arbeider
for å få sett fri samvitsfangar og styrkje retten til å tenkje og tru
det ein vil.

 

2012: Grunnlovsendring Hum_2

Humanismen blei teken inn i Grunnlova som ein del av Noregs verdigrunnlag.