Buddhismens historie

 

  Budd hist 1

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

•      gi ei oversikt over viktige historiske hendingar i buddhismen

 

Begynninga

Budd hist 2 Buddhismen blei grunnlagt på 400-talet f.Kr. av Siddharta Gautama. Han var ein prins som levde i Nord-India. Som ung mann reiste han frå familien og vandra rundt for å søke sanninga. Han var elev hos fleire guruar eller vismenn. Siddharta Gautama prøvde med streng askese. Dette førte ikkje fram, og han drog til landsbyen Bodhgaya. Der sette han seg under eit tre og mediterte, fast bestemt på å nå oppvakinga. Under meditasjonen fekk han tre kunnskapar:

  • Han hugsa alle dei tidlegare liva sine. Da han såg desse tidlegare liva, fekk han medkjensle med alle levende vesen som blir fødde på ny i liv etter liv utan å få noka hjelp til å frigjere seg frå sirkelen av gjenfødingar.
  • Han såg korleis menneska sine handlingar får følgjer for seinare liv. Den som handlar godt, får det godt, og den som handlar dårleg, får det dårleg.
  • Han såg dei fire edle sanningane: at det vonde finst, at det er årsaker til at det vonde finst, at det eksisterer ein tilstand der det vonde ikkje finst, og at det eksisterer ein veg til denne tilstanden. 

Han hadde nådd oppvakinga.

Budd hist 3 Etter at Siddharta Gautama hadde nådd oppvakinga, var han blitt ein buddha, som betyr ein som har vakna opp. I buddhismen inneber omgrepet frelse å nå nirvana. Da er ein fri frå krinsløpet med gjenfødingar. Buddha levde i 45 år etter hendinga under bodhi-treet. Han reiste mykje og underviste menneske han møtte for at også dei skulle nå oppvakinga. Han grunnla munkeordenar og nonneordenar med eigne levereglar. Buddha starta òg den buddhistiske misjonen. Først var det seksti munkar som blei sende ut for å forkynne læra hans:

«Å munkar, de har nådd bortanfor smerte og har fullendt den store oppgåva dykkar. No er det rett å hjelpe andre som framleis lid. Derfor skal de alle, kvar av dykk på eiga hand, reise over heile jorda og seie fram mi lære til alle menneske i medkjensle med smerta deira.» Buddhacharita, frå Jacobsen og Thelle: Hinduismen og buddhismen.

 

? Kvifor trur du det å ha medkjensle med andre er så viktig i buddhismen?

 

Etter nyare forsking døydde Buddha ca. år 400 f.Kr. Da han døydde, gjekk han inn i det endelege nirvana der ingen lenger kunne få kontakt med han. Kroppen blei kremert. På den tida laga ein eit stort bål som kroppen blei lagd på. Restane blei delte mellom åtte kongerike og lagt i spesielle jordhaugar. Over desse gravstadene blei det etter kvart lagt kvitkalka relikvie etter Buddha eller andre sentrale personar innan buddhismen.

 

Det første rådsmøtet

Budd hist 7b Buddha hadde sagt at etter at han var død, var det læra hans og reglane for klostersamfunnet som skulle vere rettesnora for munkane. Innanfor buddhismen blir Buddhas lære kalla for dharma.

Ifølgje buddhistisk tradisjon samla 500 munkar seg til eit rådsmøte berre nokre månader etter at Buddha døydde. Der skulle dei fortelje alt dei hadde høyrt av Buddha, både om læra og om reglane dei skulle leve etter. I buddhistisk tradisjon blir det fortalt at det tok sju månader å seie fram alle tekstane. Slik blei buddhismen sine heilage tekstar, tripitaka, samla.

 

Ashokas keisarrike

I det første hundreåret etter at Buddha døydde, spreidde buddhismen seg vidare i India. Ashoka heitte ein keisar som herska over det meste av det nordlege India på 200-talet f.Kr. Gjennom krigar utvida han riket til å omfatte nesten heile det noverande India og Pakistan. Men krigane førte til at fleire titusenar døydde, og menneska i landa som blei erobra, fekk tole store lidingar. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på keisaren, og det førte til at han blei buddhist. Han tok avstand frå krig og vald, og gjekk inn for å gjere livet til innbyggjarane så godt som mogleg. Mange stader i det store riket blei det hogd inn innskrifter som oppmoda menneska til å hjelpe kvarandre, overvinne feila sine, snakke sant og vere gåvmilde. Han fekk også bygd ei rekkje kloster og styrkt klostervesenet. Enda om han sjølv var buddhist, gjorde han ikkje buddhismen til statsreligion. I ei innskrift står det:

«Ashoka ærar alle religionar med sitt gåvmilde vesen og dei forskjellige heidersteikna sine.»

Under Ashokas regjeringstid blei det òg kalla inn til eit nytt rådsmøte av dei leiande munkane. Her blei det bestemt å sende ut misjonærar til alle landa som grensa til keisarriket.

 

Buddhismens veg frå India

Buddhismen er blitt spreidd gjennom munkar og nonner som har reist til andre land. Dei vann tilhengjarar og slo seg ned, oppretta munke- og nonneordenar og bygde kloster. Frå desse klostra reiste nye munkar ut som misjonærar. Buddhismen har gjennomgått oppturar og nedturar i mange av landa der han har slått rot. Buddhismen har for eksempel lita oppslutning i India i dag.

Budd hist 9

Ein tradisjon fortel at det var to av Ashokas barn som reiste til Sri Lanka og fekk befolkninga der til å bli buddhistar. Dette skjedde på 200-talet f.Kr. Ashoka sende også misjonærar til Myanmar (Burma).

Andre munkar drog nordaustover og følgde Silkevegen mellom Kina og den arabiske halvøya. Buddhismen kom til nordlege delar av Pakistan, Afghanistan og Kina rundt år 0, og spreidde seg dei første hundreåra e.Kr. sørover til Vietnam og Kambodsja og seinare austover til Korea og Japan. Frå Kambodsja spreidde buddhismen seg til Laos og Thailand.

På 1800-talet kom buddhismen til Europa og Amerika. I dag er buddhismen spreidd over heile verda og er hovudreligion i mange land i Asia.

 

Samandrag

Buddhistisk kunstteikning. Buddhistisk kunstteikning.

  • Buddhismen blei grunnlagt av Siddharta Gautama etter at han nådde oppvaking og blei ein buddha.
  • Nokre månader etter at Buddha døydde, samla 500 munkar seg til eit rådsmøte for å fortelje alt dei hadde høyrt av han.
  • Keisar Ashoka var ein av mange keisarar som sjølv var buddhist.
  • To av barna til keisar Ashoka tok buddhismen med seg til Sri Lanka ca. år 200 f.Kr.
  • Buddhismen spreidde seg på få hundre år til heile Kina og andre land i Asia.

 

Hugsar du?

  1. Kven grunnla buddhismen?
  2. Kva lærte Buddha da han mediterte under bodhi-treet?
  3. Kvar var Ashoka keisar?

 

Til ettertanke

Kvifor trur du det var viktig for munkane å fortelje kvarandre kva Buddha hadde sagt?

 

Til vidare arbeid

Lag ei tidslinje over utbreiinga av buddhismen.

 

Omgrep

  • Askese - Askese er å halde seg vekke frå materielle gode, for eksempel å ete og drikke berre for å overleve
  • Buddha - Buddha er ikkje eit eigennamn, men ein ærestittel som blir gitt den som har nådd Nirvana, det vil seie full oppvakning.
  • Full oppvakning - Full oppvakning betyr at ein ser sanninga slik ho verkeleg er i alle ting, i verda og i universet. Ein er då fri for negative tankar og kjensler som for eksempel sinne, misunning og begjær og kjenner berre kjærleik og medkjensle for alt levande.
  • Meditasjon - Meditasjon betyr stille ettertanke. Det er mange former for meditasjon.