Hinduismens historie

 

Foto Hist hind 1

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • •gi ei oversikt over viktige historiske hendingar i hinduismen

 

Hinduismens historie

Hinduismen er ein religion med fleire forskjellige og svært gamle røter. Éi av røtene går attende til indussivilisasjonen, ein gammal sivilisasjon med byar, handel og statsleiing som eksisterte i perioden 3000–1700 f.Kr. og strekte seg langs elva Indus i det som no er Pakistan og austover langt inn i det som no er India. Ei anna av røtene går attende til grupper av indoeuropeiske innvandrarar som kom til området ca.1500 f.Kr.

Hist hind 2

I motsetnad til dei andre religionane vi arbeider med i RLE, har hinduismen ingen bestemt grunnleggjar eller kyrkjeorganisasjon. Eit nøkkelord når vi skal prøve å forklare og forstå hinduismen, er mangfald. Sør-Asia har mange forskjellige folkegrupper, språk og kulturar. Det religiøse livet har utvikla seg med bakgrunn i meir eller mindre lokale tradisjonar. Hinduismen er derfor eit samlenamn på dei fleste av dei religiøse tradisjonane som ikkje høyrer til ein annan religion, som for eksempel buddhismen eller kristendommen.

Det er vanleg å dele utviklinga av hinduismen inn i fire hovudperiodar. I kvar av desse periodane kjem det inn nye tankar som har vore med på å forme hinduismen i dag. Dette er ei grov og svært forenkla framstilling, og det er ikkje plass til å få fram heile mangfaldet i denne utviklinga her.

 

Vedisk periode

Hist hind 3 Felles for alle retningane innanfor hinduismen er at dei reknar tekstgruppa Veda som heilage tekstar som er openberra frå Gud. Når noko er openberra frå Gud, betyr det at Gud på ein eller annan måte har gitt det til menneska. Desse tekstene blei ikkje skrivne ned før mykje seinare.

Ca.1200 f.Kr hadde vedisk religiøs tradisjon slått rot i India. På denne tida var det særleg læra om at det fanst ei evig verdsorden som ein skulle halde ved lag gjennom ofringar til gudar og gudinner, som var viktig. Verdsordenen bestod av reglar eller lover som galdt for alt, for universet, naturen og alt levande. Alle ting hadde reglar for korleis dei skulle vere. Det galdt å følgje desse reglane slik at det ikkje blei kaos i verda.

Det utvikla seg ei lære om at menneska var delte inn i tre klasser: prestar, krigarar og bønder og handelsmenn. Menneska i desse klassene hadde bestemte oppgåver som dei skulle utføre i samfunnet. Dei skulle følgje dei reglane for rett handling som galdt for dei. Saman med ofringane frå prestane var dei med på å halde ved lag den evige verdsordenen. Denne tanken er framleis viktig i delar av hinduismen.

 

Asketiske grupper

Hist hind 4 Ein asket er ein person som ikkje bryr seg om materielle ting, og som prøver å få innsikt i tilværet gjennom ulike øvingar, yoga og meditasjon. Den vediske religionen spreidde seg frå Nord-India og sør- og vestover over ein periode på fleire hundre år. På 700-talet f.Kr. oppstod det eigne asketiske grupper i delar av India. Desse gruppene
meinte dei kunne komme fram til sann kunnskap om korleis verda og menneska var, ved hjelp av askese og meditasjon. Dei meinte at menneska blei fødde på ny eit utal gonger. Mennesket sine handlingar avgjorde kva
ein blei fødd på ny som. Etter kvart blei også mange frå presteklassa med i desse asketiske gruppene. I tekstar frå denne tida finn vi tre sentrale tankar eller idear som blei viktige i hinduismen. Det er tanken om:

  • •karma – menneska sine handlingar og følgja av desse
  • samsara – gjenføding, læra om at alle levande vesen blir fødde på ny og på ny
  • moksha – frelse eller lausriving frå gjenføding

 

? Kva for følgjer får handlingane dine for deg?

 

Bhaktirørsla

Hist hind 5 Bhakti betyr å gi seg over. Å gi seg over til noko betyr å bruke tid og krefter på det. Rundt vår tidsrekning oppstod det grupper som tilbad ein bestemt hovudgud. Ved å rette all merksemda si mot éin gud kunne ein oppnå frelse. No var det ikkje berre dei øvste klassene eller asketane som kunne bli frigjorde frå gjenføding. Alle, uansett klasse og kjønn, kunne oppnå dette gjennom tilbeding. Vi kan finne røtene til tanken om tilbeding av ein bestemt gud i Bhagavadgita, eller Herrens song, som verket òg blir kalla.

Det var særleg gudane Vishnu og Shiva som blei gjenstand for ei slik tilbeding, seinare også Gudinna. Hinduane som dyrkar Gudinna, ser dei forskjellige gudinnene som ulike former av éi gudinne, Henne. Mange nye element i hinduismen kom til uttrykk gjennom fokuseringa på éin gud. Desse elementa er sentrale i hinduismen i dag:

  • puja – eit tilbedingsritual som skjer både i heimen og i tempelet
  • store tempelkompleks knytte til gudane
  • gudestatuar
  • pilegrimsferder og nye festivalar eller høgtidsfeiringar

 

Hist hind 6 Den første bhaktirørsla var knytt til at hinduane skulle utføre pliktene sine med den eine guden i tankane. Frå 600-talet e.Kr. endra dette seg til at det var nok å tilbe guden med kjærleik og merksemd. Det blei laga dikt som uttrykte lengselen og kjærleiken til guden ein tilbad. Desse dikta blei laga av dei såkalla diktarhelgenane, som var både kvinner og menn. Dikta blei først skrivne på folkespråket tamil. Seinare spreidde rørsla seg til nye område, og det blei skrive dikt både på hindi og på andre språk. Dikta blei svært populære, og diktarane fekk status som helgenar.

 

 

 

Framande herskarar     

Hist hind 7

Frå slutten av 600-talet og framover blei India angripe av ulike muslimske leiarar. I periodar fram til midten av 1700-talet var heile eller delar av India under muslimsk herredømme. Hinduismen som religion bestod likevel. Frå midten av 1700-talet var det britane som fekk større og større innverknad og gjorde etter kvart det som i dag er India, Pakistan og Bangladesh til engelsk koloni. I 1947 blei India og Pakistan sjølvstendige statar. Aust-Paksistan løsreiv seg frå Pakistan og blei eigen stat under navnet Bangladesh i 1973.

 

Samandrag

Hist hind 8

  • Hinduismen har nokre av røtene sine i indussivilisasjonen 3000–1700 f.Kr
  • Veda er namnet på dei heilage tekstene i hinduismen.
  • På 700-talet f.Kr. oppstod det asketiske grupper. Desse trena opp viljen og tanken gjennom yoga og meditasjon.
  • På 600-talet e.Kr. oppstod bhaktirørsla der ein skulle gi seg over til éin gud.
  • Frå slutten av 600-talet blei India angripe av muslimske leiarar og var til dels under muslimsk herredømme fram til 1700-talet.
  • England og andre europeiske makter oppretta koloniar frå 1700-talet.

 

Hugsar du?

  1. Kva for røter har hinduismen?
  2. Kva er ein asket?
  3. Kva er bakhtirørsla?

 

Til ettertanke

Kvifor trur du bakhtirørsla blei så populær blant vanlege hinduar?

 

Til vidare arbeid

Lag eit miniforedrag om asketar i dag.

 

 

Bildesamling

Omgrep

  • Askese - Askese er å halde seg vekke frå materielle gode, for eksempel å ete og drikke berre for å overleve
  • Bhakti - Bhakti betyr å gi seg over. Å gi seg over til noko er å bruke tid og krefter på det. Innanfor bhaktirørsla rettar ein merksemda mot, og tilber, ein hovudgud.
  • Meditasjon - Meditasjon betyr stille ettertanke. Det er mange former for meditasjon.
  • Yoga - Yoga er mentale og kroppslege øvingar. Målet er å skape ro og konsentrasjon. Det finst svært mange retningar innanfor yoga. Utgangspunktet er i hinduisme og buddhisme for å få kontroll over det mentale og kroppslege livet.