Nyreligiøsitet

 

N 1

? Kva veit du om nye religiøse rørsler i Noreg i dag?

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • gjere greie for nye religiøse rørsler
  • samtale om ulike former for nyreligiøs og naturreligiøs praksis, her òg naturreligionen til urfolk

 

Kva er nyreligiøsitet?

Nyreligiøsitet omfattar nye religionar og nye religiøse rørsler som har oppstått dei siste 150 åra. Med nye religionar meiner vi trussamfunn som har eit klart trusinnhald og ritual, og som har medlemmer og ei leiing. Med rørsler meiner vi ulike grupper som har ein del felles, eller som arbeider for same mål. Eksempel på rørsler er kvinnerørsla og miljørørsla. Mange menneske i Noreg i dag er påverka av trekk frå nyreligiøse retningar. Statistikken viser at

  • kvar fjerde til femte nordmann trur på reinkarnasjon og astrologi. Reinkarnasjon betyr gjenføding. Astrologi er læra om innverknaden frå himmellekamar på det som skjer på jorda
  • ved tusenårsskiftet trudde tre av fire nordmenn at det fanst ein gud, sjølv om denne guden sjeldan blei identifisert med Kristus
  • heile 50 prosent trur på ei form for himmelrike, mens berre 5 prosent trur det finst eit helvete

Kjelde: Moderne religiøsitet av Geir Winje

 

Nye religionar

N 2

Nokre av dei nye religiøse retningane som veks raskt, er knytte til naturreligionar. Moderne naturreligionar inneheld fleire trekk vi kan kjenne att frå dei gamle naturreligionane. I naturreligionane til urfolk trudde menneska at alt i naturen hadde sjel. Spesielle tre, fjell og steinar var bustader for ånder eller gudar. Men også sola, vinden og tora var guddommelege makter. I denne kulturen blei den religiøse leiaren kalla sjaman. Sjamanen var òg den som hadde medisinsk kunnskap. Gjennom å slå på ei tromme, syngje og danse kunne sjamanen komme i transe. Da kunne sjela komme ut av kroppen og reise til andre verder, anten gudeverda eller dei avdøde si verd. På denne reisa fekk dei hjelp av ulike hjelpedyr.

 

? Kva for førkristne religionar kjenner du til der sjamanen var viktig?

 

Wicca

Wicca eller heksekunst er ein moderne naturreligion som etter kvart har fått ei viss utbreiing i den vestlige verda, i Noreg òg. Det er ein religion som legg vekt på at menneska skal leve i harmoni med jorda og alt levande. Tilhengjarane søkjer kontakt med gudane i den åndelege verda. Vi kan seie at Wicca er ein mysteriereligion der ein må gjennom ei innviing i ulike mysterium før ein blir medlem. Både kvinner og menn blir kalla hekser. Ei kvinne blir heks og prestinne, og ein mann blir heks og prest. For å bli med i Wicca må ein sjølv be om det. Ein må vere over 18 år og ha vist at ein er moden nok til å bli innvigd.

  Foto Verden og N 5

Wicca ærer førkristne guddommar. Desse blir kalla gud og gudinna, men dei har mange namn. Dei fleste heksene ber til Den Trefaldige Gudinna, som ofte blir symbolisert ved månen, og Den Hornete Guden, som blir sett på som den livgivande Sola. Den Hornete Guden må ikkje bli samanlikna med djevelen. Hekser trur ikkje på djevelen.

Med omsyn til jorda og alt levande følgjer tilhengjarane av Wicca denne regelen: «Gjer kva du vil, men skad ingen.» Dette er ein streng regel som medlemmene prøver å følgje.

Wicca har ingen felles læresetningar eller heilage skrifter, men mange ritual som er felles for dei ulike forsamlingane. Det er vanleg at hekser dannar små grupper som utfører ritual saman. Eit av dei viktigaste religiøse måla er å oppleve det dei kallar Mysteriet – eininga mellom livet og kjelda til liv.

 

Alternativrørsla

På slutten av 1900-talet utvikla det seg ei rørsle som gjekk under namnet New Age. Rørsla er bygd opp av enkeltpersonar og ulike nyreligiøse grupper. Denne rørsla har ingen felles organisasjon. I Noreg er mange knytte til tidsskriftet Visjon, som organisasjonen Alternativt Nettverk gir ut. Vi bruker omgrepet alternativrørsla om desse gruppene.

Nemninga New Age viser til at tilhengjarane meinte vi no var komne til ein ny tidsalder. Denne tidsalderen ville stå i Vassmannens teikn. Dette hadde dei funne ut gjennom astrologien. Astrologi er læra om planetane og stjernene sin innverknad på jorda og menneska. Vassmannens tidsalder vil vere prega av eit heilskapleg syn på verda og menneska: Alt heng saman. Derfor har også alle menneske eit felles ansvar for heilskapen. Eit slikt heilskapleg syn på verda blir kalla holisme og blei eit viktig kjenneteikn på mange av gruppene. Holistisk forbund er ein ny livssynsorganisasjon som har røter i alternativrørsla.

 

Sjølvutvikling

Utviklinga av det enkelte mennesket eller av «sjølvet» er eit anna viktig trekk ved alternativrørsla. Mennesket blir sett på som heilagt, og den enkelte har ansvar for og ei plikt til å utvikle seg sjølv. Her ser ein heile mennesket, det åndelege og det fysiske, i ein samanheng. I det moderne samfunnet må mennesket ha fleire roller, utnytte moglegheiter som finst og heile tida prøve å ha det bra med seg sjølv. Mange innanfor alternativrørsla tenkjer at det finst eit høgare sjølv som ikkje blir endra, mens mennesket sitt ego eller sin personlegdom endrar seg. Det blir eit mål å utvikle seg åndeleg slik at ein kan komme i kontakt med det uomskiftelege sjølvet.

 

Reinkarnasjon

Reinkarnasjon eller gjenføding er eit anna omgrep som kjenneteiknar mange av gruppene i alternativrørsla. Omgrepet er henta frå buddhisme og hinduisme. Sjølvet vil kunne utvikle seg gjennom mange liv. Ideen om karma, det at handlingane til ein person avgjer skjebnen i det neste tilværet, er sentral. Tanken om karma kan hjelpe til å forstå kvifor ein er den ein er i dag. Somme trur at for eksempel hypnose kan hjelpe eit menneske til å få tilgang til dei tidlegare liva sine og kanskje forklare kvifor personen er blitt slik han eller ho er. Dei fleste innanfor alternativrørsla er ikkje så opptekne av framtidige liv.

 

Yin og Yang

Innanfor alternativrørsla finn vi òg idear henta frå kinesisk religion. Det er ideen om yin og yang, dei kvinnelege og mannlege kreftene som må vere i balanse for at ein skal ha eit godt liv. I mennesket er energien konsentrert i punkt som heng saman. Akupunktur går for eksempel ut på å opne energikanalane mellom punkta slik at mennesket også fysisk er i balanse.

 

Ansvar for miljøet

Mange i alternativrørsla er opptekne av miljøet og det ansvaret menneska har for Mor Jord. Sidan dei meiner at alt heng saman, må menneska ta vare på miljøet og arbeide mot miljøforureining. Mange grupper støttar eller driv sjølv økologisk landbruk, og dei er opptekne av å ete økologisk dyrka mat. I eit økologisk landbruk blir det ikkje brukt kunstig gjødsel eller kjemiske sprøytemiddel.

 

Alternativrørsla og ulike praksisar

Det finst ingen felles idear som sameiner alle dei ulike gruppene og menneska innanfor alternativrørsla. Når det gjeld praksis, er mangfaldet kanskje enda større.

Omgrepet kanalisering blir brukt om trua på at ein kan ta imot bodskapar frå andre verder og vesen. Innan alternativrørsler opererer ein ikkje med noko absolutt skilje mellom mennesket og andre vesen. Bodskapen kan komme frå for eksempel englar, ånder, gudar, avdøde menneske og utanjordiske vesen. Bodskapane handlar ofte om noko som gjeld alle menneske eller grupper av menneske. Det kan vere at vi må ta betre vare på jorda, eller at vi må endre oss og ta betre vare på kvarandre, men det kan òg handle om skjulte verder, om korleis vi skal kontrollere tankane våre, eller om korleis ein skal få suksess i dette livet. Dei som tek imot bodskapen, går gjerne inn i ei form for transe. Ein annan, bodberaren, tek kontroll over personen, og denne blir «tvinga» til å fortelje om eller skrive ned bodskapen.

 

Mennesket sin personlegdom

Det å analysere personlegdommen til eit menneske og finne ut kva som vil skje med han eller henne i framtida er ein viktig praksis for mange innanfor alternativrørsla. I dette arbeidet bruker ein mange teknikkar. Astrologi står svært sentralt i mange grupper. Astrologien byggjer på kunnskap om korleis planetar og stjerner stod i høve til kvarandre i den augneblinken ein blei fødd. Ein astrolog meiner da å kunne seie kva for personlegdom du har, og kva framtida vil føre med seg. Astrologien er fleire tusen år gammal og står sentralt i fleire store religionar, for eksempel hinduismen. Også mange som ikkje er med i noka alternativrørsle, er opptekne av astrologi og veit i alle fall kva for stjernebilete dei er fødde i.

Andre teknikkar for å finne ut noko om personlegdommen og framtida til eit mennesket er å lese i handa og å bruke tal og bokstavar i namnet for å sjå korleis desse står i høve til kvarandre. Bruk av tarotkort er nesten like vanleg som astrologi innanfor alternativrørsla. Tarotkorta har bilete som symboliserer verdiar, samanhengar og meiningar. De blir lagde og kan tolkast for å seie noko om framtida. Men det er ikkje dermed sagt at framtida vil bli slik. Tolkinga gir rom for at mennesket kan arbeide med seg sjølv og personlegdommen sin for å styrkje eller svekke ei framtidig utvikling.

 

Personleg vekst

Sentralt i alternativrørsla er den personlege, åndelege veksten til mennesket. For å utvikle seg og ha det bra med seg sjølv bruker mange yoga, meditasjon og mantra. Dei dyrkar det åndelege i seg eller ulike gudinner og gudar. Mange går på kurs og les bøker om utvikling av dei åndelege sidene ved mennesket. For å kunne utvikle dei åndelege sidene er det også viktig at kroppen har det godt. Mange bruker derfor alternativ medisin, som homøopati, akupunktur og ulike former for massasje. Det er òg mange som ikkje er med i noka alternativrørsle, som er opptekne av psykisk og fysisk velvære og kan gjere nytte av både alternativ medisin og forskjellige former for massasje.

 

Samandrag

  • Alternativrørsla oppstod i siste halvdel av 1900-talet.
  • Rørsla består av mange forskjellige grupper.
  • Mennesket er heilagt, og kvar enkelt person har ansvar for å utvikle seg.
  • Moderne naturreligionar er ein del av alternativrørsla.
  • Reinkarnasjon og karma er viktige omgrep for mange nyreligiøse.
  • Astrologi og alternativ medisin er viktige delar av den nyreligiøse rørsla.

 

Hugsar du?

  1. Kva er nyreligiøsitet?
  2. Kva er Wicca?
  3. Kven er Den Trefaldige Gudinna og Den Hornete Guden?
  4. Kva er yin og yang?
  5. Kvifor er astrologi viktig i alternativrørsla?

 

Til ettertanke

  1. Kva meiner du om bruk av kjemiske sprøytemiddel i landbruket?
  2. Kva meiner du om at himmellekamar har noko å seie for kva som vil skje med deg?

 

Til vidare arbeid

  1. Lag ein illustrasjon til omgrepet kanalisering.
  2. Lag ein disposisjon til eit miniforedrag om alternativrørsla.