Sikhismen

S 1  

? Kva veit du om sikhismen?

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • nokre kjenneteikn ved sikhismen

 

Begynninga

  Teikning av Guru Nanak, den første guruen, med Det gylne tempelet i bakgrunnen. Teikning av Guru Nanak, den første guruen, med Det gylne tempelet i bakgrunnen.  

Sikhismen oppstod som ein eigen religion i Nord-India på 1500- og 1600-talet gjennom læra til ei rekkje guruar. Grunnleggjaren av sikhismen var Guru Nanak. Han var fødd i Punjab i 1469, og var éin av mange diktarhelgenar i dette området. Guru Nanak var svært kritisk til religiøse ritual og prestar. Han tilbad ein Gud som ikkje kunne beskrivast, men som menneska likevel kunne komme i kontakt med i hjertet sitt. Denne religionen skulle gjelde for alle menneske uansett kjønn og sosial status.

Etter Guru Nanak følgde det ni andre guruar. Kvar guru peika ut etterfølgjaren sin som religiøs leiar. Guruane hadde fått ein inspirasjon frå Gud som gjorde dei i stand til å leie sikhane. Gud verka i desse guruane på ein slik måte at diktinga deira uttrykte Guds tale. Sikhane ærar desse ti guruane, men ser på dei som menneske og ikkje som guddommar.

 

Guru Granth Sahib – den heilage boka til sikhane

S 3

Den heilage boka til sikhanes heiter Adi Granth eller Guru Grant Sahib fordi ho blir rekna som den siste guruen. Sahib betyr bok. Det var Guru Arjan, den femte guruen, som først samla tekstane som skulle vere med i Guru Granth Sahib (i 1604). Guru Gobind Singh, den tiande guruen, la til dikta til Guru Tegh Bahadur og bestemte så at frå no av var det boka som skulle vere guruen.

Adi Granth består av religiøse dikt som er skrivne av guruane, og som uttrykkjer Guds tale. I tillegg er det med nokre tekstar som er skrivne av diktarhelgenar som var hinduar, og av muslimar med ein spesiell kjærleik til Gud. Desse tekstane stammar frå tida før Guru Nanak.

 

S 5

 

 

S 4 Veit du at Guru Grant Sahib blir behandla med stor respekt. Kvar morgon er det ein eigen seremoni der boka blir boren inn i hovudrommet i tempelet og lagd på ein opphøgd plass. Når han ligg oppslått, er det nokon som jamleg viftar over han med ei handvifte for å kjøle han. Om kvelden er det ein eigen seremoni der Guru Grant Sahib blir boren til eit eige rom og lagd i ei seng.

 

 

 

 

 

Gurdwara – tempelet

Det gylne tempel i Amritsar i Punjab i India Det gylne tempel i Amritsar i Punjab i India

Sikhane sitt heilage hus eller tempel blir kalla gurdwara. Gurdwara betyr døra til guruane. Utanfor kvar gurdwara er det heist eit oransje flagg med symbolet til sikhane. I hovudrommet finst den heilage boka, Guru Granth Sahib. Her går òg gudstenesta føre seg.

Gurdwara Sri Guru Nanak Dev på Alnabru i Oslo blei innvigd i 1983. Det er tre gurdwaraer i Noreg. Dei to andre ligg i Bergen og Lier. Gurdwaraen i Lier blei innvigd i 2010 og er det største og mest moderne sikh-tempelet i Europa

  Gurdwara Sri Guru Nanak Dev på Alnabru i Oslo blei innvigd i 1983. Det er tre gurdwaraer i Noreg. Dei to andre ligg i Bergen og Lier. Gurdwaraen i Lier blei innvigd i 2010 og er det største og mest moderne sikh-tempelet i Europa  

    

       

S 8A Det er ingen prestar innanfor sikhismen, og både menn og kvinner kan leie gudstenesta. Under gudstenesta blir det sunge frå dei heilage tekstene, og ulike musikkinstrument blir ofte brukte. Det er ingen stolar i hovudrommet, så deltakarane sit saman på golvet.

 

Kjøkkenet i tempelet på Alnabru i Oslo- Kjøkkenet i tempelet på Alnabru i Oslo- Det andre sentrale rommet i ein gurdwara er felleskjøkkenet. Formålet med felleskjøkkenet er at alle som besøkjer tempelet, skal kunne få mat. Det er eit symbol på fellesskap og brorskap og gjeld alle uansett tru. Her sit alle saman og et uavhengig av kjønn eller sosial status.

 

Det er bestemte reglar som alle som besøkjer ein gurdwara må følgje.   S 9 Skoa skal takast av før ein går inn i tempelet. Det er ikkje lov å ha med tobakk, alkohol eller andre rusmiddel, og håret må dekkjast til.

 

 

 

? Korleis skil ein gurdwara seg frå det heilage huset i andre religionar?

 

 

Kva sikhane trur på

Sikhane trur på éin gud. Gud er skaparen av universet og den som held det oppe. Gud er evig og har verken form eller kjønn. Gud er til stades i kvart enkelt menneske og i alt som er rundt oss. Gud er sanninga, miskunnsam og rik på nåde. Sikhismen har mange namn på Gud. Akal Purakh er eitt av dei, det betyr «det tidlause vesenet». Gud når ut til menneska gjennom guruane sine dikt som er samla i Adi Granth.

 

Symbolet er eit toegga sverd med ein jernring rundt og på kvar side to einegga sverd som kryssar kvarandre. Sverdet i midten symboliserer trua på éin gud og vern frå undertrykking. Ringen uttrykkjer Guds æve som er utan begynning og utan ende. Dei kryssande sverda representerer åndeleg og verdsleg makt. Idealet er å søkje det åndelege og samtidig halde pliktene overfor samfunnet. Symbolet blir brukt på flagget. Symbolet er eit toegga sverd med ein jernring rundt og på kvar side to einegga sverd som kryssar kvarandre. Sverdet i midten symboliserer trua på éin gud og vern frå undertrykking. Ringen uttrykkjer Guds æve som er utan begynning og utan ende. Dei kryssande sverda representerer åndeleg og verdsleg makt. Idealet er å søkje det åndelege og samtidig halde pliktene overfor samfunnet. Symbolet blir brukt på flagget.

Gjenføding og frelse

Sikhane trur at mennesket har ei udødeleg sjel som blir gjenfødd på nytt og på nytt. Dei handlingane menneska gjer i denne verda, vil bestemme korleis sjela blir gjenfødd. Dette synet på verda deler sikhane med fleire av Indias religionar. Gjennom meditasjon og å fullt og heilt gi seg over til Gud og læra hans, kan mennesket bli frelst. Frelse i sikhismen er at menneskesjela blir foreint med Gud.

 

Sikhane og samfunnet

Sikhane legg vekt på å utvikle sitt indre gjennom meditasjon og gode handlingar til fordel for andre menneske og samfunnet. Det er viktig å ha familie og å ta del i samfunnslivet. Dei tek avstand frå klostervesen og asketiske rørsler som skil dei frå dagleglivet til fleirtalet. Ritual som faste og tilbeding av statuar eller liknande har ingen plass i sikhismen. Sikhane et kjøtt, men dei skal ikkje ete kjøtt som er slakta etter muslimske reglar.

Sikhismen lærer at alle menneske uansett rase, kjønn, religion eller sosial status er like i religiøs forstand. Uansett kva for religion det enkelte mennesket tilhøyrer, kan det nå fram til frelse viss det gir seg fullt og heilt over til Gud.

S 12

 

 

Amrit – innviinga av sikhane

Det blir venta at ein sikh på eit eller anna tidspunkt i livet skal ta amrit, det vil seie å bli innvigd og bli medlem av sikhfellesskapet eller khalsaen. Dette gjeld for både menn og kvinner. Når han eller ho blir innvigd, tek vedkommande på seg å leve eit liv etter dei reglane som gjeld for sikhane og å gi seg over til Gud. Det er likevel mange sikhar som ikkje lèt seg innvie.

S 13 Medlemmene av khalsaen skal ikkje røykje, nyte rusmiddel eller ete kjøtt som er rituelt slakta. Dei skal heller ikkje vere utru. Det er òg mange sikhar som ikkje er innvigde, som prøver å følgje desse reglane. Dei som er innvigde, skal bere symbola, dei fem K-ane, som minner dei om den skyldnaden dei har som medlemmer av khalsaen. Dei fem K-ane er:

  • Kesh – uklipt hår (og skjegg for menn). Symboliserer styrke og vilje til å meditere.
  • Kungha – ein kam som blir boren i håret. Symboliserer reinleik, orden og disiplin.
  • Kuchha – korte bukser som ein har på seg under buksene/skjørtet. Symboliserer sømd.
  • Kara – eit stålarmband som blir bore på det høgre handleddet. Symboliserer Guds eining.
  • Kirpan – ein kort dolk eller kniv. Symboliserer mot og vilje til å slåss for trua og dei undertrykte.

 

S 14

Menn skal la hår og skjegg vekse etter at dei har blitt medlemmer av khalsaen. For å halde håret på plass bruker mange sikhar turban. Det er ikkje noko påbod om dette, men det er blitt vanleg. I militæret og i bestemte yrke har sikhar fått løyve til å bere turban i staden for andre hovudplagg som høyrer til yrket. Turban er ikkje eit hovudplagg som berre sikhar bruker; han blir brukt av menn som høyrer til andre religionar òg.

Det er ingen forskjell på kvinner og menn som er innvigde i khalsaen. Nå S 15 r ein mann blir innvigd, får han namnet eller tittelen singh, som betyr løve. Kvinner får namnet eller tittelen kaur, som betyr prinsesse. Det er vanleg at sikhane lèt seg innvie når dei er vaksne. Khalsaen stiller strenge krav til dei, og sikhane meiner det er lettare å følgje desse krava når dei er ferdige med ungdomstida.

 

? Kvifor kan det vere lettare å følgje bestemte levereglar når ein har blitt vaksen?

 

 

Samandrag

  • Sikhismen reknar Guru Nanak som grunnleggjaren sin.
  • Sikhismen blei grunnlagd rundt 1500 e.Kr.
  • Sikhismen lærer at det finst berre éin gud.
  • Sikhfellesskapet blir kalla khalsa.
  • Innviinga av sikhane blir kalla amrit.
  • Det er ingen prestar i sikhismen.
  • Dei fem K-ane er symbol for sikhar som er medlemmer av khalsaen.
  • Alle menneske skal behandlast likt uavhengig av kjønn, rase eller sosial status.

Hugsar du?

  1. Kva symboliserer dei fem K-ane?
  2. Kva inneheld sikhanes heilage bok?
  3. Kva trur sikhane på?
  4. Kva er frelse i sikhismen?

Til ettertanke

  1. Kvifor trur du det ikkje er nokon prestar i sikhismen?
  2. Kvifor trur du det er viktig at alle kan ete saman utan omsyn til status og kjønn?

Til vidare arbeid

  1. Skriv ein dagbokstekst om korleis du trur det vil vere å leve etter reglane i sikhismen.

 

 

 

 

 

Omgrep

  • Guruer Guruer er religiøse lærere
  • Ritual Er handlinger som gjentas på en bestemt måte.