Singapore

? Kva veit du om Singapore?

Sing 1

Kva skal du lære? 

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

•      fortelje om religionar i Singapore og forholdet mellom dei

 

Nokre fakta om landet


Singapore er ein stat i Søraust-Asia. Landet var tidlegare ein engelsk koloni, men blei sjølvstendig i 1965. Det er ein liten stat, berre dobbelt så stor som Oslo i flateinnhald. Her bur det ca. 5,4 millionar menneske. Av dei er ca. 78 prosent kinesarar, 14 prosent malayar og 8 prosent indarar. Saman har dei bygd opp ein velståande, moderne stat som har ein viktig posisjon i verdshandelen. Dei offisielle språka er malaysisk, engelsk, kinesisk (mandarin) og tamil.

 

Eit fleirkulturelt land


I Singapore lever mange forskjellige folkegrupper saman med sine kulturar, språk og tradisjonar. Dei ulike folkegruppene har sett preg på kvar sine bydelar. Vi finn namn som Chinatown, Little India og Arab Street, og her har dei sine butikkar og restaurantar og sine tempel, moskear og kyrkjer. Singapore er kjend som ein velregulert og rein by med låg kriminalitet og låg arbeidsløyse.

Sing 2A

Sing 3

Sing 4

Sing 5

Sing 6

Religiøst liv


Regjeringa i Singapore hevdar at det er religionsfridom i landet og legg til rette for at dei ulike trussamfunna kan utøve religionen sin. Buddhismen er den religionen som har flest tilhengjarar, ca. 42,5 prosent. Deretter kjem islam med 14,9 prosent, kristendommen med 14,6 prosent, taoismen med 8,5 prosent og hinduismen med 4 prosent. Jødedommen og sikhismen er også representerte.

Dei fleste religionane samarbeider med styresmaktene og kan ta opp sine spesielle behov med dei. Men religionsfridommen gjeld ikkje absolutt. Religiøse leiarar får for eksempel ikkje lov til å stille til politiske val. Trussamfunn som forstyrrar balansen i Singapore, er heller ikkje lov. Jehovas vitne er forbodne fordi dei ikkje vil ta del i militærteneste, noko som er ei plikt for alle menn i Singapore.

 

? Kva meiner du religionsfridom er?

Sing 9

Sing 8

Sing 7

Samandrag

  • Singapore blei eigen stat i 1965.
  • Mange forskjellige folkegrupper skulle byggje den nye staten saman.
  • Alle verdsreligionane er representerte i Singapore.

 

Hugsar du?

  1. Kva for folkegrupper er størst i Singapore?
  2. Kva heiter dei tre største religionane i Singapore?
  3. Kvifor får ikkje Jehovas vitne lov til å arbeide i Singapore?

 

Til ettertanke

Kva meiner du om at religiøse trussamfunn er forbodne i enkelte land?

 

Til videre arbeid

Skriv eit lesarinnlegg om religionsfridom.