Er mennesket meir enn dyr?

M 1

? Kva meiner du kjenneteiknar eit menneske? 

 

Kva skal du lære?


Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

•      beskrive hovudtrekka ved naturalismen som livssyn

 

Kva naturalismen er

M 2

Naturalisme kjem frå det latinske ordet natura, som betyr naturleg eigenskap, ting eller element. Naturalismen er eit livssyn som blei utvikla på 1800-talet.

Naturalistane meiner at det einaste som eksisterer, er det vi kan oppfatte med sansane våre, og som vi kan kontrollere gjennom vitskaplege eksperiment og forsking. Viss det er ting som hender i naturen som vi ikkje kan forklare, meiner dei det skuldast at vitskapen ikkje er kommen langt nok. Gjennom forsking vil vitskapen utvikle nye metodar slik at alle naturfenomen etter kvart kan bli forklarte. Det finst ingen gud eller andre åndelege krefter. Naturalismen er derfor eit ateistisk livssyn.

Naturalistane legg vekt på finne eller avdekkje kva for lover som gjeld i naturen. Denne kunnskapen har ført til at vi har utvikla ein teknologi som gjer at mennesket kan beherske naturen i stadig sterkare grad. Naturalistane er ikkje berre opptekne av naturlovene, men også av kva for lover som styrer den økonomiske utviklinga og utviklinga i samfunnet.

  


Veit du at i dag arbeider forskarar blant anna med metodar som dei håper vil gjere mennesket i stand til å kontrollere og styre orkanar dit dei gjer minst skade.

M 3

Menneskesyn

M 4

M 5

Naturalismen ser på mennesket som ein del av naturen og som den mest avanserte dyrearten på jorda. Bakgrunnen for dette er utviklingslæra som først blei presentert av Charles Darwin. Han hevda at alle former for liv kjempar for å overleve i naturen. Berre dei formene som best tilpassar seg, kan overleve, mens dei andre døyr ut.

M 6A

Mennesket er eit resultat av ein lang utviklingsprosess. Det står øvst på stigen over dei andre dyreartane på grunn av den store hjernen og intelligensen sin, men naturalistane meiner at det ikkje er nokon kvalitetsforskjell mellom menneske og dyr. Det er berre snakk om grader.

M 6

      

       

Mange menneske som trur på ein gud, meiner også at utviklingslæra kan vere rett, men at det er Gud som står bak.

Mennesket er også underlagt lover for utviklinga og er berre eit produkt av arv og miljø. Arveanlegget eller gena legg føresetnaden for kva menneske kan gjere, og for korleis vi er.

Nokre naturalistar meiner at mennesket, som andre dyr, eigentleg ikkje har frie val. Det vi gjer, er bestemt av dei føresetnadene vi har og det samfunnet vi lever i. Det viktige for naturalistane blir å finne ut kva for forhold som påverkar mennesket si utvikling. Gjennom genforsking kan vi finne ut kva for funksjon dei forskjellige gena har, og det gir høve til å tilpasse mennesket betre til det samfunnet vi lever i.

Det miljøet mennesket veks opp i og som omgir det, er også viktig for mennesket si utvikling. Ein del naturalistar meiner at det ikkje finst indre årsaker til mennesket si åtferd. Når mennesket veks opp i eit godt miljø, vil det også få det bra. Viss det er noko mennesket ikkje får til, for eksempel når det gjeld oppførsel saman med andre, kan det lærast. Grunnen til at nokon blir kriminelle, skuldast derfor at dei har vore utsette for ein dårleg påverknad frå andre eller har hatt dårlege oppvekstvilkår.

M 7

? Kvifor trur du at nokre menneske blir kriminelle?

 

Ein annan som har påverka det naturalistiske synet, er psykologen Sigmund Freud. Han såg mennesket som eit resultat av driftene og lystene sine, særleg seksualdrifta. Viss mennesket får tilfredsstilt driftene og lystene sine, vil det vekse opp og bli lykkeleg og harmonisk. Viss driftene blir undertrykte gjennom oppdraginga eller av samfunnet rundt, kan menneskesinnet bli skadd.

Freud meinte at mennesket hadde forskjellige forsvarsmekanismar mot det som var ubehageleg. Ein slik forsvarsmekanisme var å fortrengje det ubehagelege. Dette blei da lagra i undermedvitet og kunne påverke korleis mennesket seinare handla. Freud meinte at det gjekk an å avdekkje korleis menneskesinnet var gjennom psykoanalyse.

M 8

Rett og gale

M 9

Innanfor naturalismen finst det ikkje nokon reglar eller normer som er absolutte og evige. Naturalistane forsvarer for eksempel ikkje eit absolutt menneskeverd. Kva som er rett og gale, endrar seg over tid. Det er viktig at vitskapen vil kunne leggje fram nok fakta til at mennesket kan ta dei rette avgjerslene. Ein del naturalistar opnar for å vurdere menneske ut frå kva verdi dei har. Uttrykk som «ein kvar er si eiga lykkes smed» inneber eit syn på at mennesket må klare seg sjølv og ikkje er avhengig av andre.

 

Samandrag

  • Naturalismen oppstod på 1800-talet.
  • Det viktigaste er å avdekkje lovene i naturen, økonomien og samfunnet.
  • Det finst ingen gud eller andre krefter utanfor naturen som mennesket kan erfare.
  • Mennesket er den dyrearten som har utvikla seg lengst.
  • Naturalismen har ingen moralske reglar som er evige.

 

Hugsar du?

  1. Kva meiner naturalistane er det einaste som eksisterer?
  2. Korleis ser naturalistane på mennesket?
  3. Kva for to vitskapsmenn har vore særleg viktige for naturalismen?

 

Til ettertanke


Somme meiner fri barneoppseding, med så få reglar som mogleg, er det beste for eit barn. Kva meiner du om det?

 

Til vidare arbeid


Skriv ein tekst med overskrifta «Er mennesket meir enn eit dyr?». Få fram om du støttar eller tek avstand frå eit naturalistisk syn.

Omgrep

  • Ateist Ein ateist er ein som meiner at det ikkje eksisterer nokon gud