Maria – den mest berømte kvinna i verda

  Elisabeth Wang: «Jomfru Maria tar seg av Jesusbarnet.» (1997) Elisabeth Wang: «Jomfru Maria tar seg av Jesusbarnet.» (1997)

 

 

Ei forteljing frå Mexico

Ukjent kunstner: «Vår frue av Guadalupe», malt skulptur Ukjent kunstner: «Vår frue av Guadalupe», malt skulptur  Tidleg ein morgon i 1531 drog ein fattig indianar ut på reise. Han skulle vere med i ei messe til ære for jomfru Maria. Plutseleg høyrde han nydeleg musikk i nærleiken. Ei stemme snakka frå ei høgd like ved. Indianaren gjekk for å undersøkje dette nærare. Då fekk han sjå ei vakker kvinne som stod midt i ein strålekrans av lys. Det var jomfru Maria som viste seg. Ho bad indianaren seie til biskopen at han skulle byggje ei kyrkje til ære for henne på den høgda ho viste seg. Indianaren gjekk til messe og fortalde biskopen om møtet med Maria. Men biskopen trudde ikkje på indianaren.

Seinare møtte indianaren Maria fleire gonger på den same høgda. Ho tok opp att bodskapen, men biskopen var skeptisk. Til slutt gav jomfru Maria indianaren eit teikn. Ho bad han plukke med seg blomar frå høgda der dei møttest, og gi dei til biskopen. Det viste seg at høgda var blitt ein vakker hage med mange forskjellige roser, trass i at det ikkje var årstida for at dei skulle bløme no. Indianaren plukka roser, og Maria la kvar blome til rette i kappa hans. Då indianaren velta rosene fram framfor biskopen, var det eit bilete av Maria i strålekrans på kappa til indianaren. Biskopen forstod straks alvoret. Ei kyrkje blei bygd på høgda.

Kvart år blir det feira ein stor fest over heile Latin-Amerika til ære for Maria på høgda. Kyrkja i Guadalupe i Mexico er ein av dei mest besøkte Maria-heilagdomane. Maria blir kalla Vår frue, og Vår frue av Guadalupe er skytshelgen for Mexico, for Latin-Amerika og for Filippinane. Bilete av jomfru Maria i ein strålekrans heng overalt, i kyrkjer, i bussar, på institusjonar og i mange heimar. Maria blir også kalla dronning av Mexico og keisarinne av Amerika.

 

? Kvifor trur du biskopen først ikkje trudde på indianaren?

? Kva meiner du skal til for at nokon skal tru på det du fortel?

 

Kva skal du lære?

Når du har arbeidd med dette kapitlet, skal du kunne

  • fortelje om Maria i Det nye testamentet, i katolsk tradisjon, i ortodoks tradisjon, i muslimsk tradisjon, i jødisk tradisjon og i norsk tradisjon
  • skildre nokre kunstnariske uttrykk av Maria

 

Maria, Jesu mor

Carlo Dolci: «Jomfru Marias bebudelse» (1653) Carlo Dolci: «Jomfru Marias bebudelse» (1653) Maria, Jesu mor, er kalla den mest berømte kvinna i verda. Ho har vore elska, æra og beundra i mange hundre år. Namnet Maria betyr truleg vakker. I Noreg blei namnet hennar rekna for å vere så heilag at det var forbode for andre å heite det same. Slik var det fram til reformasjonen på 1500-talet. I dag er Maria det mest vanlege namnet i den vestlege verda.

 

 

Sanzio Rafallo: «Jomfruen gifter seg» (1504) Sanzio Rafallo: «Jomfruen gifter seg» (1504) Det er mange tradisjonar knytt til Maria, Jesu mor. Alle er einige om at Maria var ei ung jødisk jente på omkring 15 år då ho på underleg vis blei gravid og fekk Jesus. Ho blei gift med tømmermannen Josef, Jesus blei fødd i Betlehem og familien budde i Nasaret. Ut over dette har dei forskjellige kyrkjesamfunna ulike tankar og tradisjonar knytte til Maria, foreldra hennar og mannen hennes, Josef.

 

 

? Kva for nokre namn er mest vanleg der du bur?

 

 

 

Maria i Det nye testamentet

Evangeliet etter Lukas i Det nye testamentet fortel at Maria høyrde til ei gammal presteslekt. Ho budde med foreldra sine i Nasaret. Det var ein landsby med rundt 200 innbyggjarar i landområdet Galilea. Maria var ca. 15 år på den tida Det nye testamentet begynner å fortelje om henne. Det var vanleg at jenter gifta seg i 15-årsalderen på den tida. Ho var lova bort til Josef. Det vil seie at dei ikkje var gift, ikkje budde saman, men var rettsleg bunden til kvarandre. Josef var frå den same landsbyen.

  Filippo Lippi: «Bebudelsen» (1460) Filippo Lippi: «Bebudelsen» (1460)

 

Ein dag fekk Maria besøk av ein engel. Lukas fortel at Gud sende engelen Gabriel til landsbyen hennar for å fortelje Maria at ho skulle bli med barn ved Den heilage ande. Ho skulle føde ein son, eit heilag barn, ein konge til evig tid. Lukas fortel at Maria blei forskrekka over bodskapen til engelen, men tok det imot i tru og gjekk inn i oppgåva.

James Jaques Joseph Tissot: «Josef søker husrom i Betlehem» (1886)
James Jaques Joseph Tissot: «Josef søker husrom i Betlehem» (1886) Englebesøket snudde opp ned på livet til Maria. Ho var trulova med Josef, men han var ikkje far til barnet ho skulle føde. Det var eigentleg dødsstraff på den tida å bli gravid utanfor ekteskapet. Men Josef fekk også englebesøk. Han blei overbevist om at det var riktig å gifte seg med Maria. Då ho var høggravid, la dei ut på reise til byen Betlehem. Det var keisaren som befalte at folk skulle teljast, og dei måtte teljast i den byen slekta høyrde til. Josef var av Davids slekt som kom frå Betlehem. Det var ei lang reise frå Nasaret til Betlehem. Familien var fattig, dei gjekk på beina, i beste fall hadde dei eit esel som Maria kunne sitje på.

Det var vanskeleg å finne husrom i Betlehem, for mange var ute i same ærend. Dei fann til slutt eit tilhaldsstad, og Maria fødde guten sin. Bibelen fortel om englekor på nattehimmelen, og om gjetarar som tilbad den nyfødde. Nokre vismenn frå Austen følgde ei stjerne som viste veg til dette underlege barnet.

 

Elisabeth Wang: «Maria og Josef ser på barnet sitt.» (1995) Elisabeth Wang: «Maria og Josef ser på barnet sitt.» (1995) Idyllen rundt krybba der guten låg, varte ikkje lenge. Kongen i landet, Herodes, hadde fått høyre at det var fødd eit kongebarn i Betlehem. Herodes var ikkje interessert i å få ein rival og sende ut beskjed om å drepe alle gutebarn i området. Då var den vesle familien med Jesusbarnet allereie på veg til Egypt. Ein engel bad dei skunde seg av garde.

 

 

Jean Adrien Mercier: «Maria, Josef og Jesusbarnet - flukten til Egypt» (1947) Jean Adrien Mercier: «Maria, Josef og Jesusbarnet - flukten til Egypt» (1947) Neste gong Det nye testamentet fortel om Jesus, er då han saman med familien sin drog til hovudstaden Jerusalem for å feire påske. På heimvegen fann ikkje foreldra guten i reisefølgjet. Maria var bekymra. Dei leita overalt og fann han til slutt i tempelet der han sat i samtalar med dei religiøse leiarane og overgjekk dei i klokskap. Foreldra undra seg. Jesus blei med heim og var til glede for Gud og menneske, fortel Lukas.

Truleg blei Maria tidleg enke, for vi høyrer ikkje om Josef i Jesu vaksne liv. Det er ikkje mykje det står om Maria heller. Men ho var ein gong med Jesus og disiplane i bryllaup. Der gjorde Jesus sitt første under. Han gjorde vatn til vin, og Maria hadde ein finger med i spelet.

Det nye testamentet fortel at Maria stod ved korset då Jesus døydde der. Ho sørgde saman med vennene. Ho opplevde også Jesu oppstandelse og var med i den første kristne kyrkjelyden.

Dei lutherske kyrkjenes tenkning om Maria er slik vi kan lese om henne i Det nye testamentet. Ho fekk fire søner etter at Jesus blei fødd og eit ukjent tal døtre. Maria er eit førebilete i tru og lojalitet. Ho blir sett på som ei sterk og modig kvinne.

 

? Korleis trur du det kan ha vore å vere mor til ein så spesiell gut som Jesus var?

 

Maria i biletkunsten

Hans Tieffenthal: «Vår Frue» (1430) Hans Tieffenthal: «Vår Frue» (1430)

 

Kva tenkjer du at dette biletet uttrykkjer?

 

Maria blir i kunsten oftast framstilt med raud kjole og blå kappe over. Nokre gonger er kjolen blå og kappa raud. Raudt er kjærleikens, menneskas og jordas farge. Det er også martyrfargen, noko som viser til at sonen hennar døydde som martyr. Blått er fargen til himmelen og trua. Det symboliserer at Maria trudde på Gud og på sonen Jesus.

I nokre kunstuttrykk er Maria framstilt i purpurraud kjole eller kappe. Det symboliserer at ho som mor til Jesus blir rekna som himmeldronning. Ho kan også ha krone på hovudet. Det er ofte ei kvit lilje på bilete av Maria. Spesielt på bileta der engelen Gabriel kjem til henne med bodskap om at ho skal føde Guds son, Jesus. Lilja symboliserer det som er reint og jomfrueleg. På kjolen eller kappa til Maria er det ofte malt stiliserte liljer. Rosa blir også rekna som Marias blome.

Det er mange kunstnariske uttrykk av Maria, Jesu mor. Dei har betydd mykje i mange sitt trusliv. Mor med barn er eitt av vanlegaste kunstuttrykka i den vestlege verda.

 

Maria i katolsk tradisjon

Ukjent kunstner: Statue på toppen av Fourviere-basilikaen Ukjent kunstner: Statue på toppen av Fourviere-basilikaen

Den katolske kyrkja byggjer si lære om Maria på Det nye testamentet og på andre heilage skrifter og tradisjonar. Ei sentral kjelde er Jakobsevangeliet, ei skrift som ikkje står i Bibelen. Der blir det fortalt at foreldra til Maria heitte Anna og Joakim. Dei budde i Jerusalem, var rike og av Davids slekt. Men dei var lenge barnlause. Det var ei stor belasting, for det var ei skam å ikkje få barn i den tidas samfunn. Dei bad inderleg til Gud, han greip inn på underleg vis, Anna blei gravid og fødde Maria. Frå Maria var tre år budde ho i tempelet i Jerusalem. Ho voks opp saman med prestane og fekk mat av ein engel.

Då Maria var 12 år, blei ho gifta bort til Josef. Han var ein aldrade enkemann med barn frå første ekteskap. Maria og Josef hadde aldri noko seksualliv. Dei brørne og systrene vi les om i Det nye testamentet, var barn Josef hadde frå tidlegare. Engelen Gabriel oppsøkte Maria og sa at ho skulle få eit spesielt barn. Ho fødde Jesus utan smerte og utan å bryte jomfrudommen sin, i ei hole utanfor Betlehem.

  Guido Reni: Josef med Jesusbarnet (1626) Guido Reni: Josef med Jesusbarnet (1626)

 

Ung kvinne ber med rosenkrans Mange katolske kristne bruker rosenkransen når dei ber. Ei av bønnene dei ber, er Ave Maria: Hill deg, Maria, full av nåde, Herren er med deg, velsignet er du blant kvinner, og velsignet er ditt livs frukt, Jesus. Hellige Maria, Guds mor, be for oss syndere, nå og i vår dødstime. Amen.

I katolsk tradisjon var Maria jomfru heile livet. Ho blir rekna som syndfri og er eit bilete på det reine og fromme. Maria er kalla Guds mor, gudfødersken, himmeldronninga og mor til kyrkja. Katolske kristne ber til Maria om forbøn hos Gud. Ho kan gripe inn i livet til menneske, snakke med dei og gjere under. Ho har også vist seg for mange menneske, som for eksempel for indianaren i Mexico slik det blir fortalt om i innleiingsteksten.

Maria er den fremste helgenen etter Jesus. Ho er eit førebilete fordi ho høyrde på orda til engelen Gabriel, trudde på det engelen sa og handla etter det. I Den katolske kyrkja er det mange festar og merkedagar til ære for Maria, som for eksempel fødselsdagen til Maria, at Maria fekk bodskapen om Jesu fødsel og at Maria kom opp til himmelen. Maria blir rekna som vernar for kvinner og fattige.

  

Maria i ortodoks tradisjon

  Ukjent kunstner: Ikon i en russisk-ortodoks kirke Ukjent kunstner: Ikon i en russisk-ortodoks kirke

Kva tankar får du om Maria ut frå dette biletet?

 

Den ortodokse tradisjonen har mykje av den same tenkinga som den katolske. Ortodokse kristne bruker aldri namnet Maria, men Guds mor. Ho blir også kalla den aller heilagaste jomfru.

Ikon er eit kjenneteikn ved ei ortodoks kyrkje. Eit ikon er eit bilete, men det er meir enn eit bilete. Det er ei heilag framstilling i form og farge måla etter spesielle reglar. Ikona er kalla bøn, og dei formidlar noko heilagt. Ortodokse kristne ser på ikona, ærer dei og ber til helgenane som ikona framstiller. Dei ortodokse kristne opplever også at dei blir sett og velsigna av helgenane på ikonet.

Etter Jesus Kristus, er den mest vanlege framstillinga på ikona Guds mor med sonen i armkroken. Jesusbarnet er framstilt med eit vakse ansikt for å vise at han allereie som barn var fylt av guddommeleg visdom. Han hevar den høgre handa si for å velsigne dei som ser på. Ei gruppe ikon er kalla vegvisarar. Guds mor lener hovudet mot Jesus og peiker på han med si høgre hand for å rette merksemda bort frå seg sjølv mot Jesus. På den måten viser ho veg til Jesus.

Ikon finst i alle ortodokse kyrkjer og i ortodokse heimar. I andre kyrkjesamfunn og i kristne heimar blir ikon stadig meir vanleg.

 

 

Maria i islamsk tradisjon

Koranside fra Tyrkia, 1500-tallet. Koranside fra Tyrkia, 1500-tallet.

Maria er nemnt fleire gonger i Koranen enn i Bibelen. I muslimsk tru blir Jesus rekna som menneske og profet, ikkje som ein del av guddommen. Maria er mor til Jesus.

Koranen fortel at Maria var dottera til Imran. Ho var rein, audmjuk og utvalt, og voks opp blant prestane i heilagdomen i Jerusalem. På eit tidspunkt trekte ho seg tilbake og blei oppsøkt av engelen Jibril, som Gabriel blir kalla på arabisk. Han sa at Maria skulle føde ein son, og ho innretta seg slik Gud ville.  

Koranen fortel at Maria levde aleine på ein aude stad under svangerskapet og fødde i ly av eit palmetre. Då Maria skreik i fødselssmerter, gjorde den nyfødde Isa eit under. Isa er Jesus på arabisk. Han fortalde om ein bekk som strøymde fram ved føtene hennar og om friske, modne dadlar i palmetreet rett over hovudet hennar. Då Maria seinare drog heim til familien med den nyfødde, klandra dei henne for å ha fått et barn utanfor ekteskapet. Då gjorde barnet eit nytt taleunder. Han forklarte om profetoppgåva og forsvarte Maria sin reinleik.

 

Maria i jødisk tradisjon

James Jaques Joseph Tissot: «Den hellige jomfruen» (1880) James Jaques Joseph Tissot: «Den hellige jomfruen» (1880)

Maria og familien hennar var jødar. Den jødiske bibelen er Tanach og inneheld dei bøkene vi finn i Det gamle testamentet, men med ei anna vekt og rekkjefølgje. Jødane kallar ikkje si heilage skrift for Det gamle testamentet. Det føreset at Det nye testamentet finst. Det meiner jødisk tru ikkje stemmer. Det betyr at Maria og Jesus ikkje har nokon plass i jødisk tradisjon. Jødane meiner at Jesus ikkje er den Messias dei ventar skal kome. Truleg var han son av ein jødisk soldat.

 

Nokre tradisjonar i norsk kulturliv

Altertavlen i Mariakirken i Bergen. Kirken er fra 1170. Altertavlen i Mariakirken i Bergen. Kirken er fra 1170.

Då kristendommen kom til Noreg frå 800-talet, var det den katolske trura og tradisjonen som fekk fotfeste. Det varte fram til reformasjonen på 1500-talet. Det finst mange spor i kulturarva frå den tida då kyrkja i landet var katolsk.

Fleire kyrkjer i landet er kalla Vår frue kirke, for eksempel i Trondheim. «Vår frue» er Maria, og kyrkja er frå katolsk tid og innvigd til henne. I katolsk tid var kyrkjene utsmykka med måleri og skulpturar av blant andre Maria med barnet. Nokre av desse blei øydelagde då reformasjonen blei innført i 1537, men fleire er tekne vare på. Mariakirken i Bergen er eit eksempel på ei kyrkje som i dag framstår slik ho var frå katolsk tid. Ho blei bevart fordi det var handelsfolk med katolsk bakgrunn i byen som eigde ho.

Mange blomar og plantar har fått namn etter Maria. Ei av dei er den kvite madonnalilja. Kvitt symboliserer glede, det reine og det heilage. Den er eit symbol for jomfru Maria. Ei legende fortel at det voks madonnaliljer i fotspora til Maria då ho som høggravid reiste frå Nasaret til Betlehem. Dei voks også i fotspora til den vesle familien då Maria, Josef og barnet flykta til Egypt. Innimellom tornekrattet på vegen voks kvite madonnaliljer fram. Det blir også fortalt at safta i blada og stilkane til planten skal ha lækjande kraft. Dette oppdaga romerske soldatar og brukte denne safta når dei blei skada i krig.

Det finst mange legender, eventyr og forteljingar knytte til Maria. Det blir fortalt at ein bjørn hjeltep Maria og barnet over ei elv då dei flykta frå Herodes. Som takk fekk bjørnen nokre dråpar av Marias morsmjølk på labben. Derfor har bjørnen næring nok til å liggje i hi heile vinteren. Blada på ospetreet ser ut som dei skjelv når vinden blæs på dei. Ei legende fortel at nokre ospetre ikkje gav ly til den vesle familien på flukt. Dei skjelv fordi dei er redde for kva straff dei kjem til å få.

 

Maria-skulptur i Oslo Domkirke

 

Samandrag

  • Vår frue av Guadalupe er skytshelgen for Mexico, for Latin-Amerika og for Filippinane.
  • Maria har vore elska, æra og beundra av menneske i hundreår.
  • Maria er det mest brukte namnet i vestlege kulturar.
  • Engelen Gabriel fortalde at Maria skulle føde Jesus, eit heilag barn, ein konge til evig tid.
  • Jesus blei fødd i Betlehem, barnet blei tilbede av gjetarar og vismenn.
  • Familien måtte flykte til Egypt fordi kong Herodes ville drepe barnet.
  • Maria var ein del av den første kristne kyrkjelyden.
  • I kunsten er ofte Maria framstilt med raud kjole og blå kappe.
  • I Den katolske kyrkja er Maria kalla Guds mor, himmeldronninga og mor til kyrkja. Katolske kristne ber til Maria om forbøn hos Gud.
  • Eit ikon er eit heilag bilete måla etter bestemte reglar.
  • Guds mor, vegvisaren, er blant dei vanlegaste ikona i ortodoks tradisjon.
  • Maria er nemnt fleire gonger i Koranen enn i Bibelen.
  • Maria og Jesus har inga vekt i den jødiske tradisjonen.
  • Det er mange spor i norsk kultur frå tida då kyrkja i landet var katolsk.

 

Hugsar du? 

  1. Kvifor er Maria skytshelgen for Mexico?
  2. Kvifor er Maria kalla den mest berømte kvinna i verda?
  3. Skriv nokre nøkkelord om Maria slik ho blir omtala i Det nye testamentet.
  4. Korleis er Maria ofte framstilt i kunsten?
  5. Lag nokre spørsmål til avsnittet Maria i katolsk tradisjon. La ein medelev svare på spørsmåla.
  6. Kva er eit ikon?
  7. Studer ikonet av Guds mor, vegvisaren, Sjå på kroppsspråk, fargar og Jesusbarnet. Lag ei skildring av ikonet. Bruk det du har lært frå «Maria i kunsten».
  8. Fortel om Maria i islamsk tradisjon.
  9. Kvifor har ikkje Maria og Jesus nokon plass i jødisk tradisjon?
  10. Fortel om bakgrunnen for illustrasjonane til avsnittet Nokre tradisjonar i norsk kulturliv.
  11. Lag eit tankekart over det du har lært om Maria, Jesu mor. Samanlikn tankekartet ditt med ein medelev eller lag eit tankekart saman med ein medelev.

 

Til ettertanke

  1. Kvifor trur du Maria er det mest vanlege namnet i vestleg kultur?
  2. Nasaret var ein liten landsby med rundt 200 menneske der alle kjente alle. Kva tankar trur du Maria kan ha gjort seg då ho på underleg måte blei gravid med Jesus?
  3. På den tida var brønnen eit samlingspunkt i landsbyen. Dit kom kvinnene kvar dag for å hente vatn. Kva trur du kvinnene snakka om ved brønnen då Maria var gravid?
  4. Korleis er det mogleg å ta vare på ein som er annleis på ein god måte? Til vidare arbeid
  5.  
  6. Finn meir stoff om Maria i katolsk og ortodoks tradisjon.
  7. Vel deg ut eitt av bileta i dette kapitlet. Sjå på fargar, lys, skugge og kroppsspråket til menneska. Skriv ein kommentar til biletet. Les «Maria i kunsten» ovanfor. Les også «Biletkunst i kristendommen» frå side 125 i RLE-boka/KRLE-boka. Fortel til slutt i om dine eigne refleksjonar til biletet. 

 

COPYRIGHTLISTE

01: The Virgin Mary cared for her child Jesus with simplicity and joy, 1997, Elizabeth Wang / Private Collection / ©Radiant Light / Bridgeman Images

02: Mexico, painted statue of the Virgin of Guadalupe, patron saint of Mexico, surrounded by colourful flowers, Dorling Kindersley / UIG / Bridgeman Images

03: The Virgin of the Annunciation, 1653-55, Carlo Dolci / Louvre, Paris, France / Bridgeman Images

04: The marriage of the Virgin, 1504, Raphael / Pinoteca di Brera, Milan, Italy / Mondadori Portofolio / Electa / Paolo e Federico Manusardi / Bridgeman Images

05: The annunciation, Filippo Lippi / Corsham Court, Wiltshire / Bridgeman Images

06: St. Joseph Seeks Lodging in Bethelhem, illustration for «The Life of Christ», 1886-94, James Jacques Joseph Tissot / Brooklyn Museum of Art, New York, USA / Bridgeman Images

07: Mary and Joseph look with faith on the child Jesus at his Nativity, 1995, Elizabeth Wang / Private Collection / ©Radiant Light / Bridgeman Images

08: The Flight into Egypt: Jesus, with Virgin Mary, Joseph, on donkey, 1947, © Jean Adrien Mercier / BONO 2015 / Photo ©Collection Gregoire / Bridgeman Images

09: Our lady of the Strawberries, Hans Tieffenthal / DEA PICTURE LIBRARY / Getty Images

10: Saint Joseph with the Child, 1626-30, Guido Reni / Mondadori Portofolio / Electa / Vivi Papi / Bridgeman Images

11: Statue on top of Fourviere basilica, Godong / UIG / Bridgeman Images

12: Young woman praying the rosary, Godong / UIG / Bridgeman Images

13: Icon in Mary Magdalene Russsian orthodox church on Mount of olives, Godong / UIG / Bridgeman Images

14: Folio from a Koran, Turkey Ottoman period, Turkish School, Arthur M. Sackler Gallery, Smithsonian Unrestricted Trust Funds, Smithsonian / Collections Acquisition Program, & Dr. Arthur M. Sackler / Bridgeman Images

15: The Holy Virgin as a Girl, James Jacques Joseph Tissot / Jewish Museum, New York, USA / Bridgeman Images

16: Altertavle, Mariakirken i Bergen, Eirik Brekke / BT / NTB scanpix

17: Maria i Oslo Domkirke